Fylkeskommunen kan tape 80 millionar kroner på private skular: – Dramatisk

1 day ago 8


– Samla kan dette utgjere 567 elevplassar og ein reduksjon på 80 millionar kroner for fylkeskommunen. Det kan føre til ein dramatisk reduksjon for fylkeskommunen for å gje eit kvalitativt og breitt skuletilbod i alle regionar framover, skriv fylkeskommunedirektør Tron Bamrud.

Det var i fjor haust at seks vidaregåande skular i Innlandet vart vedteke lagt ned.

Sidan har det vorte jobba med fleire private initiativ for å etablere offentleg godkjende private skular i fylket. Dersom dei blir godkjende får skulane 85 prosent i tilskot frå staten.

Fylkeskommunen vil da miste rammeoverføringar frå staten for kvar elev som startar på privat skule. Ifølge fylkeskommunens eigne tal kan dei tape 80 millionar kroner.

Gina Thoresen Faraas, prosjektleiar for privat vidaregåande skule i Solør, meiner tvert imot at skulane vil styrke fagtilbodet og fylkeskommunen vil spare millionar.

Les heile tilsvaret nedst i artikkelen.

Skoledemo-Hamar

Det var ei kraftig mobilisering i oktober i fjor framfor fylkeshuset i Hamar da fleirtalet av fylkespolitikarane vedtok å leggje ned seks skular i Innlandet.

Foto: Frode Meskau / NRK

Skal behandlast politisk

Men for å bli godkjende av Utdanningsdirektoratet (Udir) har stemma til vertsfylket mykje å seie.

Derfor ligg det no tre søknader frå private skular i Lom, Moelv og Flisa inne til politisk behandling i fylkeskommunen.

Det er i saksdokument til denne behandlinga nye opplysninger i skulesaka kjem fram.

– Etablering av desse private skulane vil innebere ein markant reduksjon i elevtalet i den offentlege vidaregåande skulen. Det vil også svekke fylkeskommunens økonomiske handlingsrom, skriv Bamrud vidare.

Skoledemo

I fjor la fleirtalet av politikarane i Innlandet fylkesting frå Ap, Høgre og MDG ned seks skular. No skal dei behandle søknader frå private skular.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Dei tre private skulane fylkespolitikarane skal ta stilling til i Innlandet i nærmaste framtid er:

  • Feiring vidaregåande skule AS på Moelv.
  • Jotunheimen vidaregåande skule AS i Lom.
  • Solør private vidaregåande skule AS på Flisa.

Bamrud skriv i si saksinnstilling at konsekvensane for skuletilbodet i fylket kan bli dramatiske.

Storgata i Moelv med kongleskulptur i rundkjøringen.

Moelv kan få ein ny vidaregåande skule frå hausten 2026.

Foto: NRK

Fylkeskommunedirektøren: Lom kan skade Otta og Vinstra

For Nord-Gudbrandsdal sin del vil eit privat skuletilbod i Lom gjere det vanskeleg å opprette tilbodet for studiespesialisering på Otta i framtida.

– Det sett heile skulens økonomiske grunnlag i fare, skriv Bamrud.

Fylkeskommunedirektøren peiker også på at det kan bli konsekvensar for studietilbodet bygg- og anleggsteknikk på Vinstra vidaregåande skule.

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule

Studietilbod ved den vidaregåande skulen på Otta kan stå i fare, meiner fylkeskommunedirektøren.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth

Jotunheimen vidaregåande skule søker om etablering med 120 elevplassar og eit kristent livssynsgrunnlag.

Her kan elles spørsmål om salssum på eit skulebygg som fylkeskommunen eig ende i rettssystemet.

  • Skulenedleggingane har vekt eit kraftig engasjement, og fleire personar og bedrifter har gjeve ein million kroner:

Vil flytte vidaregåande skule til Moelv

Sakene skal opp til politisk behandling i fylkestinget 17.–19. juni.

Måndag var saka oppe i administrasjonsutvalet og i saksdokumenta kjem det fram at Feiring vidaregåande skule vil etablere seg i Moelv.

Privatskulen vart godkjend i 2018, men no vil dei flytte frå Eidsvoll kommune i Akershus til Moelv og Innlandet.

Dei har skrive intensjonsavtale med Arbeiderbevegelsens Folkehøgskule Ringerike AS som eig eigedomen i Moelv.

Målet er å starte hausten 2026. Sidan dei bytter fylke må ny søknad bli godkjend ifølge Udir.

Elever demonstrasjon foran fylkeshuset i Innlandet i Hamar.

I fleire kommunar har skulenedleggingane frå oktober i fjor vekt stort engasjement. No skal politikarane kome med høyringssvar til dei private skulesøknadene som er inne.

Foto: Knut Erik Røsrud / NRK

Skulen søker om 267 elevplassar i Moelv og drivast på ideell basis av Stiftelsen Krokeide. Dei kan berre ta inn elevar med nedsett funksjonsevne og lærevanskar.

Også her tilrår fylkeskommunedirektøren at søknaden blir avslått sidan det vil svekke det offentlege skuletilbodet i Innlandet.

– Søkjarar frå heile Innlandet vil ha moglegheit til å søke seg til skulen. Det vil kunne påverke tilbodsstrukturen i Innlandet, skriv Bamrud i saksinnstillinga.

Vil også avslå søknaden frå Solør

Solør private vidaregåande skule søker om 180 elevplassar. Også her foreslår fylkeskommunedirektøren overfor politikarane å avslå søknaden.

Bamrud anslår at fylkeskommunen kan miste 26 millionar kroner dersom søknaden frå Solør blir innvilga.

– Det står fram heilt klart at privatskulesøknaden kjem som ei direktefølgje av at fylkeskommunen vedtok å leggje ned den offentlege vidaregåande skulen. Det er eit ynskje lokalt om å oppretthalde skuletilbod i kommunane, skriv Bamrud.

Skoledemo-Hamar

Elevar frå Solør kjempa for skulen sin i fjor. No kan det bli eit privat skulealternativ på Flisa frå hausten.

Foto: Frode Meskau / NRK
  • Fylkespolitikar i Innlandet meiner fleire privatskular kan skade dei andre skulane:

– Skulane vil styrke fagtilbodet

Gina Thoresen Faraas, prosjektleiar for skulen i Solør, er ikkje overraska over det fylkeskommunedirektøren skriv.

– Dette er heilt i tråd med det vi forventa. Det ville vore sjokkerande om standpunktet vart skifta no. Vi har teke høgde for dette og har alternative planar for oppstart der vi skal samarbeide med Akademiet, seier Thoresen Faraas.

Gina Thoresen Faraas

Gina Thoresen Faraas, prosjektleiar for privat vidaregåande skule i Solør.

Foto: Terje Gording Hong / NRK

Ho fortel at dei aldri kjem til å gje seg og har ei klar oppfordring til politikarane.

– Politikarane er ikkje i posisjon til å avslå noko. Dei skal kome med eit høyringssvar.

Desse skulane blir lagt ned frå hausten.

Ho meiner tvert imot at dei private skulane vil vere ein beriking for heile fylket og vil styrke fagtilbodet.

– Når det gjeld det økonomiske sparer fylkeskommunen mykje når ein ser alle millionane som skal brukast på oppussing, utbygging og så vidare.

Saka vart behandla politisk i administrasjonsutvalet i Innlandet fylkeskommune måndag 2. juni.

Vidare skal den opp til politisk behandling i hovudutval for utdanning 11. juni og til slutt i fylkestinget 17.–19. juni.

Hei!

Takk for at du leste artikkelen. Vi prøver heile tida å skrive relevante nyheitssaker. Om du har eit tips vi bør sjekke opp eller ein sak du meiner vi må omtale er det berre å ta kontakt. 

Publisert 03.06.2025, kl. 10.09

Read Entire Article