Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_0b55030d1a57a4a67d27ef2c1225e743, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Fylkeskommune må betale 460.000 kroner for juletre – i Skottland - NorwayToday

Fylkeskommune må betale 460.000 kroner for juletre – i Skottland

1 day ago 6


Det er ikkje gull, alt som glimrar.

Men det grøne, glitrande treet i Edinburgh er verd si vekt i gull.

Vestland fylkeskommune har nemleg fått ein faktura på 33.312 britiske pund for ei juletre-gåve i 2024.

Fylkeskommunen må altså betale nær 460.000 – fire hundre og seksti tusen – norske skattekroner.

For eitt enkelt juletre, hogd i Skottland og sett opp i Edinburgh.

Treet er ei årleg gåve til byen som takk for hjelpa under andre verdskrig – på same vis som Oslo sender ei julegran til London årleg.

NRK har fått sjå fakturaene frå Skottland. Kostnadane fordeler seg slik.

  • 5000 pund til konsulentfirmaet Thomas & Adamson
  • 21.000 pund til firmaet Field & Lawn for «installering og demontering»
  • 1760 pund for nye juletrelys
  • 5552 pund i moms

Edinburgh 1 - med Jacob Nødseth

Politikarar frå Vestland har pleid å dra til Skottland i samband med juletre-gåva. Her er Jacob Nødseth saman med fleire representantar frå byen. Politikarane drog ikkje i 2024, og bildet er frå året før.

Foto: Vestland fylkeskommune / NRK

– Ikkje berre ei utgift

– Dette fremstår som svært, svært dyrt, seier Jacob Nødseth (V), leiar i kulturutvalet i fylkeskommunen.

Han seier likevel at juletreet «ikkje berre er ei utgift».

– Det er noko som har betydeleg verdi for Vestland – som er ein region som ser ut i verda, seier Nødseth.

Men han kan ikkje forstå korleis eit juletre kan koste nær ein halv million.

Jacob Nødseth (V) i Kinn.

Jacob Nødseth (V) kan ikkje forstå korleis eit juletre kan koste nær ein halv million.

Foto: Bård Siem

– Det er eit godt spørsmål, som vi så langt ikkje har fått gode svar på, seier han.

NRK har spurt myndigheitene i Edinburgh om kvifor prislappen er så høg, førebels utan å få svar.

Tidlegare vart juletreet sendt frå Noreg, men etter 2008 har det blitt hogd ei gran lokalt i Skottland. Treet i 2024 var 18 meter høgt.

Juletre Edinburgh

Treet har vore ei gåve sidan 80-talet. Først frå Voss kommune, så Hordaland og no Vestland. Her frå eit tidlegare år.

Foto: Vestland fylkeskommune / NRK

200.000 på konsertar

I tillegg til juletreet spanderer Vestland fylkeskommune ein stor julekonsert i St. Giles-katedralen i Edinburgh.

Da sender fylkeskommunen musikarar frå Vestland som opptrer saman med skottar.

– Det er ei populær hending i adventstida i Edinburgh, seier Morten Ekerhovd, direktør kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune.

– Der bruker fylkeskommunen cirka 200.000 kroner?

– Ja, vi bruker cirka 200.000.

– Inkludert tilsvarande opplegg på Orknøyene, i Magnus-katedralen, legg han til.

Det er nemleg ikkje berre Skottland som får gåver av Vestland fylkeskommune.

Også Orknøyane får konsert og juletre av fylkeskommunen. Det er ei gran som fylkeskommunen omtalar som eit «vestlandstre» – sjølv om det er hogd i Grimstad.

Edinburgh 2 - med Sigrid Moldestad

Her er fleire norske musikarar i Edinburgh for å delta på Royal Norwegian Advent Concert i St. Giles-katedralen.

Foto: Vestland fylkeskommune / NRK

Finn ikkje fakturaer

Da fakturaen frå Skottland kom, innsåg fylkeskommunen at kostnaden har gått over trestokk og stein.

Vestland har nemleg stram økonomi. No skal fylkestinget bestemme om dei skal finne «ei juletregåve som er meir økonomisk berekraftig».

Men kor mykje juletregåvene har kosta dei siste åra, er uvisst. Administrasjonen i Vestland skriv nemleg:

«Fylkesdirektøren har ikkje lukkast med å finne detaljar om betaling frå Vestland, og av kva konto juletregåvene har vore dekka av etter samanslåinga. Siste dokumenterte utbetaling til Edinburgh er frå 2012 og 2013».

I 2012 kosta juletreet 2100 pund.

«Dette inneber at dei årlege kostnadene for juletreet i Edinburgh er meir enn tidobla i løpet av desse 12 åra», skriv fylkeskommunen.

Jon Askeland

Jon Askeland (Sp) fekk bakoversveis av rekninga.

Foto: Leif Rune Løland

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) seier han også fekk bakoversveis av rekninga.

– Det kan tyde på at det ikkje har vore skikkeleg kontroll på det i nokre år, seier han.

Gåva til Orknøyane kjem imidlertid til å fortsette som i dag, ifølge eit vedtak frå kulturutvalet. I 2024 kosta dette juletreet 20.000 kronar.

I 2022 vart venskapsavtala med Orknøyane trass alt vedteken å vare «til evig tid».

No er fylkeskommunen i dialog med Edinburgh City Council for å få spesifisert kostnadane i detalj og for å undersøke om det er mogleg å redusere prisen.

Publisert 02.06.2025, kl. 05.18

Read Entire Article