Funnen skuldig i trippeldrap med soppforgifta biff

7 hours ago 2


Australske Erin Patterson blei funnen skuldig måndag morgon, etter ei rettssak som har fått mykje merksemd.

Juryen på 12 har etter ei vekes diskusjon blitt einige om at Patterson drap tre av ektemannens slektningar, samt prøvde å drepe ein fjerde, ved å servere dei giftig sopp til lunsj.

Den 50 år gamle kvinna risikerer no livstid i fengsel, skriv The Sydney Morning Herald.

Rosa blomster på ei grav til ekteparet Donald og Gail Patterson

Grava til Don og Gail Patterson, svigerforeldra til Erin Patterson.

Foto: WILLIAM WEST / AFP / NTB

Biff Wellington til lunsj

Historia startar nesten to år tilbake i tid, i småbyen Leongatha.

Der hadde Patterson invitert ektemannen sin, Simon Patterson til lunsj. Dei to hadde lite kontakt på dette tidspunktet, og han avviste invitasjonen.

Erins svigerforeldre, Gail og Don Patterson, var derimot til stades. Det var også Gails søster, Heather Wilkinson, og mannen hennar Ian Wilkinson.

Ekteparet Don og Gail Patterson døde etter å ha spist giftig sopp, ifølge obduksjonsrapporten.

Ekteparet Don og Gail Patterson døde etter å ha fått servert biff Wellington med dødeleg flugesopp i.

Foto: Privat

Erin Patterson serverte biff Wellington, ein klassisk engelsk rett, til gjestane – ein individuell porsjon til kvar.

Dagen etter blei dei fire gjestane lagde inn på sjukehus.

Dei hadde alle symptom på forgifting frå grøn flugesopp, ein sopp som er dødeleg giftig sjølv berre i små mengder, også etter å ha blitt kokt eller steikt.

Innan ei veke var gått, døydde tre av dei: Gail, Don og Heather.

Heather Wilkinson døde, mens ektemannen Ian overlevde.

Heather Wilkinson døydde, medan ektemannen Ian overlevde.

Foto: Privat

Ian blei alvorleg sjuk, men overlevde etter to månadar på sjukehuset. Han var blant dei som vitna i rettssaka mot Patterson.

Der sa han at tallerkenen hennar hadde hatt ein annan storleik og farge enn dei andre.

Meir enn 50 vitne

Rettssaka har gått over to månadar, og meir enn 50 vitne har forklart seg.

Aktor Nanette Rogers la fram bevis på ei veksande konflikt, mellom anna over foreldrerett, mellom Patterson og ektemannen, skriv The New York Times.

Rogers framheva at Patterson fann på ein kreftdiagnose, som ho brukte som unnskyldning til å halde lunsjen.

Grønn fluesopp

Grøn flugesopp er dødeleg giftig, også i små mengder, og sjølv om han er kokt eller steikt.

Foto: Gro Gulden/Botanisk museum

Ho skal også ha forfalska symptom slik at det såg ut som ho sjølv hadde ete soppen. I dagane etter lunsjen, kvitta ho seg med tørkeapparatet ho brukte til å tørke soppen, noko ho så laug til politiet om å ha gjort.

– Det var ho åleine som bestemte kva ho skulle lage, fekk tak i ingrediensane og gjorde klart måltidet. Valet om å lage individuelle porsjonar gav henne full kontroll over kva ingrediensar som gjekk til kvar enkelt, sa Rogers, ifølge The New York Times.

en tallerken med mat

Biff Wellington, innbakt biff, er ein klassisk engelsk rett. Bildet er ikkje tatt i samanheng med saka.

Foto: FREDERIC J. BROWN / AFP / NTB

Meiner ho er uskuldig

Erin Patterson har heile tida halde fast ved at dødsfalla skuldast eit tragisk uhell.

Ho seier at ho kan ha kome til å blanda tørka sopp som ho hadde henta i skogen saman med soppmiks frå butikken, utan å ha vore klar over at dei frå skogen var dødelege.

Patterson hevdar også at ho åt det same måltidet som gjestene, men at ho etter lunsj overåt kake som ho så kasta opp, og at dette forklarer kvifor ho greidde seg betre enn dei fire andre.

Mattørkaren kvitta ho seg med i panikk, ifølge forklaringa hennar.

En gruppe mennesker med kameraer

Pattersons forsvarar, Colin Mandy, på ut av retten. Saka har fått stor merksemd i media.

Foto: WILLIAM WEST / AFP / NTB

Australske ABC News var i rettssalen då juryen las opp avgjerda si.

Dei skriv at tårene rant hjå fleire i salen, men at Erin Patterson sjølv var upåverka og viste ingen teikn til kjensler.

Ian Wilkinson var ikkje til stades for å sjå kvinna som drap kona hans bli funnen skuldig.

Publisert 07.07.2025, kl. 08.33

Read Entire Article