Aldri før har det vore fleire kampar, olympiske deltakarar og klubbar i Noreg. Boksesporten engasjerer også unge spirer.
Det er likevel ein motstandar det ikkje er lett å lausrive seg frå, nemleg fordommane.
Samrend Rush seier han er redd for å bli skadd. Han har sett fleire profesjonelle kampsportutøvarar som har fått alvorlege skadar på internett.
Foto: Thomas Ystrøm / NRKSamrend Rush er 15 år gammal. Han begynte å bokse då han var elleve år.
Han fortel at han blei mykje erta då han begynte.
– Dei trudde at eg var ein «wannabe» Mike Tyson, men eg ville berre kunne forsvare meg sjølv, seier han.
– I starten kan foreldre vere bekymra, seier trenar Morten Skarpenes.
Skarpanes sin eigen son går også på treningane. Allereie som treåring fekk han boksehanskar.
Foto: Thomas Ystrøm / NRKFor å lette på bekymringane til foreldra inviterer Skarpenes dei til å sjå på treninga.
– Då forstår dei fort at det er ikkje slåsting vi held på med, det er idrett, seier trenaren.
Det har vore fullt hos stavangerklubben lenge. Sidan nyåret har ikkje klubben tatt imot nye medlemmer.
Oppgjer med «farlege» rykte
Karwan Rush syntest det var ei glede då sonen Samrend ville begynne å bokse.
– Eg var skeptisk først. Eg var redd han skulle bli skadd, men kva er det ein ikkje kan bli skadd av, seier Rush.
Det er ein logikk nevrolog Ingunn Rise Kirkeby åtvarar mot.
For medan ein kroppsskade kan bli bra av seg sjølv, kan repeterande slag mot hovudet gi usynlege skadar som aldri går over.
Ingunn Rise Kirkeby
- Spesialist i nevrologi og nevrokirurgi.
- Overlege ved nevrologisk avdeling på Oslo universitetssjukehus.
– Hjernen er under utvikling frå fødsel av. Det er høg risiko for seinskadar på hjernen dersom ein har boksa i fleire år, seier Kirkeby.
Overlegen seier at mange og harde slag over lang tid gir ein særleg stor risiko.
– Der er gode grunnar for at knockout-regelen ikkje gjeld før ein viss alder, nemleg fordi det er farleg, forklarer overlegen.
Ifølge Kirkeby bør utøvarane vere obs på svimmelheit, kvalme og svekt syn. Symptoma kan vere teikn på hjerneristing, sjølv om ein ikkje har opplevd tap av bevisstheit.
Meiner sporten er heilt avhengig av foreldre
Karwan Rush meiner på si side at boksinga har påverka sonen på ein positiv måte.
– Har du merka noko endring i son din sida han begynte?
Rush lyser opp og svarer:
– Veldig! Han har blitt sjølvsikker, fått meir disiplin og det visast også på karakterane. Det har berre vore positivt.
Karwan hjelper sonen frå utsida av ringen med kjappe tips og tilbakemeldingar. – Gå rundt, sånn ja!
Foto: Thomas Ystrøm / NRK– Boksing har gitt meg sjølvtillit, folk respekterer meg meir og eg vil mykje heller bokse enn spele fotball, seier Samrend.
Etter at vennene hans såg han i ringen, blei dei mykje meir støttande overfor fritidsaktiviteten hans, fortel han.
Men nevrokirurgen er ikkje overtydd.
– Eg hadde ikkje støtta det om barna mine ønskte å drive med boksing, seier Kirkeby.
Visepresident for Noregs bokseforbund, Frank Walstad, stadfestar at fleire kan ha negative haldningar til sporten.
Ei vanleg oppfatning er at boksing er valdeleg, og derfor ikkje passande for barn.
12 år gammal Bastian er ikkje redd for å sparre med pappa. – Han har boksa heile livet og viser enormt potensial, seier Morten Skarpenes som er både far og trener.
Foto: Thomas Ystrøm / NRK– Eg hadde heller aldri sendt døtrene mine på noko som kanskje er farleg, seier Walstad.
Han opplever at folk forvekslar amatørboksing med organisert vald eller annan kampsport.
– Dessverre forvekslar fleire organiserte amatørboksing med proffboksing eller showboksing. Viss ein utøvar vil drive med det, må dei finne ein annan stad, forklarer visepresidenten.
Ein inkluderingsarena
– Dei toppane vi har i dag er utvilsamt ein konsekvens av ny satsing på inkludering, og det at barn og unge skal kunne leike seg framfor å sikte på toppen, seier Walstad.
– Men terskelen for å begynne med boksing er mykje høgare enn for fotball, seier han.
Samanlikna med fotball er boksemiljøet nesten 50 gonger mindre, viser tal frå Noregs idrettsforbund.
For kvar utøvar som snører på seg boksehanskane, er det eit heilt fotballag med to fulle innbytarbenkar på banen ein annan stad i landet.
Foto: Thomas Ystrøm / NRKLikevel er interessa for nisjen stor.
Boksing fangar mest av alt interessa til ungdommen. Over ein tredel av medlemmane i bokseforbundet er ungdommar i aldersgruppa 13–19 år.
– Sidan vi gjekk for ny satsing har vi sett ein stor og stødig auke blant unge, seier Walstad.
«Petes Boxing Gym» er ein av 76 klubbar i Noreg. Marietta Skalecka (23) var den einaste kvinna til stades. Ho skulle ønske det var fleire damer som torde å bli med.
Foto: Thomas Ystrøm / NRKDet er nå 76 aktive bokseklubbar i Noreg, og to utøvarar jobbar mot OL i 2028.
– Foreininga jobbar med å ufarleggjere boksing. Det er sette reglar og rammer. Dei fleste av dei er der for å forsikre helsa og tryggleiken til utøvarane, avsluttar Walstad.
Publisert 12.05.2026, kl. 16.53
















English (US)