– Det handlar om at folk kan få vera kven dei vil, og at det er greitt å lika eit anna kjønn, for eksempel. Dei fleste burde få vita om kva det er.
Det seier Klara Rauntun (12). Ho går i sjette klasse på Finstad barneskule i Lørenskog.
I samfunnsfag lærer dei denne veka om pride.
– Det er ein kul og bra månad, legg Rauntun til.
Klara Rauntun (12) sit fremst i klasserommet og følgjer med når lærar Michelle Borgen underviser om mangfald og identitet.
Foto: William Jobling / NRK– Viktigare med innhaldet
Elevane får først i oppgåve å teikna og skriva ned kva det er som gjer dei til dei. Etterpå skal dei gjera seg opp tankar om kva pride er for noko.
Lærar Michelle Borgen synest det er viktig å markere pride i skulen.
– Me må ikkje ha paradar og hurra-meg-rundt, men eit flagg i skulegarden er kjempeviktig for dei barna som kjenner seg annleise.
Michelle Borgen er lærar ved Finstad skule. Ho meiner at innhaldet i pride er viktigare enn feiringa.
Foto: William Jobling / NRKSjølv om timen handlar om pride, synest Borgen det er viktigare å snakka med barna om det som pride inneheld.
– Som identitet, mangfald og toleranse.
– I tråd med skulen sine verdiar
Og til nettopp det har Utdanningsdirektoratet nyleg laga ei støtteressurs som lærarar og rektorar kan bruka. Han har fått namnet «Korleis bruke pride i undervisninga?», og der heiter det at å markere pride er i tråd med skulen sine verdiar.
Det står òg at pride-månaden er eit godt høve til å gjera undervisninga aktuell og relevant, og Udir oppmodar alle skular til å bruka mogelegheita pride gir, til dette.
Det er det ikkje alle som er like nøgde med:
– Eg synest det er noko totalitært, seier stortingsrepresentant frå KrF Joel Ystebø til NRK.
Joel Ystebø (KrF) rasar mot det nye pride-skrivet frå Udir.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKHan meiner Udir går for langt i å definera kva som er mogeleg å meina rundt pride, noko han påstår at set lærarar og rektorar i ein skvis.
– Udir seier veldig tydeleg til skulen at dei bør markere pride.
Rettleiar om mobbing, KI og pride
På taket av et pride-pynta Udir-bygg i Oslo forsvarar utdanningsdirektør Morten Rosenkvist Udir sin nye støtteressurs.
Han seier at dei laga han fordi enkelte skular og lærarar har vore usikre på korleis dei skal forhalda seg til pride.
– Me skal støtta og rettleia skulane i alt frå mobbing til KI, og også pride, seier han.
– Ystebø kallar dykk totalitære og seier de pressar skulane til å markera pride. Stemmer det?
– Eg vil ikkje gå inn i det politiske her. Det vil alltid vera ulike meiningar om ressursane våre, men me har prøvd å gjere han balansert.
Utdanningsdirektør Morten Rosenkvist seier det er Udir si rolle å rettleie lærarar – i alt frå mobbing til KI og pride.
Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRKYstebø hjå KrF vedgår at det nok finst lærarar som har etterspurt rettleiing frå Udir.
– Men det er også mange lærarar som opplever at dette pressar dei.
Skeive barn meir utsette for vald
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) sa tidlegare i juni at elevar ikkje har rett på fritak frå pride i skulen.
Til NRK seier Rosenkvist at det er skulane og kommunane sjølve som avgjer om dei skal feira pride eller ikkje.
– Er det rom for ulike syn på pride i skulen?
– Udir meiner at å heisa regnbogeflagget er ein måte å visa at alle er velkomne på skulen og at det skal vera trygt for alle, avsluttar direktøren og legg til:
– Me veit trass alt at skeive barn er meir utsette for vald og trakassering.
– Ein fin ressurs å ha i botn
Tilbake på Finstad skule synest lærar Borgen at støtteressursen frå Udir er fin.
– Men eg kjem ikkje til å dra han fram og følgje han punkt for punkt.
Elevane i sjetteklasse ved Finstad skule er godt nøgde med dagens undervisning.
Foto: William Jobling / NRKHo meiner lærarar er gode på å finna ting sjølve.
– Men det er ein fin ressurs å ha i botn. Her kan lærarar som er usikre, forankra undervisninga.
Sjetteklasseelev William Løseth Håkonsen (12) er godt nøgd med det han har lært i dagens time.
– Pride er ein veldig fin månad for dei som til dømes er homofile, seier han og avsluttar:
– Eg synest det er fint at vi har det i Noreg.
Sjetteklassing William Løseth Håkonsen synest det er fint at me har pride i Noreg – og ikkje berre andre stadar i verda, seier han.
Foto: William Jobling / NRKPublisert 13.06.2026, kl. 21.45



















English (US)