Det brenn kraftig i eit hus på Askøy i Vestland, ifølgje Vest politidistrikt.
Taket har rast saman og det er høge flammar frå brannen, opplyser politiet klokka 03.30.
Politiet seier dei er i kontakt med huseigar, og opplyser at ingen er i huset.
Det skal ikkje vere spreiingsfare, opplyser Lars Petter Lovik i 110 vest.
– Det er såpass vått i terrenget, seier han til NRK.
Han at dei har fått fleire telefonar frå tipsarar og at det brenn kraftig.
Ingen er meldt skadde som følgje av brannen.