– Før vi reiste fekk vi eit råd av Olympiatoppen om å prøve og unngå kjøt så mykje som mogleg, seier friidrettsutøvar Henriette Jæger til NRK.
Saman med fleire norske lagkameratar skal 20-åringen delta i stafett-VM i kinesiske Guangzhou i mai. Før den tid spring ho også 200 meter i Diamond League-stemnet i Shanghai.
Etter innandørs-VM i Kina tidlegare i år – der også profilar som Jakob Ingebrigtsen, Sander Skotheim og Sondre Guttormsen deltok – sit Jæger igjen med éin viktig lærdom:
– Eg må ta med litt meir mat. Det var ikkje all maten der som var heilt «good». Ikkje at eg blei dårleg, men ein veit aldri, seier Jæger.
Fryktar forureina kjøtt
Bakgrunnen for rådet frå Olympiatoppen er risikoen for kontaminert mat – spesielt kjøt – som kan innehalde stoff som står på WADA sin dopingliste.
– Vi har blitt litt åtvara om at vi bør prøve å unngå kjøt, fordi dei bruker veksthormon i oppdrett av storfe, fortel Jæger si mor og trenar, Unn Merete Jæger.
HAR BLITT ÅTVARA: Unn Merete Jæger, mor og trenar for Henriette Jæger.
Foto: Beate Oma Dahle / NTBFredrik Lauritzen, avdelingsleiar for forsking, medisin og oppdrag i Antidoping Noreg, forklarer risikoen:
– I ein del land blir stoff som står på dopinglista brukt i matproduksjon, for at dyra skal vekse raskare. Viss ein utøvar et slikt kjøt, kan stoffa overførast til kroppen og vere sporbart i urin, seier Lauritzen til NRK.
Problematikken var også ein snakkis før OL i Paris:
Han seier at det inneber ein viss dopingrisiko ved å konkurrere i Kina.
– Ein kan risikere å levere ei positiv prøve. I ein del land blir brukte stoff som står på dopinglista i matproduksjon – blant anna i kjøtproduksjon. Det handlar om at dyra skal vekse raskare og gi meir kjøt per dyr. Viss ein utøvar et slikt kjøt, kan stoffa overførast til kroppen og vere sporbart i urin, forklarer han.
Dopingtrøbbel etter Beijing-OL i 2008
Lauritzen understrekar at risikoen ikkje er veldig høg, men at det har vore fleire kjente dopingsaker som følge av forureina kjøt – blant anna i Kina og Mexico.
– For eksempel klenbuterol, som er eit stoff som blir brukt i matproduksjon, kan gi utslag på dopingprøver.
Spanske Alberto Contador mista sigeren i Tour de France i 2010 etter å ha testa positivt for clenbuterol. Han la den gongen skulda på ein biff han åt i Spania.
Under OL i Beijing i 2008 var det eit liknande tilfelle, der det blei funne spor av clenbuterol hos utøvarar frå fleire land. Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) og Wada valde å ikkje forfølge sakene vidare, med tilvising til at stoffet kunne stamme frå forureina kjøt i Kina.
FORKLARER DOPINGFARE: Fredrik Lauritzen i Antidoping Noreg.
Foto: Antidoping NorgeDet er ei rekke norske løparar som skal til Kina i nær framtid. Desse deltar i stafett-VM i Guangzhou 10. og 11. mai.
- Josefine Tomine Eriksen, Sem IF.
- Lakeri Ertzgaard, IK Tjalve.
- Amalie Iuel, IK Tjalve.
- Henriette Jæger, Aremark IF.
- Elisabeth Slettum, Idrettslaget Skjalg.
- Laura Van der Veen, IK Tjalve.
Desse spring også Diamond League-stemnet i Shanghai i forkant. Jæger 200 meter i hovudstemnet, dei andre 400 meter i forstemnet.
Håvard Bentdal Ingvaldsen og Karsten Warholm skal delta i Diamond League både i Xiamen og Shanghai.
NY SESONG: Den nye Diamond League-sesongen nærmar seg.
Foto: Anders Skjerdingstad / NRK– Vil ikkje ta nokon sjansar
Jæger prøvde å halde seg unna kjøt under heile opphaldet i vinter.
– Vi klarte det så langt det lét seg gjere. Det var sjølvsagt spor av kjøt i noko vi et, men vi prøvde å halde oss langt unna.
– Blir du litt engsteleg når du får eit sånt råd?
– Jo da, litt. Eg er veldig glad i å ete kjøt, og det er veldig bra for kroppen når du skal konkurrere. Men ein må høyre på proffane og stole på det.
Landslagskollega Josefine Tomine Eriksen, som også skal springe både i Shanghai og Guangzhou, bekreftar at rådet er tatt på alvor i laget:
– Vi skal ikkje ete kjøt. Eg vil ikkje vere «veggis», men ein må jo ha litt protein, så eg får ta med litt proteinbarar frå Noreg. Kanskje litt beef jerky, seier ho.
DROPPAR KJØTT: Josefine Tomine Eriksen (til høgre) droppar å ete kjøt i Kina.
Foto: Carina Johansen / NTBFølger med på utviklinga
Ifølge Lauritzen blir analysemetodane for doping stadig meir avanserte, og dermed også meir kjenslevare for små mengder forureining.
– Det betyr at sjølv svært små spor kan sporast, noko som i nokre tilfelle kan komme av kontaminert mat, og ikkje bevisst dopingbruk.
Han seier dette foreløpig ikkje har vore noko stort problem for norske utøvarar, men at det er eit reelt tema i fleire andre land.
– Kontaminering er noko det blir snakka mykje om i antidopingsamanheng for tida, seier han.
Publisert 22.04.2025, kl. 20.17