I nesten 30 år har Hamas stått oppført på USAs liste over terrororganisasjonar.
Og i mange tiår har amerikanske myndigheiter hardnakka hevda at «dei ikkje forhandlar med terroristar».
Det vekte derfor oppsikt da nyheitsnettstaden Axios på onsdag avslørte at USA har hatt hemmelege forhandlingar direkte med Hamas i Qatar.
Målet har vore å få lauslate amerikanarar som blir haldne som gislar på Gazastripa, ifølge anonyme kjelder.
Like etter avsløringa bekrefta Det kvite hus samtalane.
– Spesialutsendinga som har vore involvert i desse forhandlingane, har autoritet til å snakke med kven som helst, og Israel blei konsultert, sa talsperson Karoline Leavitt til pressa.
The New York Times har likevel snakka med israelske kjelder som sa at Israel ikkje offisielt blei fortalt om forhandlingane.
Kom med truslar
Leavitt understreka også at Donald Trump meiner at samtaler og dialog er «det beste for det amerikanske folket».
Men kort tid seinare hadde Trump ein mindre forsonande tone.
Trump i Det ovale kontoret.
Foto: Alex Brandon / AP / NTBI eit innlegg på Truth Social krev Trump at Hamas omgåande lauslèt alle som blir haldne fanga, og overleverer lika til gislane som er døde.
– Dette er dykkar siste åtvaring! For leiarane så er tida kommen for å forlate Gaza, mens de framleis har ein sjanse, skriv han.
Trump speler også vidare på dei uttalte planane om at USA skal ta over og bygge opp att Gazastripa, som inneber å fordrive palestinarane bort frå Gaza utan rett til å returnere.
– Til folket i Gaza: Ei vakker framtid ventar dykk, så lenge de ikkje held på gislane. Gjer de det, er de døde, skriv presidenten.
Skjermdump av innlegget til Trump på den sjølveigde plattforma si Truth Social
Foto: Skjermdump / Truth SocialUtspelet kom like etter at Trump hadde møtt åtte lauslate gislar. Og berre dagar etter at første fase av våpenkvila mellom Israel og Hamas gjekk ut på laurdag.
Partane har ikkje klart å bli einige om ein ny avtale, og Israel har blokkert all nødhjelp inn til Gaza.
Fryktar massefordriving
– Dette er verkeleg blodig alvor, seier Hilde Henriksen Waage.
Ho er professor i historie ved Universitetet i Oslo og seniorforskar ved Institutt for fredsforsking (Prio).
– Trumps tale er heilt klar. Den er heilt krigersk og er jo eigentleg prega av null forståing for alle dei nye palestinske offera som nå vil komme til å døy, seier ho.
Waage trur at Trumps utspel kan bidra til at krigen blussar opp igjen før ein finn ein veg vidare for våpenkvila.
– Israel får nå massiv støtte frå USA. Det gjer at Israel nyttar høvet til å smi mens jernet er varmt, seier ho.
Hilde Henriksen Waage, historieprofessor ved UiO og seniorforskar ved Prio.
Foto: NRKWaage fryktar at Israel, med støtte frå USA, vil nytte høvet til å gjennomføre planar om å fordrive palestinarane frå Gazastripa.
– Dette har dei vegra seg frå å gjere fordi dei ikkje har fått amerikanarane med på det tidlegare. Nå har dei USAs støtte for å gjere det, seier Waage.
– Har bestemt seg for å gå til ein ny krig
Ho trur at våpenkvilesamtalane er eit spel for galleriet mens Israel førebur ein større aksjon.
– Det er sånn det ser ut i dag, seier Waage.
Ho ser mørkt på vegen vidare for å få til ei ny våpenkvile.
– Israel har heilt openbert bestemt seg for å gå til ein ny krig, seier Waage.
Ho meiner at dei einaste i verdssamfunnet som kan gjere noko for å hindre dette nå, er Europa.
– Men dei har meir enn nok med å handtere sitt eige forhold til Donald Trump og Ukraina-krigen, seier Waage.
– Eg skal ikkje seie at dei har vendt ryggen til konfliktane i Midtausten, men dei har ikkje kapasitet eller vilje til å sette dette øvst på dagsordenen sin, legg ho til.
Fordrivne palestinarar lagar mat ved flyktningleiren Bureij sentralt på Gazastripa. Bildet er tatt 5. mars.
Foto: EYAD BABA / AFP / NTBAt Trump-administrasjonen bryt med normer, slik som å ha direkte samtalar med Hamas, er ikkje overraskande, meiner Waage.
– Trump-administrasjonen gjer akkurat det som passar dei, når det passar dei, seier ho.
Forskaren viser til da Trump forhandla fram ein avtale med Taliban om amerikansk tilbaketrekking i 2020, noko som seinare blei gjennomført av Joe Biden i 2021.
– Etter nesten 20 år i Afghanistan forhandla plutseleg Trump direkte med Taliban, og ikkje den afghanske regjeringa USA hadde vore med å sette inn. Det er akkurat det same ubereknelege elementet hos Trump, som gjer dette så uføreseieleg og farleg, seier Waage.
– Desse truslane kompliserer våpenkvila
Hamas hevdar også at meldinga frå Trump gjer det lettare for Israel å ikkje overhalde våpenkvila.
– Desse truslane kompliserer våpenkvila, seier Hamas-talsperson Hazem Qasim i ei fråsegn, melder AFP.
Hamas har avvist eit forslag frå USAs spesialutsending Steve Witkoff, som inneber at Hamas lauslèt alle dei gislane som er att mot ei våpenkvile som skal gjelde under ramadan og pesach.
Dei krev i staden at fase to av den opphavlege avtalen blir gjennomført.
Hamas-soldatar avbilda før ei gisselutlevering 30. januar i år.
Foto: AFPRundt 60 gislar blir framleis haldne på Gazastripa. 35 er truleg døde. I meldinga på Truth Social skriv Trump at det er «sjukt» å ikkje levere frå seg lika.
Israel har på si side i mange tiår nekta overlevere lika av palestinarar som er blitt drepne eller har døydd i israelsk fangenskap. Mange er gravlagde i Israels «kyrkjegardar av tal».
Gravene ber ikkje namn, berre tal, ifølge ein rapport frå Jerusalem-senteret for rettshjelp og menneskerettar og ein artikkel frå det amerikanske universitetet Harvard.
Israel blir også skulda for å ha tatt med seg lik av drepne palestinarar ut av Gazastripa, omtalt av blant anna Al Jazeera.
Interessert i utanriks? Høyr podkasten til utanriksredaksjonen:
Publisert 06.03.2025, kl. 20.44