Framstegspartiet meiner at likestillings- og diskrimineringslova fremmer kvinner i større grad enn menn.
Dei vil gjere lova kjønnsnøytral, og fremmer eit forslag til Stortinget torsdag.
– Vi er i ei ny tid. Det aller viktigaste for Frp er at menneske stiller på like vilkår, seier Silje Hjemdal, talsperson for likestilling i Frp.
– Mykje har skjedd sidan 1970-talet, seier ho.
Hjemdal etterspør handling frå regjeringa.
Silje Hjemdal meiner det er på tide å gjere likestillings- og diskrimineringslova kjønnsnøytral.
Foto: Inger Kristine Lee / NRKKultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) meiner at lova vernar om gutar og menn slik den er i dag.
– Denne lova er til for alle menneske i Noreg uavhengig av kjønn og etnisitet. Det er ei lov som skal ivareta alle former for diskriminering og beskytte både kvinner og menn, seier ho.
– Kvinner opplever framleis i 2026 diskriminering og vald, derfor kan det vere gode grunnar til å behalde lova sånn som den er i dag, legg ho til.
Ho understrekar at kvinner framleis «opplever store diskrimineringsutfordringar» og at det er historiske årsaker til at lova gir særleg vern til kvinner og minoritetar.
Vil ta gutar og menn på alvor
Lova har formål «å fremme likestilling og hindre diskriminering», og tar «særlig sikte på å bedre kvinners og minoriteters stilling».
Frp meiner lova er utdatert i likestillingslandet Noreg, og at ho ikkje tar gutar og menn sine utfordringar på alvor.
– Eg trur veldig mange gutar og menn er sterke tilhengarar av likestillingspolitikken, men som kanskje kjenner at dei kjem i bakevje fordi det framleis står i lova at kvinner skal ha ei særstilling, seier Hjemdal.
Hjemdal trur at ei kjønnsnøytral lov vil gi ein «kraftig signaleffekt» om at det viktigaste er at menneske blir behandla likt, har like moglegheiter og at ingen skal forfordelast.
Les kva folk på gata tenker om lovforslaget:
Regine Engelina Hatvik / NRK
Christine Ramberg og Mari Wehus
– Lova bør vere for alle. Alle kan bli diskriminert, seier Mari Wehus.
Samtidig trur ho ikkje at ei kjønnsnøytral lov er vegen å gå.
– Er ikkje det å gå litt tilbake i likestillingskampen? Eg trur det er bra dei tar det opp på Stortinget slik at det blir snakka om, legg ho til.
Venninnene understrekar at det er viktig å snakke om kva likestilling inneber, og korleis vi skal behandle kvarandre.
Regine Engelina Hatvik / NRK
Robin Wissler
Wissler er positiv til ei kjønnsnøytral lov.
– I teorien høyrest det ut som ein fin ting som gir meining, seier han.
– Det er område kor gutar og menn kjem dårlegare ut, til dømes i skulesystemet. Også dei treng lova, legg han til.
Regine Engelina Hatvik / NRK
Bjørg Ødegaard og Jorun Margrethe Stangnæs
– Lova er først og fremst til for å skape rettferd mellom menn og kvinner – særleg når det gjeld lønn, seier Stangnæs.
Stangnæs er ikkje overtydd over forslaget.
– Det høyrest heilt absurd ut. Lova bør heller utvidast til å gjelde enda fleire grupper.
Også Ødegaard er skeptisk til lovforslaget.
– Eg synest det høyrest heilt tullete ut. Du blir til dømes meir undervurdert som kvinne, seier Ødegaard.
Regine Engelina Hatvik / NRK
Lars Marius Mandt
– Lova treffer veldig breitt, seier Mandt.
Mandt trur ei lovendring kan føre til konsekvensar som vi i dag ikkje er klar over.
– Det er mykje identitet rundt kjønn og kvinner sine rettar. Om vi gjer lova kjønnsnøytral vil det vel dukke opp nokon problemstillingar der, seier han.
– Eg trur vi må vere obs på kva vi kan miste i ei slik lovendring, legg han til.
Regine Engelina Hatvik / NRK
Eline Blomfeldt
18-åringen meiner at lova allereie rommar alle.
Ho trur ikkje det er nødvendig å endre lova slik den er i dag.
– Likestilling gjeld for alle, men det er viktig at lova tar særleg sikte på dei som treng det mest.
– Ikkje eit nytt forslag
Forslaget til Frp baserer seg på ein rapport frå Mannsutvalet.
Støre-regjeringa utnemnde utvalet for å sjå på likestillingsutfordringar blant gutar og menn. Utvalet foreslo å «innføre kjønnsnøytral formålsparagraf i likestillings- og diskrimineringslova».
Årsaka til forslaget er at også gutar og menn skal oppleve likestillingspolitikken som relevant for dei.
– Dessverre har ikkje regjeringa følgt opp det Mannsutvalet kom med. No følger vi det opp, seier Hjemdal.
Denne lovteksten vil Frp endre til å bli kjønnsnøytral.
Foto: Inger Kristine Lee / NRKJaffery meiner at Frp kjem med «urimeleg kritikk».
– Dette er ikkje eit nytt forslag. Frp er ikkje dei som fremmer dette først. Det var Mannsutvalet i NOU-en Arbeidarpartiregjeringa bestilte som blant anna fremma forslaget om å gjere formålsparagrafen kjønnsnøytral, seier ho.
Kultur- og likestillingsministeren meiner at lova bør halde fram slik ho er, men at ein endeleg konklusjon kjem i november.
– Det er noko vi skal behandle i november når vi legg fram ei eiga stortingsmelding om likestillinga sin veg vidare, der vi tar gutar og menn sine utfordringar på alvor.
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery meiner at lova også vernar gutar og menn.
Foto: Inger Kristine Lee / NRKDebatt om likestilling
I haust fekk kvinnefellesskapet Husmorhæren mykje merksemd då dei etterspurde tilrettelegging frå staten for at kvinner kan vere heime med barna.
Debatten vekte engasjement, og fleire meinte at likestillinga i landet har gått for langt.
– Likestillinga har gått i ei retning kor kvinner skal kopiere mannen, og det er antifeministisk, sa Aftur Nerdrum til NRK i haust.
Aftur Nerdrum og Peggy Hessen Følsvik
Foto: Anders M. Leines / NRK og Robert Rønning / NRKUtsegnene fekk fleire til å reagere, blant anna Peggy Hessen Følsvik, tidlegare LO-leiar.
Ho hevda at vi lever i ei tid prega av aukande høgreekstremisme og fascisme som utfordrar kvinner sine rettar og likestilling over heile verda.
– Det er skremmande at vi også i Noreg må kjempe for å halde på opparbeidde rettar som tøffe og sterke kvinner før oss har kjempa fram, sa ho i haust.
Sjå Debatten frå 25. september her:
Kort tid etter blei det klart at borgarleg side hadde fridd til Senterpartiet i arbeidet med å endre likestillings- og diskrimineringslova.
Dei borgarlege partia meinte at ei kjønnsnøytral lov er vegen å gå.
Det blei ikkje godt mottatt av venstresida som ikkje hadde tru på at ei lovendring vil sende likestillingspolitikken i riktig retning.
Les meir om det her:
Publisert 23.04.2026, kl. 20.39











English (US)