Frosta-saka: – Ei evig berg-og-dal-bane følelsesmessig

1 week ago 12


– Eg skjønner ikkje kvifor dei i det heile tatt skal vurdere om han skal sitte i varetekt heime, seier Randi Vinge.

Ho er ei av dei fornærma kvinnene i saka mot den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta.

Tysdag blei det klart at Høgsterett igjen sender spørsmålet om Arne Bye kan sitte i varetekt heime tilbake til lagmannsretten.

15 dagar etter at tingretten bestemte at Bye kan sitte i varetekt heime er det derfor enno ikkje klart om Bye får kome heim eller ikkje.

– Han sit jo ikkje i varetekt fordi han har køyrt for fort eller svindla nokon. Det er jo ikkje ein slik dom han har anka, seier Vinge.

– Han sit faktisk i varetekt fordi han har drive med valdtekt og overgrep i over 20 år.

en person som går ut av en bygning

Politiet gjennomførte omfattande ransakingar av heimen til Bye tidlegare i år.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Bye blei av Trøndelag tingrett dømt til 21 år i fengsel for mellom anna 70 tilfelle av valdtekt. Bye har anka dommen som dermed ikkje er rettskraftig.

Derfor sonar ikkje Bye ein dom, men sit varetektsfengsla i påvente av ei eventuell ankesak.

– Avhengige av å passere heimen til Bye

– Dei opplever det som ei evig berg-og-dal-bane følelsesmessig, seier Camilla Hagen.

Ho er bistandsadvokat for åtte av dei fornærma kvinnene i saka.

Ei lovendring som tredde i kraft 15. august har opna for at ein kan sitte varetektsfengsla heime. Dette går føre seg med fotlenke, såkalla «elektronisk kontroll».

Både tingretten og lagmannsretten har bestemt at Bye kan sitte varetektsfengsla heime heller enn i fengsel.

Avgjerda har fleire gongar blitt anka vidare i rettssystemet og det er enno ikkje endeleg avgjort om Bye får kome heim eller ikkje.

– Dei synest det er veldig slitsamt å forhalde seg til, seier Hagen.

– Eg har fleire klientar som er avhengige av å passere heimen til Bye i forbindelse med sin kvardag, fortel Hagen.

Portrettbilde av Camilla Hagen. Hun er bistandsadvokat i Frosta-saken. Hun står i en gang utenfor en rettssal. Det er vinduer i bakgrunnen, og vi kan se det er mørkt ute

Camilla Hagen er ein av fem bistandsadvokatar som representerer dei fornærma kvinnene i saka mot Bye.

Foto: Bjarte Johannesen

For dei er det vanskeleg å forstå at lagmannsretten i to rundar har avgjort at Bye kan sitte i varetekt heime, seier Hagen.

– Dei synest dette er vanskeleg nok frå før av.

Totalt 94 kvinner var fornærma i rettssaka mot Bye.

I forbindelse med Høgsterett sin siste behandling av spørsmålet om Bye kan sitte i varetekt heime, sende bistandsadvokatane eit skriv med merknadar.

Der viser dei mellom anna til at dei har fått sterke reaksjonar frå dei fornærma kvinnene.

Det kjem stadig nye beskjeder og det blir ikkje noko ro rundt saka, seier koordinerande bistandsadvokat, Tove Røddesnes, til NRK tysdag.

Ho fortel at ho har fått ein del reaksjonar frå dei fornærma kvinnene.

Dei merker at det begynner å tære på.

De to koordinerende bistandsadvokatene i Frosta-saken står sammen og kikker i noen papirer. Til venstre ser vi Tove Jensen Røddesnes og til høyre er Ingunn Kjeldstad. Begge er i en rettsal og er iført kappen.

Tove Røddesnes (til venstre) og Ingunn Kjelstad er koordinerande bistandsadvokatar i saka.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Allmenta si rettsfølelse

Trøndelag tingrett fann Arne Bye skuldig i mellom anna 70 tilfelle av valdtekt.

Bye blei pågripen same dag som rettssaka mot han blei avslutta i tingretten. Han har sidan vore varetektsfengsla.

Påtalemakta har heile vegen argumentert med at det vil støyte allmenta si rettsfølelse dersom den tidlegare kommuneoverlegen ikkje hadde vore i varetekt

Arne Bye, kommuneoverlege i Frosta. Han står utendørs, foran kommunehuset, iført blå jakke.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Lagmannsretten har i sin vurdering peikt på at samfunnet sin tillit til rettssystemet ikkje vil bli påverka i nemneverdig grad av om Bye sit i varetekt heime eller i fengsel.

I den siste avgjerda frå Høgsterett er dei ikkje einig i denne vurderinga:

Politiadvokat Ole Andreas Aftret fortel at påtalemakta er fornøgd med at Høgsterett har avgjort å oppheve lagmannsrettens avgjerd og sende saka tilbake.

Det har heile vegen vore påtalemakta sitt syn i denne saka at varetekt heime med fotlenke ikkje i tilstrekkeleg grad vil ivareta omsynet til allmentas rettsfølelse, seier Aftret i ei pressemelding.

DKTL

Det er enno ikkje avgjort om Bye får kome heim eller ikkje. I påvente av ei endeleg avgjerd sit Bye i varetekt i fengsel.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Bye sine forsvararar har argumentert med at sikkerheita til Bye ikkje blir ivaretatt i fengsel.

Dei har også peikt på at Bye i fengsel har avgrensa med moglegheiter til å førbu seg til ei eventuell ankesak.

Arne Byes forsvararar seier til NRK at dei først vil kommentere avgjerda frå Høgsterett etter at dei har gått gjennom den i morgon.

Dei har heller ikkje ønskt å kommentere at dei fornærma kvinnene sine reaksjonar.

Publisert 24.09.2025, kl. 16.07

Read Entire Article