Fredag kan du sjå måne­formørking: - Det blir spektakulært

2 hours ago 3


Fredag morgon gjeld det å skru på alarmen ekstra tidleg dersom ein vil få med seg måneformørkinga.

Den vil nemleg vere synleg mellom kl. 04:57 og 06:44 på morgonen.

Ei måneformørking oppstår når månen står i jordas skugge. Då vil heile eller delar av månen bli skuggelagt, og dette vil ein kunne sjå frå jorda.

– Denne måneformørkinga vil stå lågt på himmelen, og månen vil derfor opplevast større enn den er. Den vil òg kunne ha eit rødleg preg, seier astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard.

Knut Jørgen Røed Ødegaard med briller

Knut Jørgen Røed Ødegaard er astrofysikar og anbefaler folk å sjå måneformørkinga.

Foto: Erlend Aas / NTB

Det kan gå mange år mellom måneformørkingar, men 2025 er eit ekstra spesielt år sidan vi får fleire formørkingar enn vanleg. Berre i år blir det to måneformørkingar å sjå fram til, og ei solformørking.

Skal sjå måneformørkinga

Jesper Mørch Pedersen og Ninni Tellevik i Førde er av dei som ønsker å sjå måneformørkinga.

Ninni Tellevik og Jesper Mørch Pedersen

Ninni Tellevik og Jesper Mørch Pedersen skal sjå måneformørkinga dersom dei er vakne.

Foto: Fride Kvamsøe Rekdal / NRK

- Om eg er vaken skal eg gjerne ta ein titt, seier Pedersen flirande.

- Eg er heilt einig, seier Tellevik.

Måneformørkinga blir ei av to måneformørkingar i 2025, og astrofysikaren oppfordrar folk til å dra ut og sjå den.

– Eg anbefaler folk å sjå måneformørkinga, det blir spektakulært, seier Knut Jørgen Røed Ødegaard.

Skal du sjå måneformørkinga?

Ein kan sjå månen og sola samtidig

Noko av det spesielle med denne måneformørkinga er at ein kan sjå månen og sola samtidig.

– Dei siste 20 åra kan eg berre hugse å ha sett dette eit par gonger før, seier Røed Ødegaard smilande.

Dersom ein bur i Sør-Noreg eller på vestlandet vil ein kunne sjå månen og sola samtidig i ni minutt, og i Nord-Noreg vil ein kunne sjå det i heile 15 minutt.

Måneformørkelse 18/9-24

Bilete frå ei tidlegare måneformørking i 2024.

Foto: Audun Kristiansen / NRK

Dersom ein vil ha best mogleg sikt for å sjå måneformørkinga, seier Røed Ødegaard at god sikt mot vest er viktig.

– Stå på ein plass som ikkje er forstyrra av åsar, høge tre eller bygningar, anbefaler astrofysikaren.

Publisert 13.03.2025, kl. 14.04

Read Entire Article