Framleis sjødeponi i Førdefjorden: – Farleg å ta sigeren på forskot

1 hour ago 3


Gårsdagens dom i det såkalla fjordsøksmålet blir kalla «ein av dei største sigrane for den norske miljørørsla», men til så lenge fortset gruveselskapet akkurat som før.

Dommen er ennå ikkje rettskraftig, og regjeringsadvokaten har opna for anke dommen til Høgsterett.

Regjeringsadvokaten gjer vidare eit poeng av at Lagmannsretten berre har innvendingar til grunnlaget for å seie ja til sjødeponi – ikkje til metoden i og for seg.

Dommen konkluderer ikkje med at sjødeponi er ulovleg i seg sjølv, seier Karen Mellingen, som har ført saka på vegner av regjeringa.

I dommen ramsar Lagmannsretten opp fleire forhold dei meiner at staten ikkje har drøfta på tilstrekkeleg vis, blant anna kva rutil har å seie for forsyningssikkerheita av kritiske mineral i Noreg og EØS-området.

Illustrasjonen syner korleis Nordic Mining tømmer gruveavfall i Førdefjorden.

I alt har gruveselskapet fått løyve til å tømme 170 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden.

Foto: Nordic Mining

Kan vere farleg å ta sigeren på forskot

Eg er ikkje einig med regjeringsadvokaten. Sjødeponi er ulovleg i seg sjølv, men kan unntaksvis godkjennast dersom det ligg verkeleg tungtvegande omsyn føre, seier ekspert på forvaltningsrett, Hans Petter Graver.

Han legg til:

Saka er ikkje endeleg avgjord. I den forstand kan det vere farleg for miljørørsla å ta sigeren på forskot.

Andre gjer eit poeng av at miljørørsla gjer rett i å juble:

  • Dels fordi dommen er ein viktig delsiger (om ikkje totalsiger).
  • Dels for å legge press på politiske myndigheiter.
  • Og dels fordi dommen legg føringar («prejudikat») for andre prosjekt, som Repparfjorden og Fiborgtangen.

Sjå fleire reaksjonar på om miljørørsla jubla for tidleg lengre ned.

I mars konkluderte Efta-domstolen med at økonomiske omsyn aleine ikkje er god nok grunn til å tillate fjordlagring i Førdefjorden.

I mai prøvde derfor regjeringa – ifølge kritikarane – å «pynte» på den opphavlege grunngivinga ved å liste opp fleire grunnar til å seie ja til sjødeponi i ein kongeleg resolusjon.

en mann som ser inn i kameraet

– Med dagens sikkerheitspolitiske situasjon er behovet for slike mineral (rutil, jou.anm.) blitt enda viktigare. Det understrekar vi nå, sa klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Staten sitt forsøk på å legge saman omsyn av mindre vekt er grundig parkert i dommen. Det betyr at det skal bli svært vanskeleg for staten å vinne fram med ein anke til Høgsterett, seier leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.

Sjå kva lagmannsretten skriv om dette her.

– Ikkje sikkert at siger i domstolane får praktiske konsekvensar

Mange tenker at ein siger i domstolane automatisk får praktiske konsekvensar, men det er ikkje nødvendigvis tilfellet i saker der staten taper, seier Øyvind Stiansen ved Institutt for statsvitskap.

Han seier det er sjeldan syn at byråkratar og politikarar ope seier at dei vil trasse ein dom, men at det finst ulike måtar å slepe beina etter seg på, og at Fosen-dommen er eit konkret eksempel.

Om det ikkje kjem klart fram kva som må skje og når det må skje, kan politiske aktørar og byråkrati utnytte dette til å avgrense dei praktiske konsekvensane av dommen.

Han presiserer likevel at dei som jublar over utfallet i lagmannsretten gjer det med rette.

Rettsstatsnormene står sterkt i samfunnet og det å ha ein bindande dom bak seg er eit sterkt argument i den offentlege debatten. I saker som denne er det ofte avgjerande å halde trykket oppe for å sikre at dommen får praktiske konsekvensar.

Ekspert på miljørett, Ingrid Wang Larsen, seier til NRK at dommen gir miljørørsla «all grunn» til å triumfere, men at han bør «vente med å sleppe jubelen heilt laus».

Nå blir det kanskje ein ny runde i Høgsterett. Men viss avgjerda blir ståande, så driv selskapet med utgangspunkt i ugyldige vedtak.

Da må det blir gjort nye vedtak. Det er heilt på det reine.

  • Sigrid Eskeland Scht

    NRK

    Sigrid Eskeland Schütz, professor i rettsvitskap med miljø- og planrett som spesialfelt

    Forsyningssikkerheit kan vere eit gyldig omsyn for å grunngi eit sjødeponi. Lagmannsretten meiner at vurderingane som er gjort av Staten hittil ikkje står seg, og ei ny sakshandsaming må vere grundig og konkret på dette punktet, også knytt til miljøverknader.

  • ein mann i dress

    Gilucci augusto

    Morten Walløe Tvedt, professor i rettsvitskap

    Siste ord er ikkje sagt i denne saka. Om den blir anka til Høgsterett, så er saka igjen open. Lagmannsretten bygger på at å ta ut desse minerala ikkje er tilstrekkeleg viktig til å kvalifisere til «tvingande allmenne omsyn». Dette er ei vurdering som inneheld skjønn. Høgsterett kan sjå ulikt på kor denne grensa går. Legg Høgsterett lista lågare, kan resultatet bli at løyva er lovlege.

  • ein person med armenTine Larsen, Dæhlin Sand Advokatfirma e i kors

    Tine Larsen, Dæhlin Sand Advokatfirma

    Miljørørsla har all grunn til å juble nå. Blir dommen rettskraftig, eventuelt stadfesta etter anke i Høgsterett, får denne rettsbruken mykje å seie innanfor alle sektorar som påverkar vassmiljøet. Terskelen for å sette miljømål til side er vesentleg høgare enn det norske myndigheiter til nå har lagt til grunn

  • Øyvind Stiansen, Institutt for statsvitskap

    Øyvind Stiansen, Institutt for statsvitskap

    Mange tenker at ein siger i domstolane automatisk får praktiske konsekvensar, men dette er ikkje nødvendigvis tilfellet i saker der staten taper. Domstolane har svært få høve til å sjølv handheve dommane sine og at dei andre statsmaktene lojalt rettar seg etter dommar. Dette kan skape problem når sterke politiske interesser motset seg implementering av ein dom.

  •  Torstein Bøe / NTB

    Torstein Bøe, Bøe, Torstein / NTB scanpix

    Hans Petter Graver, ekspert på forvaltingsrett

    Dommen til lagmannsretten er etter mitt skjønn god og solid og eg trur det er grunn til å tru at han vil stå seg etter ei eventuell behandling i Høgsterett. Det som er det springande punkt er kva ei ny behandling i forvaltninga vil føre til.

  • Truls Gulowsen smiler til kameraet

    William Jobling / NRK

    Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet

    Miljøorganisasjonane har god grunn til å juble, for dommen til lagmannsretten slår fast at løyvet til dumping av gruveavfall er ugyldig. Den skulle aldri vore gitt. Derfor må nå dumpinga stoppe. Vi forventar nå at staten vil ta konsekvensen av dommen og trekke løyva til drift og gruvedumping. Dette forureinande prosjektet er utdatert og var heilt feil frå starten

  • Wedege

    Naturviterne

    Morten Wedege, forbundsleiar, Naturviterne

    Vi er opptatte av at det faglege grunnlaget er godt før ei avgjerd blir tatt. Her registrerer vi at retten meiner saksbehandlinga ikkje har vore tilstrekkeleg. Det må få konsekvensar for både denne søknaden og framtidige søknader om aktivitet som påverkar natur negativt. Dommen viser kor viktig det er at myndigheitene held seg med fagkompetanse til å gjere grundige vurderingar.

  • ein mann som smiler og peiker på ein hand

    Jonas Kroken Sævereide / NRK

    Frode Pleym, Greenpeace

    Vi jublar for at gruveindustrien ikkje har fått viljen sin. Staten har nå eit viktig val å ta: Enten akseptere at dei har tapt, og permanent skrinlegge planane. Vel rett!

  • ein mann som står på ein brygge

    Torstein Georg Bøe / NRK

    Lars Haltbrekken, SV

    Miljøbevegelsen vann ein svært viktig siger i går. Så lenge saka er i rettssystemet må dumpinga av gruveavfall i begge fjordane stanse. Det vil vere meiningslaust å fylle fjorden med avfall og såg få ein dom om at det er ulovleg i Høgsterett.

Bildet syner deponering av gruveavfall i Førdefjorden. Bilde teke frå ROV til Nordic Mining

Bildet syner deponering av gruveavfall i Førdefjorden. Bilde teke frå ROV til Nordic Mining.

Foto: Nordic Mining

Publisert 13.08.2025, kl. 13.54

Read Entire Article