Framleis for farleg å leite etter den franske turisten i Narvik

10 hours ago 3


Leitemannskap ventar framleis med å gå inn i området der ein turgåar blei tatt av skred i Narvik-området fredag.

Det vedtok politiet saman med annan ekspertise tysdag.

– Det har vore veldig vanskelege vêrforhold der oppe, og det er det framleis. Det gjer at vi har vore nøydde til å halde igjen hjelpemannskap.

Det seier politistasjonssjef i Narvik, Ben-Inge Eriksen til NRK.

Det er framleis betydeleg snøskredfare i Ofoten, ifølge varsom.no.

– Vi har ikkje vore fysisk inne i skredområdet. Vi har berre vore i helikopter for observasjon.

Både redningshelikopter og luftambulanse er koblet inn i redningsaksjonen ved Beisfjord i Narvik kommune hvor én person er savnet etter et snøskred.

Foto: Frida Brembo / NRK

Skredet har ei breidde på over 200 meter. Då skredet gjekk blei ein av dei tre personane ikkje gjort greie for.

Ifølge politiet brukte dei to andre rundt ein time på å leite etter kameraten sin før dei varsla om skredet.

– Det er eit stort skred som er gått. Det er store massar som har flytta på seg, og det gjer det vanskeleg.

I tillegg har dei ingen klare observasjonar på kor dei skal begynne å søke, ifølge Eriksen.

Dei har ingen observasjonar som kan gi ein peikepinn på kor mannen kan vere. Verken klede eller stavar, og det gjer ting vanskeleg, seier han.

– Men vi legg til grunn at med betre vêr, så vil vi kunne starte søk.

En redningshelikopter står parkert på snødekt område, med flere personer samlet rundt. Flere medlemmer fra redningsmannskapet snakker med en person kledd i blå og lysegrønn bekledning.

Både redningshelikopter og luftambulanse blei kopla inn i redningsaksjonen i Beisfjord fredag.

Foto: Frida Elise Brembo / NRK

– Plutseleg blei han borte

Det er ein fransk mann i 40-åra som har status som antatt omkomme.

Han var ein del av eit turfølge på tre personar, og ifølge Eriksen var dette fjellvande folk.

– Sånn som vi har oppfatta det har dei planlagt denne turen sjølv.

Skredet har gått i området Helligvatnet midt mellom Beisfjord og svenskegrensa.

Turgåarane hadde også ein plan om å overnatte på Hunddalshytta. Ei turistforeiningshytte som ligg rundt fem kilometer frå der raset gjekk.

Dei to overlevande har forklart til politiet at det plutseleg blei dårleg vêr.

– Det blei mykje vind og dårleg sikt. Dei gjekk med ein viss avstand til kvarandre, og plutseleg så var førstemann borte, seier han.

En gruppe personer i fargerike vester, noen med skiutstyr, samles i en snødekt parkering ved fjellene. Deltakerne virker å ha ulike oppgaver i situasjonen, og flere av dem er iført klær fra Røde Kors. Bakgrunnen viser bratte fjell og en lys grå himmel. Det er spor av nyere snøfall, og veien er delvis iset. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Fleire redningsmannskap rykte ut etter det gjekk eit snøskred i Beisfjord fredag. Ein person er framleis sakna.

Foto: Frida Elise Brembo / NRK

Det var turfølget sjølv som melde frå om raset til politiet.

– Alvorleg hending

Dei to som overlevde turen har no reist tilbake til Frankrike. Ifølge Eriksen er dei prega av hendinga.

– Det er ei alvorleg hending når vi reknar med at eit menneske har omkomme oppe i fjellet. Det er ei tragisk ulykke som pregar veldig mange, ikkje minst for dei pårørande.

Vidare held politiet kontakt med dei pårørande, som skal ta turen nordover for å snakke med politiet dei næraste dagane.

– Samtidig vurderer vi forholda oppe i fjellheimen, og om vi kan sende inn mannskap.

Ben Inge Eriksen ser i kamera.

Politistasjonssjef i Narvik, Ben-Inge Eriksen.

Foto: Frida Elise Brembo / NRK

Eriksen seier det er ei påkjenning å jobbe med ei slik sak.

– Ikkje minst fordi ein veit at eit menneskeliv er gått tapt, og at vi har med pårørande å gjere, som sjølvsagt er lei seg. Det er belastande, men det er ein del av jobben vårast.

Publisert 10.03.2026, kl. 16.12

Read Entire Article