– Det verkar ikkje som at folk bryr seg, eigentleg.
Dagfinn Thunestvedt ser rett ned på ein av dei mest innbringende fotoboksane i landet.
På ein lang, svingete og landleg veg i Helldal på veg mot Arna i Bergen.
Her har staten har tent rundt 6,5 millionar kroner på eitt år.
– I det dei passerer boksen, gir dei gass. Det viser kor mykje respekt folk har for fotboksane, seier Thunestvedt.
– Dei burde køyrt på hovudet inn i ein til, seier han.
Dagfinn Thunestvedt er naboen til ein av dei mest innbringende fotoboksene i landet.
Oskar RennedalOslo toppar lista
Fotoboksar over heile landet gav statskassa 362 millionar kroner i inntekter i fjor.
Det er 20 millionar kroner meir enn året før.
Samtidig hamna 550 førarkort i skuffene på ulike politikontor.
Det er naturleg nok motorvegar i Oslo som toppar lista. Vålerengatunnelen mot Drammen fekk inn rett i underkant av 30 millionar kroner i bøter.
Tunnelen sto òg for 89 førarkortbeslag.
Har effekt på trafikksikkerheita
Det er godt dokumentert at boksane har effekt på trafikksikkerheita.
– Fotoboksane er et av de beste tiltaka vi har i verktøykassa. Ved rett bruk av fotoboks, på rett plass, kan du redusere dei aller mest alvorlege ulykkene med 50 prosent, seier seksjonsleiar Hilde Halås i Statens vegvesen.
Halås er seksjonsleiar for automatisk trafikkontroll i Vegvesenet.
Foto: Eirik Haukenes / NRKBåde fleire fotoboksar, og dødsulykker
Ifølge Vegvesenet er det 448 ATK-punkt i Noreg. De neste årene blir det sannsynlegvis langt fleire.
– I Nasjonal Transportplan (NTP) for perioden 2025–2036 er det gitt føringar frå regjeringa og Stortinget om å ha økt aktivitet når det gjeld å etablere nye ATK-punkt, seier Halås.
I 2025 omkom 111 personar i trafikken. Det er 24 fleire enn året før.
– Vi såg dessverre ein auke i talet på omkomne i fjor, sjølv om vi er best i Europa på trafikksikkerheit, tiande året på rad.
Det er framleis uklart kva mange av dødsulykkene skuldast, det er med andre ord ikkje alltid for høg fart som alltid er forklaringa.
– Vi må likevel gjere det vi veit at fungerer. Og så må vi òg sjå på læringspunkt frå dybdeanalysene på fjorårets dødsulykker.
Har du blitt tatt av ein fotoboks?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
– For mange som ikkje er merksame
Det at boksane tek inn 362 millionar kroner på eitt år, er eit prov på to ting, seier pressesjef Christoffer Steen i Trygg Trafikk.
– Det eine er at det er for mange som ikkje er merksame. Hadde dei vore det, hadde dei fått med seg at her er det ein varsla fotoboks, og kunne tilpassa farten sin. Det andre er at det er strekningar der ein verkeleg treng ein fotoboks. Ikkje fordi vi treng meir pengar i statskassa, men fordi det er for mange som vel å køyra for fort, seier han.
Òg NAF tykkjer fotoboksar kan vere eit bra supplement til trafikksikkerheita, seier pressesjef, Ingunn Handagaard.
– Samtidig må ikkje fotoboksar bli ei sovepute som tar fokuset vekk frå andre viktige tiltak.
Det viktigaste er å ha meir synlege kontrollar og meir politi ute på vegane, meiner Handagaard.
I Helldal i Bergen har Thunestvedt tar gjerne i mot ein ekstra fotoboks på vegen, men har òg eitt anna forslag:
– Ny veg. Den som er der no er ikkje tilpassa trafikken som går her i dag.
– Veldig bra! Det seier Thunestvedt når han får vite kor mange bøter som blir delt ut av fotoboksnaboen hans.
Foto: Oskar Rennedal / NRKPublisert 13.01.2026, kl. 20.50











English (US)