Forsvarsforlik-striden i Raudt fekk medfart av Trumps skandalemøte

1 day ago 4


Raudt er splitta om det var rett å støtta seg bak forsvarsforliket som blei vedtatt av eit samrøysta Storting i fjor.

Forliket legg opp til at Noreg fram til 2036 skal bruka 611 milliardar kroner meir på det norsk forsvaret, til saman 1635 milliardar kroner.

Laurdag gjekk debatten på Raudt sitt landsmøte på Sundvollen i Buskerud.

Spørsmålet er om dei skal trekka seg frå dette forliket eller ikkje.

Med fredagens skandalemøte mellom USAs president Donald Trump og Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj, fekk debatten på landsmøtet på Sundvollen ekstra draghjelp.

Partileiinga støtter forliket, medan fleire stemmer i grasrota er imot.

– Dette understrekar berre den galskapen det er at Noreg skal bero seg på USA og amerikanske atomvåpen for Noreg si tryggleik, sa sentralstyremedlem Joakim Møllersen før debatten gjekk i gang.

Joakim Møllersen på Rødts landsmøte, 2025.

Sentralstyremedlem Joakim Møllersen vil at Raudt skal trekka seg frå forsvarsforliket.

Foto: CHRISTIAN KRÅKENES / NRK

Møllersen er ei av dei sterkaste stemmene mot forsvarsforliket.

– Raudt er eit forsvarsparti og det har me alltid vore, sa stortingsrepresentant Mímir Kristjánsson før debatten.

Han meiner forsvarsforliket er med å styrka det norske forsvaret, og gjera Noreg mindre avhengig av Nato og USA.

Er framleis imot Nato

I tillegg til utskjellinga av Zelenskyj i går, har Trump kome med ei rekke andre utspel om krigen i Ukraina, som har sett fart i debatten om norsk og europeisk forsvarsevne.

Møtet i går bli trekt fram av stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes på talarstolen.

– Å går såg me ei bølle audmjuka Ukrainas president. Nå ser folk det me alltid har sagt: Me kan ikkje stola på USA, me må ta mei ansvar for eige forsvar, seier Moxnes.

Han meiner det då blir rart om Raudt skal trekka seg frå forsvarsforliket, som skal styrka det norske forsvaret.

– Nato-motstanden i Noreg har aldri hatt betre kort på handa enn det han har fått dei siste vekene, sa Kristjánsson frå talarstolen.

Han viser til at partileiar Marie Sneve Martinussen tidlegare har tatt til orde for å gjera seg mindre avhengig av USA militært.

– Ingenting av dette skulle ha vore mogleg om forsvarsforliket gjorde det umogleg for Raudt å kritisera Nato, men det stemmer jo ikkje, seier Kristjánsson.

Marie Sneve Martinussen på Rødts landsmøte 2025

Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen

Foto: CHRISTIAN KRÅKENES / NRK

Raudt er imot norsk Nato-medlemskap og baseavtalane som gjer det mogleg for USA å lagra amerikansk forsvarsmateriell på norske forsvarsbasar.

Martinussen forsvarte Raudts støtte til forsvarsforliket i landsmøtetalen fredag.

Ho meiner skandalemøtet i Washington i går viser at det er endå viktigare å ha eit sterkt norsk forsvar.

– Eg starta landsmøtet i dag med å minna om kva som har skjedd og kor alvorleg det er, og der har eg heile Raudt med meg, seier Martinussen til NRK før debatten.

– Eg meiner dette må bety eit oppgjer med norsk utanrikspolitikk, der me styrker det nasjonale forsvaret i Noreg, men der me også gjer oss mindre avhengig av USA, seier Martinussen.

Meiner Noreg blir tettare knytt til Nato

Motstandarane av forsvarsforliket meiner det knyter Noreg tettare til Nato.

Ein av dei som ønsker å trekka Raudt får forsvarsforliket er bystyremedlem Siavash Mobasheri i Oslo.

– Noreg skal ikkje vera eit verktøy for USAs og Natos interesser, og så står me her i dag med eit forsvarsforlik som bind oss tettare til Nato enn nokon gong før, seier Mobashi frå talarstolen.

Han meiner Raudt burde sagt nei til forliket, og heller stilt eit eige forsvar som han meiner hadde vore betre for å styrka Noreg si forsvarsevne.

Kommunestyrerepresentant Syver Kleve Kolstad frå Raudt Nesodden tok også til orde for å trekka seg ut av forsvarsforliket.

– Viss Erna, Trygve, Listhaug eller Støre har lyst å stryka NATO, ja då kjem dei til å styrka Nato med dei 1635 milliardane som me har løyvd dei, seier Kolstad frå talarstolen.

Kolstad meiner forliket legg opp til å mellom anna senda utstyr og soldatar til utanlandsoperasjonar.

– Kva slags garanti har Rødt for at dei som kjem inn i militæret nå ikkje blir sendt til utanlandsoperasjonar slik som Nato-partia har gjort tidlegare, spør Kolstad frå talarstolen.

Mogleg kompromiss

Andre meiner det er lite poeng i å diskutera kva Raudt gjorde i fjor, når det nå er så mykje uro internasjonalt.

Kommunestyrerepresentant Terje Kolbotn frå Raudt Ullensvang har forsøkt å få partiet med seg på det han kallar eit slags kompromiss.

Heller enn å ta ein debatt om «snøen som falt i fjor», som Kolbotn omtaler forsvarsforliket som.

Han vil i staden at partiet skal sjå framover og konsentrera seg om å få på plass eit godt arbeidsprogram.

 på Rødts landsmøte 2025

Terje Kolbotn sit i kommunestyret for Raudt i Ullensvang kommune.

Foto: CHRISTIAN KRÅKENES / NRK

– Nå må me samla kreftene om ein felles raud offensiv for ein nasjonal uavhengig forsvarspolitikk i Noreg, seier Kolbotn.

I tillegg har han tatt til orde for å etablera ein intern forsvarskommisjon i Raudt, som han meiner får fart frå møtet på Det ovale kontor i går.

Avstemminga over forsvarsforliket skjer på landsmøtet i morgon.

Publisert 01.03.2025, kl. 19.37 Oppdatert 01.03.2025, kl. 20.09

Read Entire Article