Forskarar: Mange fleire er drepne i krigen i Gaza enn kva vi har trudd

7 hours ago 4


7. oktober 2023 angreip folk frå den palestinske gruppa Hamas sivile, politifolk og soldatar i Israel. Over 1200 personar blei drepne og rundt 250 tatt med som gissel tilbake til Gaza.

Dette utløyste ei brutal reaksjon frå israelske styresmakter. Sidan har delar av Gaza blitt jamna med jorda og lite naudhjelp kjem inn.

Stadig kjem nyheitsmeldingar om drepne menneske i israelske angrep i Gaza. Seinast for nokre dagar sidan, då nærmare 200 menneske skal ha blitt drepne på 72 timar. Talet er ikkje bekrefta frå andre kjelder, men blir sett på som truverdig av mellom anna FN.

Palestinske styresmakter har forsøkt å halde oversikt over det totale talet på drepne sidan 7. oktober.

Det offisielle talet har vore litt over 45.000 menneske til no. Ein ny rapport, som blei publisert i natt, seier at dette talet er altfor lågt.

Her kan du lese om bakgrunnen for krigen og konflikten mellom Israel og Palestina:

64.000 drepne på ni månadar

Forskarar frå London School of Hygiene & Tropical Medicine har gjort analysar av kor mange som er drepne i Gaza etter 7. oktober som direkte følgje av krigen.

Den uavhengige og fagfellevurderte studien er no publisert i det anerkjente medisinske tidsskriftet The Lancet.

Studien viser at det allereie i juni, etter rundt ni månadar, var fleire enn 64.000 drepne.

Tala for den same perioden frå palestinske styresmakter er 37.877 drepne.

Forskarane meiner altså at det er snakk om ei underrapportering på 41 prosent.

Mista oversikt

Forskar Zeina Jamaluddine seier at årsaka til at helsestyresmaktene i Palestina har for lave tal på døde er at krigen har gått ut over deira evne til å registrere alle dei som har blitt drepen.

– Vi kan sjå at da sjukehusa blei angripne så vart dei ikkje lenger i stand til å lage gode oversikter over namna på dei døde, seier ho.

Forskar Zeina Jamaluddine blir intervjua via Teams. Biletet er henta frå Teams-samtalen.

Forskar Zeina Jamaluddine er førsteamanuensis ved London School of Hygiene & Tropical Medicine.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

Ifølgje Jamaluddine kan hennar anslag òg vere for låge.

For forskarane har tatt med dei som er drepne, ikkje alle dei som «berre» er meldt sakna. Heller ikkje dei som har døydd av svolt, øydelagde sjukehus, ureint vatn og så vidare.

Ho seier det er viktig å hugse at bak tala er det 64.000 historier. Forskaren har sjølv lese mange av postane i sosiale medium om dei døde.

– Det var mange historier som var rørande og vanskelege å lese om.

– Sjokkert

– Eg blir sjokkert fordi dette er veldig, veldig høge tal. Men at talet er høgare enn estimatet som fram til no har vore brukt, er eg ikkje sjokkert over, seier Lindis Hurum.

Ho er generalsekretær i Leger utan grenser og har lenge vore kritisk til NRK for denne boksen som jamt blir oppdatert:

Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Sist oppdatert: 9.1.25

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 396 israelske soldater har blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

Ho har vore kritisk nettopp fordi ho, basert på kva Leger utan grenser sine tilsette erfarer, har vore sikker på at talet er for lågt.

Aftermath of Israeli strike on a house in Nuseirat in the central Gaza Strip

Folk i Gaza må dagleg leite i hus som er øydelagde av israelske angrep. Dette biletet blei tatt i Nuseirat 9. januar.

Foto: Ramadan Abed / Reuters

Flest barn, kvinner og eldre drepne

3 prosent av befolkninga i Gaza skal ha mista livet på grunn av krigen, ifølge forskarane.

Dei fleste av dei drepne, 59 prosent, er barn, kvinner og eldre.

– Kven skal ha tid til å føre god oversikt der nede? Dei er mest opptatt av å overleve eller redde dei som framleis er i live. Folk har ikkje eingong tid til å sørge over sine kjære, seier Lindis Hurum.

Metoden dei britiske forskarane har brukt for å komme fram til antal drepne, kallast «gjenfangst-analyse».

– Går ikkje an å samanlikne

Hurum meiner det ikkje er nokon grunn til å tvile på at talet dei har komme fram til er riktig.

Leger utan grenser har vore i Gaza i fleire tiår. No har dei nærmare 900 lokalt tilsette der. Dagleg kjem dei med statusrapportar som Hurum og andre på utsida bring vidare.

Ho seier at tilsette 17 gonger har vore nøydd til å evakuere frå sjukehus fordi dei har blitt angripe.

– Når folk seier at krig alltid er grufullt og spør kvifor det er verre denne gongen, må eg svare et det ikkje går an å samanlikne dette med nokon anna krigssone fordi sivilbefolkninga ikkje kan flykte i tryggleik, i kombinasjon med at humanitær hjelp aktivt blir forhindra frå å komme inn. Det finst ingen humanitær løysing på dette. Einaste løysing er å stoppe bombinga.

Lindis Hurum

Lindis Hurum er generalsekretær i Leger utan grenser.

Foto: Morten Rakke

Ifølgje ein ny rapport frå organisasjonen, «Gaza: Livet i ei dødsfelle», er våpenkvile einaste løysing.

Jamaluddine er einig i at valden må stanse.

– Det er veldig viktig å plassere ansvaret for at så mange er døde. Dødstala er faktisk høgare enn det styresmaktene har fortald, og krigen har vart i over eit år.

Folk kjem ikkje ut – naudhjelpa kjem ikkje inn

Alt av utstyr og personell som skal inn i Gaza må bli sjekka og godkjent av det israelske forsvaret, forklarer Lindis Hurum i Leger utan grenser. Ho seier dei som vil inn med hjelp og personell blir utsett for blokade og aktiv trenering.

Ifølgje ho har legar inne i Gaza vore nøydd til å gjere amputasjonar utan tilstrekkeleg anestesi. Bandasjar må brukast om igjen.

Vi prøver så godt vi kan å gje informasjon og vere tydelege, ærlege og opne om det vi sjølv ser med eigne auge. Vi har verkeleg ingenting å skjule, berre eitt einaste ønske: å redde liv.

Forskar Jamaluddine seier at om ein tenkjer seg at styresmaktene i Gaza framleis rapporterer om 41 prosent for få døde, så kan det no i januar 2025 vere minst 77.000 drepne av krigen.

Men ho understrekar at det eksakte talet får ein først vite når krigen er over.

Publisert 10.01.2025, kl. 00.30

Read Entire Article