Forklarer den spesielle åtferda: – Litt ute av flokken

2 days ago 6


– Han driv og ruslar rundt der. Han er litt ute av flokken der.

Det seier landslagstrenar Arild Monsen om Klæbos åtferd når utøvarane skal velje heat.

Men Klæbo er på ingen måte utstøytt av flokken. Trønderen har ein klar tanke bak det han gjer.

  • Høyr sprinten frå Tour de Ski på NRK Sport frå klokka fredag 12.15

Lagkompis: – Vi er litt ulike

Etter sprintprologen vel dei 30 beste utøvarane kva kvartfinaleheat dei skal gå i.

Alle utøvarane følger spent med på kva konkurrentane vel.

Med unntak av Klæbo.

I staden ruslar han bedageleg rundt i ring med musikk på øyra 10–15 meter unna flokken med langrennsutøvarar og trenarar.

Klæbo

I SIN EIGA VERDA: Klæbo ruslar rundt i eit roleg tempo. Til venstre i bildet er resten av verdseliten.

Foto: Eirik Fure / NRK

Landslagskompisane Erik Valnes og Harald Østberg Amundsen står samla med norske og utanlandske konkurrentar når det skal veljast heat, og er vant til at Klæbo ikkje står side om side med resten.

– Kanskje nokon legg merke til det, at han er litt uinteressert, og blir psyka ut, seier Valnes.

– Han er i bobla si og er fokusert. Der er vi berre litt ulike, seier Amundsen om Klæbo.

Klæbos forklaring: – Eg er veldig uinteressert

Men sprintesset gjer det på ingen måte for å psyke ut konkurrentane.

– Eg liker å gå meg ned litt. Det er måten eg går meg ned på. Andre likar å gå seg ned på ski. Eg liker berre å rusle litt. Det er vel litt forskjell på folk, seier Klæbo til NRK.

Samtidig bekreftar Klæbo Valnes’ mistankar om at han faktisk ikkje bryr seg når konkurrentane vel heat.

– Eg er jo veldig uinteressert i det. Eg veit jo kva eg skal gjere. For min del har det jo absolutt ingen ting å seie kva andre gjer, seier Klæbo.

Ski-esset fortel nemleg at han alltid vel det første kvartfinaleheatet, uavhengig av kva dei andre konkurrentane gjer.

Dermed får han ekstra kviletid inn mot finalen.

Ritualet gjer at han brukar null energi og tankekapasitet på heatval, samtidig som han kan vere avkopla i si eiga boble.

– Eg er berre ute og ruslar. Eg orkar ikkje å stå i ro. Det er vel eigentleg berre det.

Tour de Ski langrenn 2024/25

TOPPEN AV PALLEN: Klæbo vann den første sprinten i Tour de Ski framfor Lucas Chanavat og Janik Riebli.

Foto: Geir Olsen / NTB

Noregs taktikk

Landslagstrenar Monsen spøker med at Klæbo høyrer på «dunk-dunk-musikk» når trønderen tuslar utanfor flokken, men er klar på at lagtaktikken allereie er lagd før utøvarane vel heat.

– Vi pratar mykje saman innimellom. Han er flink som berre det. Vi står ikkje og jabbar heile tida, seier Monsen om Klæbo.

Valnes seier at for eksempel tre nordmenn i éin kvartfinale er unødvendig fordi ein da risikerer å slå ut kvarandre, slik at det er betre å spreie seg utover.

Tour de Ski langrenn 2024/25

LAGKOMPISAR: Erik Valnes har stor respekt for Klæbo i sprint.

Foto: Geir Olsen / NTB

Men Klæbos overlegenheit gjer at trønderen får velje frå øvste hylle, fordi dei fleste konkurrentane prøver å styre unna heatet til trønderen.

– Vi følger med på kva folk vel, og kva ein skal velje sjølv. Johannes skal i heat 1. Ingen kan utfordre han på det, seier Valnes.

– Han er i ein eigen klasse i sprint. Det er ikkje vits i å utfordre han på det. Eg er vand til at eg veit kva heat Johannes skal velje, fortset lagkompisen.

Klæbo leiar Tour de Ski føre svenske Edvin Anger før det fredag ventar ein sprint i Val di Fiemme. Svensken er 36 sekund bak Klæbo.

Harald Østberg Amundsen måtte bryte touren på grunn av sjukdom.

Med andre ord ventar også ein ny moglegheit for Klæbo til å distansere seg frå konkurrentane både i samandraget – og når det skal veljast heat.

Publisert 03.01.2025, kl. 05.30

Read Entire Article