På helseområdet fører Statsforvaltaren tilsyn i tråd med helsetilsynslova § 4.
Der står det at føremålet med tilsynet skal vere å bidra til å styrkje tryggleiken og kvaliteten i helse- og omsorgstenesta, og tilliten i befolkninga til tenestene.
Når vi får kjennskap til ei hending, eit forhold eller ein praksis i helse- og omsorgstenesta, vurderer vi i kvart enkelt tilfelle korleis vi skal handsame førespurnaden eller informasjonen vi har fått.
Vi arbeider alltid ut frå det overordna målet om å styrkje tryggleiken og kvaliteten i helse- og omsorgstenesta.
I denne saka har vi vurdert det som mest føremålstenleg at verksemda sjølv behandlar saka som eit ledd i arbeidet med å gjere tenestene betre og sikre tillit til tenesta.
Difor sende vi saka vidare til tenesta for gjennomgang og evaluering av hendinga. Vi bad òg om ei tilbakemelding på kva gjennomgangen viste, samt kva tiltak som eventuelt var sette i verk.
Vi har fått tilbakemelding frå tenesta i saka, der det kjem fram at dei har gått gjennom forløpet og sett i verk relevante tiltak (oppsummert i vårt avslutningsbrev).
På bakgrunn av tilbakemeldinga vi har fått i saka, har vi vurdert at føremålet med tilsynet er ivareteke gjennom tenesta si oppfølging av saka.
Vi har difor avslutta vår tilsynsmessige oppfølging.
I vårt avslutningsbrev peikar vi på at dobbeltrolla Forsvarets legar og psykologar har, kan gjere det vanskeleg å avdekkje psykiske plager som gir rett til behandling i det sivile helsevesenet.
Vi skriv vidare:
*«Med bakgrunn i at behandlaren i denne saka måtte avlyse time med pasienten på grunn av hasteoppdrag i utlandet, er det òg uklart for oss om de som teneste har tilstrekkelege behandlingsressursar til å følgje opp pasientane dykkar.
I framtidige saker lik denne kan det vere relevant å gjere ei konkret vurdering av om IMPS er rett tilbod, og kva oppfølging som er naudsynt. Vi ber dykk vurdere om IMPS, ut frå dagens organisering slik de skildrar ho, bør ha lågare terskel for vidarevising til og samarbeid med det sivile helsevesenet – og ikkje berre andre instansar i Forsvaret, slik det er skissert i den komande handboka. Eit DPS har som regel fleire behandlingsmoglegheiter enn det de skildrar å ha, i form av mellom anna ambulant team, frivillig innleggelse og akuttimar ved psykiske vanskar.»*
Det er tenesta som har ansvar for at tenestene dei tilbyr er forsvarlege, og dei har òg ansvar for å arbeide systematisk med pasienttryggleik og kvalitetsarbeid.
I avslutningsbrevet vårt minner vi om at verksemder som yter helse- og omsorgstenester skal organiserast slik at helsepersonellet blir i stand til å overhalde sine lovpålagde plikter, og at vi har ei klar forventning om at dei vil gjere ei systematisk evaluering av om dei iverksette tiltaka fungerer føremålstenleg.
Som nemnt ovanfor har vi valt behandlingsmåte i saka ut frå kva vi har vurdert som mest føremålstenleg framgangsmåte for å bidra til kvalitetsforbetring i tenesta.
Vi har god erfaring med at tenesta på denne måten sjølv får eit eigarskap til forbetringsarbeidet som vert gjort, og vi opplever at vår tilsynsmessige oppfølging blir meir verknadsfull av at vi har fokus på kva framgangsmåte som i størst mogleg grad er eigna til å oppnå auka pasienttryggleik.
At tilsynet på denne måten har fokus på kvalitetsforbetring, trur vi òg bidreg til auka tillit til helsepersonell og helse- og omsorgstenesta i befolkninga. Vi har likevel stor forståing for at vi ikkje alltid greier å møte dei forventningane som pasientar, brukarar og pårørande kan ha til oss.
Når det gjeld førespurnaden som er sendt til Helsetilsynet, har vi ingen kommentar.
Med vennlig hilsen
Thea Marie Lindquist Belseth
assisterende avdelingsdirektør





English (US) ·