Fordelane med å skrive saman – med kvarandre og med kunstig intelligens

13 hours ago 1


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

– Det er brei semje i forskinga om at elevar lærer mykje av å skrive saman, seier forskar.

Samskriving inneber at to eller fleire lagar ein tekst i fellesskap. (Foto: Annie Spratt / Unsplash)

Jon Olav Sørhaug er forskar ved Universitetet i Agder (UiA). Han er no aktuell med boka Samskriving i skolen, med og utan kunstig intelligens.

Boka gir ei innføring i teoriar og metodar for korleis elevar kan samarbeide om å skrive tekst med kvarandre – og med kunstig intelligens.

– Det å skrive saman og med verktøy som ChatGPT kan fremje læring under skrivearbeidet, seier Sørhaug.

Slik kan elevar skrive saman

Samskriving inneber at to eller fleire lagar ein tekst i fellesskap.

Lese- og skriveforskar Jon Olav Sørhaug har skrive ei innføringsbok om å skrive saman, med og utan kunstig intelligens. (Foto: UiA)

Sørhaug har forska på korleis elevar frå sjette trinn til vidaregåande jobbar med dette.

– Du kan sjølvsagt lære mykje av å skrive åleine. Men forskinga viser at samarbeid gir noko meir. Elevane forhandlar med kvarandre undervegs. Dei diskuterer moglege løysingar og justerer teksten undervegs. Det styrkjer både skrivinga og tenkinga, seier han.

Sørhaug viser til nyare hjerneforsking og veletablerte pedagogiske innsikter for å understreke kor viktig samarbeid og samtale kan vere for å lære.

– Elevane lærer seg å setje ord på kunnskapen sin. Samtalen styrkjer deira munnlege evne til å diskutere og prøve ut ulike perspektiv. Dessutan bidreg samtalen til at kunnskapen festar seg betre, seier han.

Sørhaug peikar på forskarar som Lev Vygotsky og Michail Bakhtin. Dei legg vekt på at kunnskap vert til i fellesskap. Eit godt sosialt miljø og god dialog i klassen skaper gode vilkår for å lære.

Med roboten som medskribent

Samskriving er ikkje nytt i skulen. Det nye er språkrobotane og kunstig intelligens.

Sørhaug seier at robotane kan gi nye høve for samskriving. Han har observert at elevane bruker dei som assistent, sparringspartnar eller læremeister under skrivearbeidet.

Men det krev innsikt å bruke roboten rett. Ikkje minst må elevane lære å skrive presise instruksar til robotane.

– Språkrobotane er trente på store mengder tekst. Dei bruker avanserte modellar for språk og skriving. Svara du får, kjem heilt an på kva du ber om. Derfor må elevane lære seg å gi gode instruksjonar. Det handlar om å vere presis og vurdere svara kritisk, seier han.

Jon Olav Sørhaug er aktuell med boka Samskriving i skolen, med og utan kunstig intelligens. (Foto: Samlaget)

Rollespel er ein av metodane Sørhaug føreslår. Du kan be roboten vere ein skrivelærar som skal hjelpe deg til å skrive i ulike sjangrar.

– Mitt klare råd er at læraren må hjelpe elevane å bruke roboten som partnar og lærar. Roboten er ikkje fasit eller tekstprodusent. Det viktigaste er at elevane eig teksten sin og lærer av skriveprosessen, seier han.

Positiv til kunstig intelligens, på visse vilkår

Sørhaug er positiv til å bruke kunstig intelligens i skulen, men ikkje heilt utan vidare.

– Språkmodellar kan støtte læring når bruken av kunstig intelligens er styrt av læraren etter pedagogiske formål. Det betyr at læraren må kunne teknologien. Og elevane må få trening i å bruke han på ein gjennomtenkt måte.

I barneskulen meiner han lærarane bør vere særleg varsame i bruken av teknologien.

– Elevane må først lære seg grunnleggjande ferdigheiter innan lesing og skriving. Seinare i skoleløpet kan kunstig intelligens verte eit godt verktøy, men det krev modning, seier han.

Det er viktig å tenkje sjølv

Ei utfordring med kunstig intelligens er at elevar kan verte passive. Sørhaug har observert at somme berre kopierer forslag frå roboten utan å tenkje sjølv.

– Dei elevane som får mest ut av teknologien, er dei som les og tilpasser forslaga som kjem frå roboten. Det krev kritisk sans og fagleg tryggleik, seier han.

Han viser også til forsking der han brukte skjermopptak for å sjå korleis elevane samarbeidde med språkrobotar.

– Eg såg tydelege skilnader: Dei som las, vurderte og redigerte, lærte antakeleg mest. Dei som berre limte inn teksten, fekk truleg lite ut av det.

Viktig med tilbakemelding undervegs

– Mange elevar kjenner seg ferdige når dei har skrive eit utkast. Men det er i den fasen du reviderer teksten han vert god. Profesjonelle skrivarar veit det. Derfor er det viktig å lære elevane å jobbe vidare med tekstane sine etter at dei har skrive utkast, seier han.

Sørhaug understrekar at elevane lærer meir viss dei får respons mens dei skriv, og ikkje i etterkant. I skulesamanheng er det ofte eit problem. Elevane får først respons på ei innlevering etter éi eller to veker.

Her kan kunstig intelligens bidra.

– Robotane gir raske tilbakemeldingar undervegs. Det motiverer elevane til å revidere og forbetre mens dei er i gang, seier han.

Kombinerer teori og praktiske døme

Den nye boka er meint for lærarstudentar og lærarar i skulen. Ho kombinerer forsking, teori og praktiske døme.

– Eg har brukt to og eit halvt år på å skrive boka, og ho bygger på erfaringar frå klasserom, forsking og samarbeid med lærarar, seier Sørhaug.

Boka inneheld òg 20 konkrete undervisningsopplegg for samskriving, frå mellomtrinnet 5.-7. og heilt opp til universitetet.

Skriving er meir enn individuell prestasjon

– Når elevane skriv saman, lærer dei fagleg innhald, men utviklar også samarbeidsevne, språk og kritisk sans. Dei forklarer, lyttar, forhandlar og tilpassar seg kvarandre under arbeidet, og det gir også læring.

Tradisjonell skriveundervisning har ofte lagt vekt på individuelle ferdigheiter. Sørhaug ønskjer å løfte fram samskriving som eit alternativ, og som eit nyttig supplement.

– Vi må sjå på skriving som noko sosialt og samarbeidsretta. Det handlar ikkje berre om tankar i hovudet, men om kommunikasjon og samhandling, seier han.

Referansar:

Jon Olav Sørhaug: Samskriving i skolen, med og utan kunstig intelligens. Samlaget, 2025. (Samandrag)

Jon Olav Sørhaug: «Takk for en flott diskusjon!» Med chatboten Sokrates som samtalepartnar i tre elevgruppars fagsamtalar i Kåre Kverndokken og Jannike Ohrem Bakke (red.): 101 måter å fremme muntlige ferdigheter på.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article