Artist Marie Tveiten (30) har aldri tvilt på at faren er glad i henne. Han har berre aldri vore flink til å seie det med ord.
– Det blir som regel til at eg seier «glad i deg», og så svarar han «i like måte». Eller som han sa her om dagen: «Det er bra», seier Tveiten og ler.
Faren, Dagfinn Tveiten, er ein røyrleggjar frå Seljord. Ein klassisk handyman som fiksar alt. Men når dottera seier dei tre magiske orda, stoppar det opp.
For kvifor sit «glad i deg» så langt inne for nokre?
– Det ein ikkje øver på, blir ein ikkje god på
Sjølv om vi kanskje tek det som ei sjølvfølgje at foreldre og barn er glade i kvarandre, er det langt frå alle som klarer å seie det høgt.
Synest du det er vanskeleg å seie «glad i deg»?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Professor Ole André Solbakken ved Universitetet i Oslo, trur det er eit av dei vanlegaste problema folk har i relasjonar.
– Det er nok meir vanleg enn uvanleg å streve med å seie tydeleg at ein er glad i nokon, seier Solbakken.
Ole André Solbakken
- Professor i klinisk psykologi og psykologspesialist
- Universitetet i Oslo
Han meiner at orda ber med seg ein stor porsjon sårbarheit.
– Det er ein risiko når vi erkjenner både for oss sjølv og andre kva vi føler. Du risikerer at den andre ikkje er like glad i deg som du er i dei. Da er det litt skummelt å tore å seie det.
Men også fødselsåret ditt kan ha mykje å seie for kor lett orda sit.
– Dei som er fødde før 1950 strever nok meir enn dei som er fødde etter 1990. I dag er det heilt greitt å bli fortalt at du er elska, medan det ikkje var like vanleg i tidlegare generasjonar, forklarer han.
Marie skreiv «Glad i deg» fordi ho syntest det var fascinerande kor vanskelege orda er for mange, og ville gje litt kjærleik på vegner av dei som slit med å seie det sjølve.
Foto: Linea Anvik / NRKI tillegg trekkjer han fram påverknad frå populærkultur og amerikanske seriar som ein faktor som har gjort oss meir vande til å setje ord på kjensler.
Men for dei som ikkje har vakse opp med dette, kan det kjennast som eit heilt framandt språk.
– Det ein ikkje øver på, blir ein ikkje god på. Da blir det fort sårbart, pinleg, kleint og vanskeleg.
Ei hylling til den tause kjærleiken
Marie har skrive låta «Glad i deg», ei hylling til nettopp denne ordknappe kjærleiken.
Det var Vest-Telemark Blad som omtalte saka først.
For sjølv om pappaen ryggar unna mikrofonar og dei store orda, er han alltid der.
– Han er flink til å gjere ting for meg. Han passar på at eg skal ha det bra. Eg veit eg kan ringe når som helst. Han er der alltid for meg.
Marie seier at faren viser kjærleik gjennom handlingar. Som til dømes å fylle bensin på bilen hennar når ho er heimom.
Foto: Linea Anvik / NRKNår kjærleiken ikkje kjem i form av ord, kan den likevel liggje tjukt i handlingane.
Dagfinn sjølv tenkjer ikkje mykje over kvifor orda uteblir.
– Eg tenkjer ikkje så mykje, eg berre gjer, konstaterer han.
– Kvifor er det ikkje så lett for deg å seie glad i deg?
– Det høyrest kanskje rart ut. Ein burde kanskje sagt det. Eg reknar med at det er ei sjølvfølgje, og da treng ein ikkje å seie noko, seier Dagfinn.
Vanskeleg å seie det høgt? Lat ein liten søtsak ta støyten for deg.
Foto: Linea Anvik / NRKSnakkar «praktisk»
Kjærleik finst i mange former, sjølv når orda manglar. Vi viser omsorg gjennom handlingar, gåver og praktisk hjelp.
Akkurat slik Maries far gjer når han stiller opp som handyman.
Den amerikanske forfattaren Gary Chapman peikar på «dei fem kjærleiksspråka».
Teorien går ut på at vi alle har ulike måtar å gje og ta imot kjærleik på:
🗣️Anerkjennande ord: Å seie «eg elskar deg», gje kompliment og ros.
⏳Tid for kvarandre: Å vere fysisk og psykisk til stades.
🛠️Tenester: Praktisk hjelp som viser at ein bryr seg.
🎁 Gåver: Små eller store merksemder som viser at man blir tenkt på.
🫂Fysisk nærleik: Alt frå ein klem til seksuell kontakt.
Medan Marie har orda som sitt hovudspråk, snakkar pappa Dagfinn flytande «tenester».
Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRK
Linnea Berg og Leah Bolsø
– Eg sa det sist til foreldra mine, seier Linnea.
– For meg er det fleire månader sidan, og då var det til ei veninne, seier Leah.
Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRK
Thomas Johansen
– Når eg seier glad i deg, er det fordi det er noko eg meiner og har lyst til å seie. Sist eg sa det, var til dotter mi.
Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRK
Rigmor Galtung
– Eg går ikkje rundt og seier det til alle. Men til dei eg er glad i eller føler eg er nær, synest eg ikkje det er vanskeleg å seie glad i deg.
Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRK
Anne Hamrell
– Eg synest vi burde bli flinkare til det, spesielt i den urolege tida vi lever i. Eg sender «glad i deg» på melding til både barna og barnebarna mine kvar morgon.
Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRK
Stian og Cathrine Mikkelsen
– Det har kanskje vorte ein vane. Når ein seier det ofte, så kjem det lettare òg, seier Cathrine.
– Eg kjem frå ein veldig klemmete familie. Hos oss heng kjenslene utanpå, seier Stian.
Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRK
Mina Malik
– Eg synest ikkje det er vanskeleg å seie det til dei ein er glad i. Eg synest ein må vere open og ærleg om kjenslene sine.
Håpar å kunne inspirere andre
Marie trur ho ikkje er åleine om å oppleve dette gapet.
– Eg har vore frustrert over det før. «Herregud, eg er dotter di, kan du ikkje seie det?». Men no er det heilt greitt. I familien til pappa har dei ikkje hatt for vane å seie det høgt, seier ho.
Da Marie reiste heim til Seljord for å spele låten for faren, vart det ingen tårevåt scene. Han konstaterte at den var «fin», før praten raskt gleid over på røyrdelar og praktiske ting på røyrleggjarbedrifta.
Ho håpar låten kan gje andre litt meir tolmod med dei som har eit anna kjærleiksspråk.
– Eg føler eg har spreidd litt meir kjærleik. Det er mange som seier «glad i deg» oftare no. Eg trur orda har vorte litt lettare å seie, seier ho.
Det er viktig å øve
Likevel har professoren ei klar oppfordring til dei som snakkar flytande «praktisk», men som teier om kjenslene.
– Du må øve, øve og øve. Vere klar over at det er vanskeleg, tenkje på det, leggje merke til det og bestemme seg for å prøve.
Han understrekar at ord faktisk tyder noko, sjølv for dei som viser kjærleik gjennom handlingar.
– Skal du nå heilt inn til andre, må du seie noko om korleis du har det. Du har alt å vinne på å uttrykkje det, sjølv om det kjennest kleint dei første hundre gongene, seier Solbakken.
Og kva med pappa Dagfinn, får han lyst til å seie dei tre små orda tilbake?
– Eg kan jo seie det. Orda finst. Eg er glad i deg, avsluttar Dagfinn.
Hei!
Tusen takk for at du las saka! Har du innspel, eller tankar om noko eg bør sjå nærmare på?
Send meg gjerne ein e-post.
Publisert 04.04.2026, kl. 18.53


















English (US)