– Vi fekk ikkje tid til å tenke så mykje, men i ettertid har det sige inn at vi var berre nokre meter frå å bli drepne.
Det seier Johan Helberg. Natt til 22. mai i fjor trefte konteinarskipet «NCL Salten» land på Byneset i Trondheim, berre meter frå huset der Helberg og sambuaren låg og sov.
– Det var reine tilfeldigheiter som gjorde at skipet trefte på ein optimal stad og blei bremsa av leire. Så ein generell refleksjon er at vi hadde flaks.
– Dette var eit veldig godt og generelt eksempel på kor frykteleg kort det er mellom liv og død, legg han til.
Det har gått eit år sidan Johan Helberg og sambuaren vakna til eit 135 meter langt konteinarskip i hagen.
Foto: Bent Lindsetmo / NRKMedan gleda over livet var stor for Helberg, begynte dramatikken å utspele seg på andre sida av skipet, hos nabo Jostein Jørgensen.
– På styrbord side var det positive ting, men på babord side, mot oss, var det ein tragedie. Vi frykta for at vi skulle miste heimen vår. Det var veldig tøft.
For då skipet trefte land utløyste det fleire skred på tomta til Jørgensen.
Skredkanten kraup stadig nærmare huset og familien Jørgensen var evakuerte i åtte månader før dei fekk flytte heim att.
– Eigentleg er det meir absurd enn skremmande, fortalde Helberg nokre timar etter at skipet nesten trefte huset hans.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKSkipet trefte land berre meter unna Helberg sitt hus.
Foto: Jøte Toftaker / NRKNavigatøren har forklart at han sovna på brua då skipet trefte land. Både han og kapteinen har status som sikta i saka
Foto: UkjentSamanstøyten førte til at det gjekk fleire skred på nabotomta.
Foto: Tariq Alisubh / NRKSkipet stod bom fast på land og fleire konteinarar måtte fjernast for å klare å trekke «NCL Salten» av land.
Foto: Bjarte M. Johannesen / Bjarte Johannesen/NRKEtter seks dagar blei skipet trekt ut frå fjøra på Byneset i Trondheim.
Foto: Jøte Toftaker / NRKJohan Helberg og sambuaren Joanne Fielder fekk omsider tilbake utsikta over Trondheimsfjorden.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKSamstundes kraum skredkanten stadig nærmare huset til Jostein Jørgensen.
Foto: Roger Myren / NRKNabofamilien var evakuerte i åtte månader og det var lenge usikkert kven som skulle betale for sikring av huset.
Foto: Helge Bull-Engelstad / NRKStaten og kommunen tok til slutt halve rekninga kvar for å sikre huset til Jostein Jørgensen.
Foto: Jørgen Berntsen Leangen / NRKArbeidet med å sikre skredområdet kom omsider i gang.
Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / NRK
– Vår klare hensikt er å forfølge dette rettsleg
For å sikre skredstaden på tomta til Jørgensen har staten og kommunen førebels delt rekninga.
Staten stilte med 4 millionar til sikringsarbeidet, og kommunen med 10 millionar.
Men Trondheim kommune meiner det er andre som sit med ansvaret og må betale for seg.
– Vår klare hensikt er å forfølge dette rettsleg.
Trond Åm, Byråd for byutvikling i Trondheim kommune.
Foto: Henning Levold / NRKDet seier byråd for byutvikling, Trond Åm, før han held fram:
– Men vi ønsker å ha alle kostnadane på bordet før vi går vidare med rettslege skritt.
Den nøyaktige prislappen for sikringa er enno ikkje klar, fordi det føregår overvakingsarbeid på staden og det vere behov for etterarbeid, forklarar Åm.
– Kven meiner de skal ta rekninga?
– No er det sendt ut eit varsel frå kommuneadvokaten til tre aktørar: Reiarlag, operatør og driftsselskap. Men kven som til sjuande og sist skal ta ansvaret må vi kome tilbake til, svarar byråden.
Advokat Herman Steen representerer både skipseigaren og driftsselskapet. Dei ønsker ikkje å kommentere saka.
NRK har ikkje fått svar frå reiarlaget, North Sea Container Line.
Jostein Jørgensen seier han og familien er takksame for at politikarane har jobba på og gjort det mogeleg for dei å flytte heim att.
– Og så håpar vi at kommunen skal få tilbake pengane sine, for dei har brukt mykje pengar på oss, seier Jørgensen.
Byråden seier det er sterkt å høyre Jørgensen takke politikarane.
– Det er jo demokrati på sitt beste når fellesskapet kan stille opp for mannen i gata som blei sett i ein heilt umogeleg situasjon, fordi det er andre som ikkje tar ansvar for handlingane sine, seier Åm.
Etter åtte månader kunne Jostein Jørgensen og familien endeleg flytte heim igjen.
Foto: Qader Faraji / NRKStoppa på gata for selfie
Helberg på Byneset fortel om ei travel tid etter at konteinarskipet gjekk på land i hagen hans.
– Det var masse media, masse intervju og masse merksemd frå folk. Den første tida kunne eg ikkje gå på butikken utan at folk kasta lange blikk, seier han.
– Helga etter var eg i Stavanger og der blei eg stoppa av to damer på gata som ville ta selfie.
– Korleis var det å bli berømt av ein sånn tilfeldigheit?
– Eg rakk å tenke litt på at det er morosamare å bli berømt for å ha utretta noko. Det å bli kjend fordi ein er kjend, det er eigentleg ikkje den heilt store livsoppgåva, svarar han.
Før
Etter
Sovna aleine på vakt
Då skipet gjekk på land, skal styrmannen på skipet ha sovna aleine på vakt.
Eigentleg skulle ein bruvaktalarm ha varsla om at skipet var på veg mot land, men alarmen var slått av.
Politiet meiner det er kapteinen som har det overordna ansvaret og dei er begge sikta for ikkje å navigere skipet på ein sikker måte.






Her trekkes skipet av land.
Helge Bull-Engelstad– Saka mot dei er no ferdig etterforska, og blei sendt til statsadvokaten onsdag.
Det seier politiadvokat Kjetil Bruland Sørensen til NRK.
Dei to er sikta for brot på skipssikkerheitslova paragraf 14.
– Dei er begge sikta for usikker navigering, men for forskjellige forhold, forklarer Sørensen.
Skipet var på veg til Orkanger då det gjekk på land på Byneset.
Foto: Kystverket / NRKStyrmannen er ein ukrainsk mann i 30-åra og kapteinen er ein nederlandsk mann i 60-åra.
– Han har tidlegare nekta straffskuld etter siktinga og han fastheld det, seier styrmannen sin forsvarar, Torfinn Kjørsvik Svanem.
Kapteinen ser fram til at etterforskinga blir ferdigstilt, skriv forsvarar Torbjørn Sognefest i ei tekstmelding til NRK.
– Slik at dei kan leggje ulukka bak seg. Han har sidan ulukkedagen primært vore opptatt av dei grunnstøytinga fekk konsekvensar for, heller enn si eiga rolle.
Skipet stod her frå 22. til 27. mai i fjor.
Foto: Tariq Alisubh / NRKPublisert 22.05.2026, kl. 05.33














English (US)