Flyktningar som Joseph får mindre hjelp enn før – han tyr til plastkorkar som løysing

1 month ago 16


– Eg bind dei saman slik som dette, også lager eg eit mønster. Her ser du – ein, to, tre, fire, fem, seks, sju, seier Joseph og tel opp kor mange rader med plastkorkar han har brukt for å lage botnen av ei dameveske.

14-åringen står utanfor det vesle huset han deler med søskenbarnet på 16 år. Han viser stolt fram handverket sitt.

Han har samla saman mange hundre fargerike runde plastbitar – dei som utgjer den nedste delen av ein plastkork. Av dette lagar han ryggsekkar, vesker, skjørt og sko.

– Eg selde eit par sko for 600 kenyanske shilling (45 kroner), også kjøpte eg skuleutstyr av det, fortel Joseph nøgd.

Han håper dei fargerike kreasjonane skal sørge for at han kan fortsette på skulen. For Joseph har nyleg fått eit problem i fanget. Skulen der han går deler ikkje lenger ut skuleutstyr gratis. Det er slutt på pennar, skulebøker og ryggsekkar.

Omfattande bistandskutt i mange land

Fleire regjeringar som vil prioritere heimlege behov, samt eit auka behov for militær opprusting, har ført til store endringar i bistandsbransjen. Kuttet på Joseph sin skule har direkte samanheng med statsbudsjett langt borte.

USA og Donald Trumps massive bistandskutt fekk mykje merksemd, mellom anna fordi dei var store og brå. Men også andre land har gjort endringar:

  • Noreg har halde seg til «bistandsprosenten» – at ein prosent av bruttonasjonalinntekt (BNI) går til bistand. Men fleire statsbudsjett på rad er stadig fleire ulike utgifter putta inn i bistandsbudsjettet. Krigen i Ukraina har også skapt store endringar. I 2026 er Noreg og Ukraina dei landa som mottek mest av den norske bistandsprosenten til ulike prosjekt. Tenkjetanken Langsikt er blant dei som har kartlagd dette.
  • I Storbritannia har det vore kutt, og regjeringa signaliserer ytterlegare kutt i 2027, frå 0,5 prosent til 0,3 prosent av BNI.
  • Frankrike ligg ikkje i rute til målet om 0,7 prosent av BNI til bistand. Organisasjonen Focus2030 har rekna seg fram til at det går mot 0,38 prosent av BNI i 2026.
  • Tyskland med nedgang frå 0,68 prosent av BNI i 2024 til 0,52 prosent i 2026, og vidare kutt fram mot 2029.
  • Ifølge DonorTracker, som jobbar med å halde oversikt over global bistand er det også bistandskutt i Belgia, Canada, Sør-Korea, Nederland, Sverige og Sveits.

Til saman er det mykje pengar som er flytta bort arbeid som skjer på stader som Kakuma, flyktningleiren der Joseph bur – nordvest i Kenya.

Skuleutstyr på skulen til Joseph er berre eit av mange problem som har dukka opp i Kakuma etter omfattande kutt.

  • Aukande problem med tilgang på drikkevatn og forbetring av avløpssystem.
  • Nykomne flyktningar frå pågåande kampar i Sør-Sudan hopar seg opp ved ankomstsenteret.
  • Mindre medisinar og lågare kapasitet i helsetilbodet
  • Kraftig kutt i psykososial hjelp, traumebehandling og oppfølging av sårbare barn.
  • Mindre mat til utdeling

FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) har det overordna ansvaret i leiren, og fortel NRK at det er naudsynt å prioritere det mest akutte.

Fritidstilbod til barn og unge, tiltak som skal skape jobbar og vedlikehald av infrastruktur er noko av det som ikkje blir finansiert lengre.

Fleire underernærte barn

Og at matrasjonane til Verdas Matvareprogram er både færre og mindre ser dei tydeleg ved helsesenteret i flyktningleiren.

– Me har sett ei auke i underernæring, og det er spesielt på grunn av ein reduksjon i matrasjonar. Dette kjem som følger av utfordringar med pengetilførsel. Det har vore ein reduksjon frå 80 prosent til 40 prosent, seier Denis Opondo.

Ein afrikansk mann i raud skjorte framfor pasientar som sit med ryggen til.

Denis Opondo fortel om auke i sjølvmord og underernæring i Kakuma.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Han er lege ved Røde Kors sin helseklinikk i Kakuma, og viser til at flyktningfamiliar tidlegare fekk dekka 80 prosent av sitt minimumsbehov for mat, og at støtta no er nede i 40 prosent av minimumsbehovet.

Andre familiar får endå mindre, fordi det er innført eit system der flyktningane blir vurdert etter kor sårbare dei er, og dei som er mest sårbare får mest mat.

Mange av dei NRK møter i leiren fortel at systemet skaper mykje uro, fordi det vert sett på som urettferdig, og fordi det skaper skilnader mellom flyktningar.

Ved helsesenteret ser dei også andre konsekvensar. På apoteket er dei nesten tomme for enkelte medisinar, og dei manglar helsepersonell som tidlegare gjekk rundt i leiren for å oppsøke folk som kanskje ikkje veit at dei har smittsame sjukdommar som tuberkulose og HIV.

Auke i sjølvmord

I tillegg er det ei merkbar auke i behovet for psykiatrisk hjelp etter dei mange kutta.

– Me ser ei auke i sjølvmord, og sjølvmordstankar. Det heng ofte saman med systemet der flyktningar er sett i ulike kategoriar, og kor nokre hamnar i ein kategori som gir dei lite mat, fortel Opondo.

Yvette Otoi sit i ein blå plaststol framfor teltet sitt. Dei seks barna hennar sit rundt ho, medan ho snakkar med låg og trist stemme.

Yvette Otoi utanfor heimen sin med fleire av barna sine

Yvette Otoi har åleineansvaret for borna etter at ho nyleg vart enke.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Hjelpa har blitt mindre det siste året, både for oss og nabolaget. Det kom heilt uventa, seier Otoi.

Plutseleg skulle alt bli endå verre.

– Han var veldig stressa, og synest det var altfor vanskeleg å hjelpe familien sin. Han falt ned på at han ikkje kunne vere til hjelp, og han tok livet sitt, fortel Otoi.

Ho fortel om korleis ho vart enke. Historia er ei av fleire som omhandlar sjølvmord i Kakuma. Også frå andre flyktningleirar kjem det forteljingar om ei auke i sjølvmord.

Yvette Otoi er usikker på kva ho skal gjere, fordi mangelen på hjelp er noko som er utanfor hennar kontroll.

– Borna er ikkje på skulen lenger. Dei må bidra til å skaffe inntekter. Det er vanskeleg å vere åleineforsørgar her i leiren som kvinne, seier ho.

Joseph vil bli lege

Eit lite stykka unna, i den same leiren, bur Joseph. Han er framleis optimist, og håper at plastkreasjonane hans skal hjelpe i ei vanskeleg tid.

Han og søskenbarnet forsøker å klare seg åleine. Foreldra deira forlét borna i leiren for ti år sidan, og reiste tilbake til Sør-Sudan på jakt etter jobb.

– Å kunne gå på skule kan endre framtida mi. Eg ønsker å bli lege, slik at eg kan dra til Sør-Sudan og hjelpe folket mitt, seier Joseph.

Planen er å bruke feriar og fritid på å lage vesker, sko og sekkar, og deretter selje dei på den internasjonale flyktningdagen, då det vil vere eit stort arrangement i Kakuma.

Publisert 06.04.2026, kl. 16.04

Read Entire Article