Flykta frå politiet i Lund

5 hours ago 1


Ein mann i 40-åra er pågripen i morgontimane i dag etter ei flukt frå politiet, som starta med ei måling på 113 km/t i 60-sona ved Heskestad i Lund.

Mannen var passasjer i bilen. Etter å ha blitt sett av langs Gamlevegen medan bilen rasa vidare, prøvde mannen å skjule seg ved å bryte seg inn i ei hytte.

Førar av bilen er ikkje funnen.

– Politipatruljen fortsette eit stykke, men mista bilen av syne, opplyser operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen.

Politiet sette inn store ressursar, inkludert drone og hundepatrulje, før passasjeren blei funnen rundt klokka 05:55.

Mannen, som høyrer heime i Agder, blir no frakta til arresten.

Read Entire Article