Fleire kjende turisthytter opnar ikkje etter snømangel

4 hours ago 2


Den Norske Turistforening melder om at Gjendebu, Grimsdalshytta og Bjørnhollia ikkje opnar i vinter og til påske.

Det melder DNT.

– Det er utruleg synd for oss, men det er bart fleire stader, seier Beate Øygarden, vertskap ved Bjørnhollia i Rondane.

Ho tykkjer det er trist at dei må avlyse påska i år.

– I fjor så hadde vi ei veldig god påske og mange turistar, så kontrasten til i år er stor. Vi sjekka føre førre helg, men det er så lite snø at det ikkje er forsvarleg å opne, seier Øygarden.

Gjendebu påska 2024.

Slik såg det ut ved Gjendebu i påska i fjor. I år er det langt mindre snø og usikker is på Gjende.

Foto: Øystein Gården / DNT

– Blir stadig meir ustabilt

Ho og Svein Aaseng har vore vertskap for DNT-hytte sidan 1994. Før Bjønhollia var dei vertskap på Liomseter.

– Det har aldri vore spørsmål om å ikkje opne til påske før. Det er berre ei endring i klimaet vi må ta innover oss. Det blir stadig meir ustabil vinter.

Kart som viser Gjendebu

Gjendebu er ei av hyttene som ikkje opnar til påske.

Det er ikkje fyrste gongen dei har sett seg nøydd til å stenge. I 2011 og 2022 måtte dei også halde stengt som følgje av snømangel.

– Vi får stadig meir ekstremvêr og det er større skilnader på temperaturane. Ei slik mildvêrsperiode som vi hadde i januar er ekstremt sjeldan. Å ha ei veke med over 10 varmegrader i Østerdalen har eg aldri vore vorte i før, seier Øygarden.

Ser fram til sumarsesongen

Ho hadde sett fram til å ta imot blide påsketuristar, men no ser ho fram til sumarsesongen.

– Vi opnar 20. juni og ser veldig fram til det! Den ser lovande ut, og allereie er det mange bestillingar. Spesielt frå utlendingar. Vi får håpe det bergar heile drifta vår, seier Øygarden.

Publisert 19.03.2025, kl. 16.49 Oppdatert 19.03.2025, kl. 17.02

Read Entire Article