Med eit rykk vakna Salma al-Taweel av at det rista kraftig i leilegheita i dag morges.
– Det kjendest som eit jordskjelv. Ein massiv eksplosjon lyste opp himmelen, fortel ho til NRK.
Ho trur eksplosjonen skjedde to til tre kilometer unna huset, likevel frykta ho at blokka skulle kollapse.
– Det var ein drapsrobot, seier ho.
Hjelpearbeidaren Salma al-Taweel framfor det som pleidde å vere huset hennar i Gaza by. Bildet er nokre veker gammalt.
Foto: PrivatStadig fleire palestinarar rapporterer om slike drapsrobotar.
I tillegg til luftangrep frå dronar og kampfly, blir ubemanna bakkekøyretøy (UGV) ladde med kraftige eksplosiv sende inn i tett befolka område i Gaza by.
Der detonerer dei.
– Dei skil openbert ikkje mellom sivile og militære, seier seniorforskar Bruno Oliveira Martins, som leiar Prio si forskingsgruppe på teknologi og sikkerheit.
Bryt med folkeretten
IDF har auka bruken av UGV-ar med eksplosiv i Gaza, ifølge Euro-Med Monitor. Slike UGV-ar går innunder det som blir kalla dødelege autonome våpensystem.
Fleire israelske medium rapporterer om auka bruk av UGV-ar i Gaza. IDF har ikkje svart NRK på om dei bruker slike køyretøy med sprengstoff og i kva grad dette er ein standard taktikk.
Ei pansra stridsvogn og ein D9 bulldosar på grensa mellom Israel og Gaza.
Foto: SUSANA VERA / Reuters / NTBMartins trur at avstanden mellom angripar og offer skaper ein avstand til lidingane våpena påfører folk.
– Det er viktig å seie at Israels strategi med å umenneskeleggjere dei palestinske offera har mange dimensjonar. Ein av dei er bruken av desse våpena.
Ei rekke organisasjonar og statar jobbar med å få på plass eit totalforbod mot dødelege autonome våpensystem – eller drapsrobotar, som dei også er kjende som.
– Sjølv utan eit forbod, finst det nok av grunnlag i folkeretten til å kritisere bruken av dei kraftig, seier Martins.
Bruno Oliveria Martins er seniorforskar ved Prio i Oslo og IDN i Lisboa.
Foto: Institutt for fredsforsking (Prio)Han peikar på at «drapsrobotane» bryt med to sentrale prinsipp i krigens folkerett: å skilje mellom sivile og militære, og å ikkje forårsake overdriven skade på sivile for å nå militære mål.
– Å bryte med desse prinsippa er ulovleg og kan utgjere krigsbrotsverk, og det er akkurat det vi har sett i Gaza, seier han.
Høgteknologisk krigføring
I august godkjende det israelske forsvarsdepartementet ein avtale om å investere nærmare 15 milliardar norske kroner i stridsvogner, mellom anna i ubemanna pansra køyretøy.
Dei er ikkje aleine om å satse på autonome og fjernstyrte militære teknologiar.
Dagens våpenkappløp er i stor grad sentrert rundt kunstig intelligens og robotikk, og ei rekke land jobbar med å skaffe seg eller utvikle dødelege autonome våpen.
Særleg sjølvstyrte dronar utstyrt med eksplosiv har blitt ein viktig del av moderne krigføring, slik vi har sett i krigen i Ukraina.
Målet er større makt og færre tap av eigne soldatar.
– Det er ei veldig farleg utvikling. Jo større avstanden mellom angripar og offer er, jo lågare er terskelen for å angripe, seier Martins.
IDF er eit høgteknologisk forsvar, og ofte leiande på å utvikle ny våpenteknologi, fortel Hanne Eggen Røislien ved Stabsskolen i forsvaret.
Hanne Eggen Røislien er forskar ved Stabsskolen i forsvaret.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe– Den teknologiske utviklinga i Israel er driven av forsvarsindustrien. Og i kjernen av det israelske forsvaret står tanken om at ein skal minimere tapet av eigne, difor satsar ein på krigføring på avstand, seier ho.
Israel har mellom anna eksportert dronar drivne av kunstig intelligens til fleire land.
Riv ned hus
Israel har også brukt sjølvstyrte bulldosarar i Gaza dei siste åra, for å rive ned hus og infrastruktur. Maskinane blir nytta til både militære mål og til å legge bustadar i ruinar.
Det amerikanske selskapet Caterpillar er blant dei som har levert utstyr som blir brukt i desse øydeleggingane, noko som har ført til at Oljefondet har trekt seg ut av selskapet.
Ein Caterpillar D9-bulldosar i Nord-Gaza.
Foto: ReutersMartins ser på bruken av både drapsrobotar og sjølvstyrte bulldosarar som ein dehumaniseringstaktikk.
– Å sjå huset og levebrødet sitt bli øydelagd er forferdeleg i seg sjølv. Når det blir øydelagd av ein robot, kan du ikkje ein gong protestere eller gjere opprør, seier fredsforskar Martins.
Opptatt av det som skjer utanriks? Høyr den nyaste episoden av redaksjonen sin podkast:
Publisert 19.09.2025, kl. 16.55 Oppdatert 19.09.2025, kl. 17.56