Fleire bustadar kuppa før visning: Betalte nesten ein million over prisantyding

3 hours ago 5


– Veldig mykje av det vi såg på var typisk leilegheiter mange andre òg var ute etter, seier Steen.

– Og dei fleste av dei vi såg, gjekk ganske godt over prisantyding, held ho fram.

I haust var Tonje Steen og sambuaren Christoffer Ellingsen på bustadjakt i Oslo. Fulle visningar, og leilegheiter som gjekk langt over prisantyding, gjorde at paret bestemte seg for å vere offensive.

– Vi tok kontakt med ein gong leilegheita blei lagt ut på Finn og bad om privatvisning.

På veg heim frå visning la dei inn eit direkte bod til seljaren. Dei enda opp med å betale 900.000 over prisantydinga.

Tal frå Finn.no viser at heile 8 prosent av bustadane i hovudstaden har blitt kuppa så langt i januar 2025. Det er opp frå 3–4 prosent dei fleste månadane i 2024.

Jørgen Hellestveit, leder i FINN eiendom

Jørgen Hellestveit presiserer likevel at desse tala er basert på analysar og indikasjonar, og at dei ikkje kan vite heilt med sikkerheit at det i alle tilfelle er snakk om kupping.

Foto: FINN Eiendom/Pressefoto

– Dette tyder på at konkurransen blant kjøparar er særleg høg akkurat no, seier Jørgen Hellestveit, bustadekspert og leiar i FINN eigedom.

Og det er ikkje berre i Oslo at antal kuppforsøk no aukar.

Spådommar om «prisauke» og «priseksplosjon», og frykt for å ramle av i bodrunden, gjer fleire og fleire no forsøker å «kuppe» til seg ein stad å bu.

Høgast prisvekst i Stavanger og Bergen

– Ja, det er meir kupping. Det er vesentleg mykje fleire folk som ønsker å kuppe no, seier dagleg leiar Michael M. Myhre i Eie eigedomsmeklar. Han held til i Stavanger.

Han anslår at det truleg har skjedd ei dobling i antal kuppforsøk i Stavanger frå tilsvarande periode i fjor.

– Folk er leie av å springe på visning og tape fleire bodrundar.

Visning på Randaberg i Rogaland. Bilde tatt 27.01.25.

Det var mange interessentar på plass på visning på Randaberg.

Foto: Øystein Staupe Vaglid / NRK

Stavanger og Bergen var byane med høgast prisvekst i 2024. Det er også i desse to byane, saman med Oslo, at det er venta at prisane vil stige mest dette året.

Tal frå Finn viser at 4,8 prosent av bustadar i Bergen har blitt kuppa hittil i januar. Dette er ei tilnærma dobling samanlikna med 2023 og 2024.

– I hovudsak er det nok fordi folk ønsker å sikre seg ein bustad, og viss denne går til visning opplever folk at andre kan betale meir, seier dagleg leiar Christer Vikebø hos Privatmegleren Bergen.

Han opplever også at fleire av dei som ønsker å kjøpe no er uroa for kupping.

– Fleire tar kontakt for å spørje om det er fare for at ting blir seld før visning.

Regjeringa ønsker å stramme inn

På fredag la regjeringa fram forslag til ny eigedomsmeklingslov (ekstern lenke). Der vil dei stramme inn reglane for bodfristar, hemmelege bod og såkalla «bustadkupping».

Næringsminister Cecilie Myrseth og Finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Eigedomsmeklarar blir gitt ei lovfesta plikt til å åtvare seljarar mot å akseptere direktebod.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Regjeringa vil ikkje legge ned forbod mot kupping, men vil likevel lovfeste det som til no har vore ein forskriftsregel om at meklar skal oppmode seljar om å ikkje ta i mot bod direkte frå kjøpar.

– Hemmelege bod og kupping skapar utryggleik for kjøpar og seljar, og kan føre til at bustadhandelen blir gjennomført utan viktig informasjon, sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Endringane skal legge til rette for ein meir gjennomsiktig og rettferdig bustadmarknad, ifølge finansministeren.

– Vi har jo møtt litt motstand

Ole Husebø er blant dei rett under tretti som har møtt på visning på Randaberg utanfor Stavanger i dag.

Han merkar at han no er kjøpar i ein tøff marknad.

– Vi har jo møtt litt motstand. Vi er overraska over at prisane har vekse såpass mykje.

Visning på Randaberg i Rogaland. Meklar helsar på potensiell kjøpar. Bilde tatt 27.01.25.

Ole Husabø seier han sjølv har vurdert om det kan lønne seg å «kuppe».

Foto: Øystein Staupe Vaglid / NRK ROGALAND

– Har du høyrt om kupping?

– Vi opplevde det på sist visning vi skulle på. Då var det nokon som hadde kjøpt bustaden i forkant av visning, seier Husebø.

– Hadde du vurdert det sjølv?

– Ja, eg har forsøkt å få med meg sambuaren min, men eg trur ho vil sjå det først.

Ville gitt det same i ein bodrunde

På Randaberg blir det lagt opp til bodrunde. Eigedomsmeklar Hilde Olsen seier problemet med kupping er at ein ikkje får testa marknaden skikkeleg.

– Så då veit ikkje seljaren heilt om ein har gjort eit bra sal, og kjøparen veit ikkje om ein har gjort eit godt kjøp.

Eigendomsmeklar Hilde Olsen på visning på Randberg. I forgrunnen står pappkrus og drikkevarer til gjestane.

Eigedomsmeklar Hilde Olsen trur den nye lovgivinga vil vere bra for marknaden. Ho seier det no er fleire som ber om privatvisning.

Foto: Øystein Staupe Vaglid / NRK

I Oslo er Tonje Steen og sambuaren likevel fornøgde med bustadkjøpet.

– Har de i etterkant vore redde for at de overbetalte?

– Ein veit jo ikkje om ein har gjort eit godt eller dårleg kjøp, og det gode er jo på ein måte at ein aldri får vite heller, seier Steen.

– Men vi hadde òg gått opp til den summen om det var i ein bodrunde, legg ho til.

Når NRK tar kontakt med meklar dagen etter visninga på Randaberg har bustaden blitt seld for ein million kroner over prisantyding.

Publisert 31.01.2025, kl. 14.02

Read Entire Article