Fleire blir ramma av musepest: Slik kjenner du igjen sjukdommen

4 hours ago 6


– Det ein må vere merksam på er magesmerter. Spesielt om det oppstår to til tre veker etter at ein har vore i kontakt med gnagar-ekskrement, seier overlege Jan Bitter ved Sørlandet sykehus.

Gnagarar er no eit problem i fleire heimar.

NRK har nyleg skrive at 2025 blir eit år med betydeleg fleire mus enn før.

Overlegen har fleire gonger årleg opplevde pasientar som får denne virussjukdommen.

– Det er spesielt i år med mange lemmen og mus. Vi ser eit auka tal pasientar med puumalavirus, fortel han.

Ikkje alle gnagarar kan spreie viruset

Så langt i år er det meldt inn 34 tilfelle av musepest i Noreg. I fjor var talet 27 tilfelle.

Talet kan ende opp med å bli høgare når året er omme.

Desember inngår ikkje i tala i år, og månaden byr normalt på mange tilfelle av musepest. Dessutan blir ein del sjukdomstilfelle etterrapportert.

Sjølv om det er eit skikkeleg «musår», er FHI usikre på om det også blir uvanleg mange musepest-tilfeller.

Normalt har Innlandet og Telemark mest musepest.

Klatremus på verstingliste

Helena Niemi Eide er lege ved avdeling for Smittevern og beredskap i Folkehelseinstituttet.

Ho fortel at det ikkje er alle museartar som kan spreie musepesten.

– Vi kan sjå ein auke av musepest viss bestanden av klatremus aukar. I år er det særleg rapportert om auke av småskogmus. Den arten spreier ikkje musepest, seier Niemi Eide.

Overlege Jan Bitter har mange gonger møtt pasientar med musepest og seier ein skal sjå etter desse symptoma:

  • Magesmerter
  • Mild leverbetennelse
  • Låge blodplater
  • Nyresvikt

FHI påpeikar at musepesten ikkje er ein vanleg sjukdom, men oppfordrar likevel folk til å unngå kontakt med gnagarar og avføringa deira.

Døde mus

SPREIER SEG: Døde mus og museekskrement kan spreie musepest. Unngå å røre dei utan vern.

Foto: Erling Johnsen / NRK

Svangerskap og nyresvikt

Finn du noko som kan likne på avføring frå mus i heimen?

Då bør du tenke deg om før du begynner å vaske det vekk.

Smitten blir overført via støvet frå tørka avføring.

– Om ein ser museekskrement bør ein bruke våt klut ved reingjering. For ekstra vern kan ein bruke munnbind og hanskar, seier Niemi Eide ved FHI.

I nokre tilfelle kan smitten også overførast gjennom drikkevatnet.

Menneske med høgare risiko for å bli sjuke bør vere ekstra forsiktige. Vanlegvis er sjukdommen godarta og gir ein forbigåande nyresvikt.

– Ekstra varsam må ein vere om ein er gravid eller lir av nyresvikt, seier overlegen frå Sørlandet sykehus.

Publisert 17.12.2025, kl. 15.52

Read Entire Article