Fleire av førstekandidatane til Stortinget bur ikkje «heime»

1 hour ago 3


Ny kartlegging av dei som toppar vallistene reiser spørsmål om kva det vil seie å ha eit «heimfylke».

NRK si undersøking viser at 19 av førstekandidatane ikkje bur i det valdistriktet der dei stiller til val. Sjå heile oversikta under.

Jo Saglie ved Institutt for samfunnsforsking viser til at det tidlegare var lovfesta at folkevalde måtte bu i den valkretsen dei representer. Regelen blei oppheva i 1952.

Men det er framleis ei sterk norm om at dette skal vere hovudregelen, seier han.

Er det så nøye kor dei folkevalde bur?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Vi har mista den lokale tilknytinga

Mellom 1952 og 2001 var det berre 1,7 prosent av dei folkevalde som budde utanfor sitt eige valdistrikt første gong dei blei valde inn på Stortinget.

Nyare statistikk finst ikkje, men fleire statsvitarar seier til NRK at fenomenet har blitt vanlegare, symbolisert ved taktiske troppeforflyttingar.

Eit eksempel er da tidlegare KrF-leiar Dagfinn Høybråten blei overført til Rogaland valdistrikt for å sikre seg ein «trygg plass». Høybråten er oppvaksen i Oslo, men budde tre år i Sandnes mens faren var veterinær der.

Eller då Carl I. Hagen (frå Røa, Oslo) blei plassert øvst på nominasjonslista til Oppland Frp. Enkelte av partikollegaene trudde det var ein spøk.

Vi har mista den lokale tilknytinga, fortvilte Silje Diserud (Frp).

  • Stig Even Lillestøl - Frp

    Victoria Marie Nordahl

    Stig Lillestøl (Frp) bur i Kristiansand, men vil representere Sogn og Fjordane på Stortinget

    – Eg er fødd og oppvakse og har levd mesteparten av livet mitt i Nordfjord. Derfor er Sogn og Fjordane den mest naturlege staden for meg å stå på liste. Det er naturleg at folk flyttar på seg i 20-åra, blant anna i samband med studiar. Du blir ikkje mindre nordfjording av den grunn. På sikt ønsker eg å komme tilbake til det som er min heimstad – Nordfjord.

  • en kvinne som sitter ved et skrivebord med en mikrofon og en mann bak segMarie Sneve Martinussen

    Frida Wattne Lindland / NRK

    Marie Sneve Martinussen (Raudt)

    Til liks med Erlend Wiborg (Frp) bur Marie Sneve Martinussen i Moss. Men det er berre førstnemnde som stiller til val i Østfold. Raudt-leiaren stiller som førstekandidat for Akershus.

  • en mann i dress og slips

    Øivind Haugen / NRK

    Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

    Andreas Bjelland Eriksen (Ap) stiller som førstekandidat for Rogaland, men bur i Oslo

Geografi-dimensjonen synest å bli slipt ned

I artikkelen Landskapet under isbreen skildrar Samtiden-skribent Edvard Lysne korleis den politiske kulturen i Noreg er forma av kyst, fjord, skog og fjell.

Valforskar Svein Tore Marthinsen meiner at desse stadlege føresetnadene framleis er styrande for kven veljarane set lit til:

Sjølv om geografi-dimensjonen synest å bli slipt noko ned, så er det samtidig slik at geografi står sterkt her til lands.

Han gjer eit poeng av at representantane på Stortinget framleis er sortert etter kva valkrets dei representerer, og ikkje etter kva parti dei tilhøyrer – som er hovudregelen i resten av verda.

  • Torbjørn Vereide (Ap) er stortingsrepresentant for Ap i Sogn og Fjordane

    Rolf Petter Olaisen / NRK

    Torbjørn Vereide (Ap)

    Torbjørn Vereide (Ap) frå Sogn og Fjordane har kone og dottar i Oslo, men reiser «heim» (som han seier) til sitt eige valdistrikt – der han er folkeregistrert – så ofte han kan.

  • Stortingsrepresentant Bård Ludvig Thorheim

    Bård Ludvig Thorheim (H)

    Bård Ludvig Thorheim (H) representerer Nordland på Stortinget. Han disponerer framleis ein bustad i Bodø, men er folkeregistrert i Oslo.

    – Det er fordi kona mi jobbar der og vi har barna der. Eg har bustad som eg bruker jamleg i Bodø, byen der eg er fødd og oppvaksen.

  • David Hansen i dress

    Mathea Hallingstad Laugen / NRK

    David Hansen (KrF)

    David Hansen (KrF) stiller som førstekandidat for Østfold, men bur i Vestfold

Poenget er at det skal vere ei reell forankring

Generalsekretær i Venstre, Fredrik Carstens, seier det er «viktig at stortingsrepresentantar har ei sterk tilknyting til fylket dei representerer» og at det er «viktig å vere fysisk til stades i heimfylket».

Å vere med på møte, snakke med folk og vere til stades i lokalmiljøet gir viktig førstehandsinnsikt.

Han vil likevel ikkje ha eit krav om at listetoppane har fast tilhald i fylket dei representerer.

Poenget er at det skal vere ei reell og dokumenterbar forankring. Det kan vere gjennom oppvekst, tidlegare bustad, arbeidsstad, politisk virke eller anna lokalt engasjement.

Kristin Antun, gruppeleder MDG i Viken.

– Det aller viktigaste er at vi får dei beste folka inn på Stortinget, og at dei både i valkampen og i stortingsperioden gjer jobben med å representere valkretsen grundig og godt, seier Kristin Antun, partisekretær i MDG.

Foto: MDG

Statsvitar ved Universitet i Tromsø, Jonas Stein, meiner at home is where the heart is, og at avstand ikkje er til hinder for å tene interessene til heimfylket:

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (Ap) budde mange år i Bærum, men få har vel representert Finnmark sine interesser så sterkt som det han gjorde.

Til sjuande og sist er dette noko veljarane må ta stilling til. Om veljarane meiner at ein førstekandidat ikkje kan representere interessene deira fordi hen er busett i ein annan valkrets, så kan dei stemme på eit anna parti.

  • Svein Tore Marthinsen

    Svein Tore Marthinsen, valforskar

    Om manglande geo-forankring er eit demokratisk problem eller ei, er avhengig av auget som ser. På den eine side så kan ein seie at kva skal ein med valkretsar, og desentralisert nominasjon, om ein endar opp med å sette folk frå heilt andre delar av landet på topp? På den andre sida er jo representantane først og fremst representant for partiet sitt.

  • Martin Søyland

    NRK

    Martin Søyland, postdoktor ved Institutt for statsvitskap

    Det kan definitivt vere eit problem om dette fører til større avstand mellom veljarane og politikarane. Samtidig er det mogleg for veljarane å straffe politikarane om dei bruker dette veldig strategisk.

  • Jostein Askim, professor, Institutt for statsvitskap, UiO

    Jostein Askim, professor i statsvitskap ved UiO

    I nokre få tilfelle pressar partileiinga eit fylkesparti til å nominere ein framståande partifelle på lista si, fordi vedkommande har dårlege utsikter til å bli vald frå sitt eige fylke. Det er forståeleg ut frå eit partiperspektiv, men uheldig med tanke på reell geografisk representasjon.

  • ein person med handa i ansiktet

    Eivind Senneset

    Åsta Dyrnes Nordbø, statsvitar ved Universitetet i Bergen

    Eg trur det kan vere ein forskjell mellom veljarane avhengig av parti, som at Sp-veljarane vil vere meir var for representantar som ikkje har heimstadadresse i fylket dei stiller til val i enn det som er tilfellet for Høgre eller Arbeidarpartiet. Men eg har ingen bevis å slå i bordet med.

  • Professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Jørgen Bølstad.

    Amund Aasbrenn

    Jørgen Bølstad, professor ved institutt for statsvitskap (UiO)

    Eg vil tru fenomenet kan vere aukande, både fordi mange politikarar buset seg i sentrale strøk og fordi partia gjer taktiske vurderingar av kva plassar som er meir og mindre sikre og kven dei verkeleg ønsker å få valt inn.

  • Jonas Stein utanfor UiT Noregs arktiske universitet

    Ida Louise Rostad / NRK

    Jonas Stein, førsteamanuensis i statsvitskap

    All representasjon inneber dilemma mellom deskriptiv representasjon og substantiv representasjon. Det norske valsystemet ønsker klart at det skal vere ein geografisk representasjon på Stortinget, men det seier ikkje noko om det er gjennom at folk bur ulike stader i landet eller om dei representerer ulike geografiske interesser.

  • ein kvinne som smiler framfor ein bygning

    MDG

    Kristin Antun, partisekretær i MDG

    Når det gjeld om det er viktig at stortingskandidatar er bustadregistrerte i valkretsen dei stiller til val i, så tenker eg at tilknyting til valkretsen, og kjennskap til kva som er betyr mykje for folk der er viktig, og at bustadadresse er ein av fleire ting som kan bidra til det.

utsikt over fjelltopper, med et blågrønt vann i midten, blå himmel i bakgrunnrn

Å VESTLAND VESTLAND: Kan dei folkevalde fullt ut representere «heimfylket» sine interesser om dei bur i ein annan landsdel? Det er spørsmålet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Publisert 13.08.2025, kl. 06.32

Read Entire Article