
Grace vart nyleg enke. Ho seier det gjer vondt å sjå på biletet av mannen.
Foto: Vegard Tjørhom / NRKGrace held opp eit bilete av ektemannen, som reiste til Russland med lovnader om trygg jobb. Nokre veker etter vart han drepen i Ukraina.
Ein stad i Ukraina ligg ein død kenyanar kledd i russisk uniform.
Hans namn er Martin. Ein pappa som hadde draumar og håp for sine fire barn. Men håpet hans slokna brått ein dag i slutten av november.
Martin var det dei kallar «breadwinner» i Kenya – den i familien med ansvaret for å skaffe mat på bordet.
Han reiste til Russland med håp om å skape ei ny framtid for familien.
Grace og Martin hadde saman ansvar for fire barn. No står Grace åleine att med ansvaret.
Foto: Vegard Tjørhom / NRK– Han fortalde meg at han ville investere i utleigebustader, og finne ein veg ut av fattigdom. Og når han kom tilbake ønska han å kunne leve slik han drøymde om. Han ville så gjerne kunne svare «ja» om borna kom med eit ønske.
Hadde mista jobben
Grace Gathoni fortel om Martin Macharia Mburu. Ho møtte han i nabolaget der dei bur. Han køyrde matatu – ein liten buss som utgjer kollektivtilbodet i hovudstaden Nairobi.
Det var Martin som sjekka opp Grace. Dei hadde begge eit barn frå før. Og saman fekk dei to til.
– Han var så snill. Så kjærleg.
Grace har henta ned eit bilete ho har gøymd bort oppå eit skap. Det er for vanskeleg å sjå på biletet av Martin, og på tinga hans som ligg overalt i den vesle heimen dei har skapt i Kenya.
Den siste tida før Martins reise til Russland hadde vore vanskeleg. Passasjerbussen han var sjåfør for skulle seljast. Dermed var jobben borte, og Martin var desperat.
– Han sa at sjølv om han måtte vaske andre folks føter, så ville det vere greitt, så lenge han tente pengar til familien sin, seier Grace.
Ein jobb i Russland
Så kjem han heim ein dag og seier at han drar til utlandet om fem dagar. Han har funne ein jobb. Men han ville ikkje seie kor han skulle reise.
To dagar seinare fortel han kona at det er snakk om Russland. Visum og billettar vert ordna av mellommenn. Han skal fly til Moskva, via Sharjah, nabobyen til Dubai.
Martin flaug frå Nairobi, via Dei sameinte arabiske emirata, til Moskva i oktober.
PrivatGrace hadde høyrt om krigen mellom Russland og Ukraina, og sa til Martin at ho var redd for han.
– Han sa at eg ikkje trengde uroe meg. Han skulle ikkje dra til Russland for å krige, men for å vere sjåfør, sa han.
Martin hadde jo uansett aldri fått militærtrening, så kva hadde han å bidra med i ein krig?
Han hadde heller aldri opplevd temperaturar ned mot null, og han kunne ikkje eit einaste ord russisk. Føresetnader for ein vellukka militærkarriere i Aust-Europa var lik null.
Men etter framkomst i Russland endra ting seg raskt. Martin fekk ein kontrakt til signering, skriven på russisk. Han måtte signere for å få jobben.
Og tre dagar etter at han er framme i Russland ringer han heim til Grace.
– Han sa: «Min kjære. Dette er ikkje jobben dei hadde lova meg. Dei har gitt oss våpen og teke oss med til skogen», fortel Grace.
Martin sende nokre bilete heim til kona - av den nye og uventa situasjonen han plutseleg stod oppi.
Den ferske soldaten Martin.
PrivatMartin hadde framleis ikkje gitt opp håpet om at han faktisk skulle få jobbe som sjåfør – og ikkje soldat – for den russiske hæren. Han sa til Grace at ho måtte be til Gud for at det skulle skje.
Melde Martin død på TV
Men nokre veker seinare ringer han igjen, og han serverer kona si mørke nyheiter.
– Han ber meg om å be for han, fordi han skal til Ukraina for å kjempe i krigen. Det gjorde verkeleg vondt å høyre det. Eg spurte om han verkeleg skulle til Ukraina, han som ikkje har noko som helst trening, fortel Grace.
Ho får inntrykk av at Martin eigentleg ikkje veit så mykje kva som ligg framfor han, men at han har ei sterk kjensle av at han faktisk blir sendt ut i krigen.
Ho gjorde som han sa. Ho bad Gud om å ta vare på han. Men det vart stille frå Martin. Heilt til ein nabo sa at ho måtte sjekke nyheitene på Kenyas nasjonale TV-kanal.
Ukrainske soldatar hadde funne eit pass på innerlomma til ein soldat dei hadde drepe under eit angrep i Aust-Ukraina.
Den kenyanske minibussjåføren Martin Macharia Mburu vart drepen i eit ukrainsk angrep. Bildet er tatt av ukrainske soldatar, og gitt til NRK av personar med band til den ukrainske hæren. NRK har sladda ansiktet.
Foto: Den ukrainske hærenPasset tilhøyrde Martin Macharia Mburu. Ukrainarane tok eit bilete av Martins lik. Det vart sendt vidare til Ukrainas ambassade, som deretter tipsa kenyansk TV.
Martin døde på eit av sine aller første oppdrag for den russiske hæren. Draumen om god inntekt bråstansa i den russisk-okkuperte delen av Ukraina, ein kald dag i slutten av oktober.
Familien sørger framleis over tapet av Martin Macharia Mburu.
Foto: Vegard Tjørhom / NRK«David» trakk seg i siste liten
Ifølge Ukraina kan rundt 200 kenyanarar vere rekruttert til å krige i Russland. Opp mot 1500 afrikanarar er rekruttert. Dette er tal det ukrainske utanriksdepartementet kjem med.
Ein som kunne blitt ein del av statistikken er «David». NRK har blitt einige om å kalle han det, fordi han ønsker å vere anonym. Han fryktar at den russiske agenten skal straffe han for å snakke med journalistar.
«David» mottek framleis meldingar frå agenten som han har avvist.
Foto: Vegard Tjørhom / NRKDå han først høyrde om jobben i Russland vart han glad. Han forstod at det var mykje pengar å tene. Og som eldstemann i søskenflokken hadde han lenge kjent på ansvaret han har, og han ønsker seg så sårt ein jobb.
Og no kunne han få 180.000 kroner i startbonus og over 20.000 kroner i månadsløn. Ei gullgruve.
– Det ville endra livet mitt, seier den unge mannen som NRK møter ein stad i Kenya.
Men han drog aldri til Russland. Då han fortalde sin norske ven om den lukrative moglegheita i Russland, så vart ho sint. Og ho sende lenker til nyheitsartiklar som fekk han til å tvile.
Håpet om ein lukrativ jobb er for lengst borte for «David».
Foto: Vegard Tjørhom / NRKMeiner han vart lurt
«David» pressa russaren som hadde lova han jobb. Var det eigentleg snakk om å vere soldat?
Til slutt innrømma russaren at «David» måtte avtene eit år i militæret før han kunne få jobb og eventuell utdanning i Russland.
– Eg trudde aldri det var snakk å delta i ein krig. Eg vart lova jobb, utdanning og statsborgarskap, seier «David».
Han starta jobben med å få passet sitt tilbake. Det hadde han gitt til russaren som hadde gjennomført helsesjekk på han. Russaren sa at både visum og flybillett låg klart.
Det er mange meldingar som fyk fram og tilbake, der unge og håpefulle kenyanarar får informasjon om moglegheiter i Russland. Fleire gonger har det vist seg at informasjonen er særs mangelfull, og til tider rein løgn.
Foto: Vegard Tjørhom / NRKNRK har sett fleire korrespondansar som russiske agentar har hatt med unge kenyanske menn på Telegram.
Av omsyn til mennenes tryggleik kan ikkje NRK bruke alle detaljar i meldingane, men den følgande dialogen er tilnærma lik dei meldingane NRK har fått sjå:
22:59
"
"Samuel":Kjem eg til å reise saman med andre?
23:18
"
"Vladimir":Du reiser saman med ei gruppe. Me leiger ein buss som tek dykk til Uganda, du kjem inn dit med ditt kenyanske pass. I Kampala møter du nokon, og i morgon er ein god dag for å fly til Russland.
23:19
"
"Vladimir":Kan du pakke raskt og møte opp på busstasjonen i sentrum i morgon tidleg?
23:19
"
"Vladimir":Ikkje gløym passet ditt 🙏
23:20
"
"Vladimir":Ta med deg varme klede. Stå opp klokka fem og kom deg til Nairobi. Eg sender pengar til transportutgiftene dine på m-Pesa.
23:21
"
"Vladimir":Visumet ditt er klart. Alt du må gjere er å pakke. Når du er i Uganda, kjøper eg ein billett til Russland til deg. Er dette forstått?
23:23
"
"Samuel":👍 Ja, det er forstått
– Me kallar det kjøttkverna, seier Tokar Juri.
Han er Ukrainas ambassadør til Kenya og møter NRK i Nairobi.
– Det er vanskeleg å anslå kor mange afrikanarar som er der, men me ser ein tendens som starta ganske nyleg.
Ifølge ambassadøren er det spesielt frå Kenya og dei sørlege afrikanske landa det har kome folk.
Tokar Yurii
Ukrainas ambassadør til Kenya
– Dei vert lurte til fronten av Russland, på ein vondskapsfull måte. Fordi dei får lovnader om jobb, og når dei først kjem seg til Russland får dei ingen andre val enn å bli med i hæren, seier Juri.
NRK har forsøkt å kontakte den russiske ambassaden ei rekke gonger, men får ingen svar. Heller ikkje kenyanske styresmakter vil snakke med NRK, og takka nei til intervju.
– Dei har ingen militærtrening og vert kasta inn i dei mest farlege områda på fronten, påstår den ukrainske ambassadøren i Kenya.
I fleire andre afrikanske land er det også historier om rekruttering til den russiske hæren. Nokre går inn i det frivillig, og med nok informasjon. Andre meiner dei vert lokka, og deretter lurte inn i den russiske hæren.
I Sør-Afrika har tematikken vekka mykje merksemd, spesielt etter at dotter av tidlegare president Jacob Zuma vart skulda for å lure folk til å bli soldatar Russland.
Ifølge Ukraina er det personar frå meir enn 30 afrikanske land som kjempar for Russland.
Blir avvist av Russlands ambassade
«David» har knapt høyrt om krigen han skulle vore ein del av om han reiste til Russland. Og han svarer NRK at han ikkje aner kva temperaturar som er i Russland i desember.
Håpet om ein lukrativ jobb er for lengst borte for «David».
Foto: Vegard Tjørhom / NRKHan er glad han vart stansa, men samtidig har han sett fleire vener som har reist. Sjølv om han har forsøkt å stanse dei.
– Det er verkeleg eit stort tap for meg at dette ikkje var som eg vart fortalt. Men det er til det beste at eg ikkje reiser, seier «David».
Grace saknar mannen sin, og veit ikkje korleis livet vil bli den kommande tida. Ho har vore på den russiske ambassaden, der ho vart avvist.
Dei seier at dei hjelper russarar i Kenya, og ikkje kenyanarar i Russland. At mannen hennar kjempa for Russlands hær er ikkje grunn god nok til at ambassaden har brydd seg om Grace sin situasjon.
Hennar ønske om å få mannen heim i kiste er også avvist så langt. Kjelder med band til den ukrainske hæren seier Mburu ligg i eit område med pågåande krig, og at det ikkje blir prioritert å hente ut døde derifrå.
Grace Gathoni og to av dei fire barna hennar. Ektemann og far Martin får dei ikkje sjå igjen.
Foto: Vegard Tjørhom / NRKPengar som ektemannen eventuelt skal ha fått i Russland har ho ikkje sett noko til. Fleire som har reist til Russland fortel om pengar som blir borte, og agentar som tek kontroll over kontoar.
Russland har den siste tida ikkje kommentert sakene om kenyanarar som dukkar opp på fronten.
Brei dekning av ulike saker
Tidlegare har ulike medium meldt om soldatmangel i Russland, og auka innsats for å få tak på fleire rekruttar. CNN skreiv i oktober om korleis det er sett av ekstra pengar for å rekruttere soldatar.
Og i januar 2024 kom ein presidentordre frå Vladimir Putin som opna for at utlendingar kan søke om statsborgarskap i Russland – etter at dei har avtent eit år i militæret.
I Kenya har det vekka oppsikt at kenyanarar blir lurte, og nokre også ender opp med å bli drepne. Den store avisa Daily Nation publiserte nyleg ei liste med 82 namn på kenyanarar som er soldatar i Russland.
Og i september avdekka kenyansk politi eit nettverk, der 20 kenyanarar var i ein leilegheit – klare for å reise til Russland neste dag.
Mediedekninga av det som skjer bidrar til at slike som «David» lar vere å reise til Russland. Men for slike som Martin er det for seint.
Publisert 23.12.2025, kl. 07.27

















English (US)