Ein parfyme og ein deo på badehylla er ikkje nok for sunnfjordingen Bjørnar Erdal (23).
- Bjørnar Erdal fra Naustdal samlar på eksklusive parfymar, og har mellom anna to flasker til 7000 kroner kvar.
- Han eig over 60 ulike herreparfymar.
- Erdal, som jobbar på Spenst treningssenter i Førde, seier godlukt hjelper på sjølvtilliten, men er også nøye med å unngå sveittelukt.
Nei, her snakkar me ein kjennar med både samle-gen og særs velutvikla luktesans.
23-åringen frå Naustdal i Vestland har mellom anna to flakongar med 50 milliliters innhald til tett opp mot 7000 kroner kvar - med eksklusive lukter. (Det blir ein literpris på rundt 140.000 kroner.)
– Har blitt ein uvane
I tillegg: Over 60 ulike typar herre-parfyme som Bjørnar berre måtte skaffe seg.
Det var lokalavisa Firda som først omtala Erdal sin hang til godlukt.
– Kva er du på jakt etter når du skal ha deg ein ny parfyme?
– Det varierar jo litt. Eg leitar ofte etter noko som ikkje liknar det eg har frå før. Men akkurat no er eg ikkje på jakt etter noko nytt att. Eg må prøve å begrense meg. Det har jo blitt ein uvane dette her, seier Erdal.
– Det er ikkje akkurat billig godlukt du kjøper?
– Det kan variere litt. Men på det kommode-bordet du ser på bildet er det parfymar frå både høgare og lågare prisklassar, svarar naustdølingen.
Les også: Parfyme-eksplosjon blant unge
Han sender VG eit bilde av den reinaste flakong-balkongen av hovudsakleg mørke og gyldne parfymeflasker.
– Eg håpar parfymane til 7000 kroner luktar godt?
– Det tykkjer eg at dei gjer.
– Det er ein parfyme du held hemmeleg og ikkje vil vise fram. Kvifor?
– Dei som kostar mest treng eg ikkje skjule. Dei er det ingen andre som kjøper. Nei, det er ei anna lukt eg vil halde for meg sjølv. Det er fordi eg har lyst til å ha mi heilt eiga lukt. Eg vil ikkje at andre skal gå rundt og lukte det same som meg.
– Det blir di hemmelege signatur-lukt?
– Ja, det er jo greit å ha si eiga lukt framfor at tre kompisar luktar det same. Betre med litt variasjon.
Sveittelukt er no go
– Bra tilbakemeldingar på korleis du luktar?
– Ja, eg får høyre at eg luktar godt av og til. Men eg tek ikkje på meg parfyme for å få komplimentar. Hovedmotivet mitt er å ikkje lukte sveitte, poengterar Bjørnar som er singel.
– Funkar godlukt som ein boost på eventuell sjekke-aktivitet?
– Ja, det hjelper på sjølvtilliten. Ein blir meir sjølvsikker når du veit at du luktar litt godt.
aJa, viktig å lukte godt - og gjerne av noko som ikkje så mange andre brukar.bNei, prøver å unngå parfyme, men ha god hygiene.cHar eg aldri tenkt over.
Bjørnar Erdal er stadig i kontakt med folk. Han jobbar som trenings- og helsefysiolog på Spenst treningssenter i Førde.
Erdal kan stadfeste det VG tidlegare har skrive - at fleire som trenar gjerne sprayar seg kraftig med parfyme før treningsøktene.
Har gitt beskjed på treningssenteret
– Får nokre av dei som trenar beskjed om at det kan bli for mykje godlukt på treningssenteret?
– Eg har jo gitt beskjed til enkelte ja - om at dei har spraya seg drygt mykje. Nokre er jo allergiske, og det hjelper jo ikkje noko særleg å dynke seg med parfyme når ein luktar sveitte frå før.
– Du er ikkje sjølv redd for å bli stempla som veldig forfengeleg eller jålete?
– Nei. Eg bryr meg ikkje i det heile om kva andre synest. Folk kan seie kva dei vil. Eg bryr meg ikkje. Det er betre å lukte litt godt og ha god hygiene enn å ikkje ha det.

1 hour ago
3









English (US)