Flagget er blitt globalt symbol på ungt opprør

2 days ago 2


Madagaskar, Peru og Marokko. Ungdommane i landa har ulike religionar og hudfargar. Dei lever ganske så ulike liv, men likevel kjenner dei på ein stadig større fellesskap.

For dei står alle midt oppi det same: Ein kamp mot korrupsjon, ulikskap og godt vaksne politikarar som ikkje finn løysingar på problema til ein stadig veksande ungdomsgenerasjon.

Generasjon Z er komne til livsfasen der dei leitar etter sin første jobb, eller stiftar familie. Det skal dei gjere i ei tid med høge levekostnader, ofte i land kor korrupsjon og ulikskap lenge har vore eit problem.

Internett er limet kor dei finn kvarandre, og let seg inspirere. Og eit litt rart «Kaptein Sabeltann-flagg» er i ferd med å bli symbolet til ein generasjon i opprør.

Ein mann bruker One Piece-flagget i Jakarta i Indonesia

I Jakarta i Indonesia vart One Piece-flagget brukt under demonstrasjonane i august.

Foto: AFP

Flagget er henta frå ein japansk teikneserie, ein såkalla manga, ved namn «One Piece».

Hovudkarakteren Luffy reiser frå by til by og frigjer folk frå tyranni, og korrupte som herskar over slavebyar. Flagget representerer det som skjer i ulike land. Og det er dette som skjer i Peru no, seier Leonardo Munoz, til nyheitsbyrået Reuters.

Figurane i teikneserien One Piece

One Piece er ein japansk teikneserie, populær blant Gen Z-demonstrantar.

Foto: Illustrasjon: One Piece / @onepieceanimeofficial

Fleire land har vore prega av Gen Z-opprør den siste tida. Berre den siste veka har tre nye land sett mengder med rasande ungdom i gatene.

Madagaskar

Utanfor universitetet i Antananarivo samla studentar og andre unge gassarar seg i slutten av førre veke. Dei vart møtt av politi, tåregassen låg tjukk, og sinnet var enormt. Raseriet vart ikkje mindre gjennom helga.

Ein av demonstrantane hadde med seg ein heimelaga plakat. På den hadde han teikna eit dødningshovud, og det var ein tydeleg referanse til «One Piece».

Ein ung demonstrant uti gata på Madagaskar

Ein heimelaga plakat viser at også demonstrantane på Madagaskar har fått med eg Gen Z sitt ferske symbol.

Foto: AFP

Tidlegare har slike flagg blitt veiva av unge demonstrantar i Peru, Nepal og Indonesia.

Flagget sameinar ein generasjon i opprør, og no var det Madagaskar sin tur.

På den store øya er det stadig mangel på drikkevatn og straum som gjorde ungdommane ekstra sinte. Gong på gong manglar folk noko av det viktigaste som skal til for at livet skal fungere som normalt. Skulda for situasjonen legg dei på landets politikarar.

Rundt 75 prosent av folka på Madagaskar lever under fattigdomsgrensa. Fattigdom er normalen.

Blant landets leiarskap er derimot rikdom normalen. Politikarane er også finanstoppar. Korrupsjonen er omfattande.

Demonstrantar i Madagaskar vart møtt av tungt utstyrt politi

Store mengder politi forsøkte å stanse demonstrantane på Madagaskar.

Foto: AFP

Det er ikkje første gong det er uroleg på Madagaskar. Det har skjedd mange gonger før. Denne gongen krev demonstrantane at president Andry Rajoelina går av. Førebels har han avsett regjeringa si, men sjølv har han blitt sittande.

Me anerkjenner misnøya og beklagar om det er medlem av regjeringa som ikkje har utført oppgåvene som er gitt til dei, seier presidenten og legg ansvaret på ministrane han nettopp gav sparken.

Demonstrasjonane på Madagaskar har blitt etterfølgd av plyndring og valdelege grupper. Ifølge FN er 22 drepne, og over 100 skadde.

Representantar for demonstrantane seier anonymt til media at dei meiner styresmaktene står bak dei valdelege gruppene, for å øydelegge for fredelege demonstrasjonar.

Mange butikkar vart plyndra i kjølvatnet av demonstrasjonane på Madagaskar

Mange butikkar vart plyndra då kriminelle utnytta uroa på Madagaskar.

Foto: Reuters

Marokko

Heilt i motsett ende av Afrika, i Marokko, var det også ei uroleg helg.

I 11 marokkanske byar var unge ute i gatene. Ved hjelp av internett hadde dei organisert seg. Store folkemengder, utan eit tydeleg leiarskap - akkurat slik Gen Z-opprøret i Kenya er blitt organisert.

Eit gjennomgåande tema var det mange meiner er sløsing på fotballstadionar, samtidig som helsetilbodet er særs mangelfullt.

Demonstrant i Marokko

Stadiona vil i det minste ha førstehjelpsskrin, står det på plakaten til ein demonstrant i Marokko.

Foto: AFP

Ikkje alle i Marokko er glade for at ein av Afrikas beste fotballnasjonar skal arrangere VM i 2030, saman med Spania og Portugal.

Stadion er her, men kor er sjukehusa, var eit av slagorda som vart ropt.

I tillegg til sjukehus krev demonstrantar også ein reform av utdanningssystemet.

Og nokre krev endå meir.

Eg vil ha betre lønningar, betre jobbar, lågare prisar og eit betre liv, seier 27 år gamle Youssef, som snakka med nyheitsbyrået AP.

Demonstrasjonane har vart i fleire dagar, og Marokkos innanriksdepartement seier over 400 demonstrantar er arresterte, og at fleire brukte knivar, molotovcocktails og steinar.

Kritikarar av regimet seier derimot at politiet er dei som må kritiserast, og at det blir slått hardt ned på fredfulle demonstrantar, og ytringsfridomen.

Rørsla utan leiarskap kallar seg Gen Z 212, og har gjort det klart at dei er blitt inspirerte av alt som har skjedd i Nepal dei siste vekene.

Politiet var aktive under dei landsomfattande demonstrasjonane i Marokko

Fleire vart arresterte under demonstrasjonane i Marokko førre helg. Det er ukjent kva politiet til slutt gjorde med denne mannen.

Foto: AFP

Nepal

Parlamentet vart sett fyr på, og statsministeren måtte gå. Demonstrantane i Nepal har tatt landet, og internett, med storm.

Ungdomsopprøret oppstod samtidig med eit lovforslag som kritikarane meinte ville stramme inn ytringsfridomen i landet. Då sosiale medium kort tid etter vart stengd auka uroa, og etter at politiet opna eld mot demonstrantar eksploderte bråket.

Vakn opp, Nepal, står det på ein mur bak ein demonstrant

Vakn opp, Nepal, står det på ein mur i Katmandu.

Foto: Reuters

Nepalske helsestyresmakter seier 19 døde og rundt 350 vart skada då politiet opna eld. Det sette ekstra fyr på uroa. I gatene gjekk demonstrantar laus på bustadar til politikarar, og dei ramponerte fleire offentlege bygg.

Dødstala steig til rundt 75 personar, før det heile roa seg ned igjen.

For statsministeren gjekk av, og no har Nepal fått sin første kvinnelege statsminister. Sushila Karki har fått jobben med å leie landet fram til det vert halde eit nytt val den 5. mars neste år.

Parlamentet i Nepal vart sett fyr på av demonstrantar

Parlamentet i Nepal vart sett fyr på under demonstrasjonane i september.

Foto: AP

Peru

Aukande kriminalitet og omfattande korrupsjon har fått unge folk i Peru til å demonstrere. Førre helg var uroleg, og det vart rapportert rundt 18 skadde demonstrantar.

Politiet forsøkte å stanse den verste uroa, og svarte med tåregass og gummikuler mot unge demonstrantar som kasta stein. Det melder AFP.

Den utløysande faktoren er ein pensjonsreform, som vil føre til at mange unge skal betale inn pengar til eit privat pensjonsfond.

Dette er upopulært blant unge, som ikkje opplever pensjonssparing som relevant, samtidig som dei ikkje ønsker å betale inn pengar til eit system dei ikkje stoler på.

I Peru dukka både One Piece-flagget og Spiderman opp

I Peru dukka One Piece-flagget opp sist helg, saman med Spiderman - ein superhelt som kjempar mot kriminelle skurkar.

Foto: Reuters

Noko som skjedde tilbake i 2022 ligg også som eit mørkt bakteppe for uroa. Den gong var det også uroleg, og fleire demonstrantar vart drepne av politi. Få har måtte stå til ansvar i ettertid.

Me er leie av at dette blir normalisert. Når starta me å normalisere drap. Når starta me å normalisere korrupsjon og utpressing av pengar, sa Santiago Zapata, ein student Reuters møtte i Limas gater i helga.

Generasjon Z - også i gatene i Peru

Også Peru var prega av store demonstrasjonar førre helg.

Foto: Reuters

Gen Z-demonstrasjonar i ei rekke land

Dei siste åra har fleire land opplevd store demonstrasjonar utført av unge, ofte arbeidslause, innbyggjarar.

I Kenya har eit upopulært skatteforslag og omfattande politivald ført til fleire store demonstrasjonar dei siste to åra.

I Indonesia var august spesielt uroleg, med demonstrasjonar, og etterfølgande plyndring. Landets politikarar vedtok luksuriøse frynsegodar til seg sjølv. Dette førte til demonstrasjonar som først starta fredeleg, men som seinare eskalerte kraftig etter at politiet drap ein drosjesjåfør.

Også på Filippinane har det vore uroleg. Og for nokre år sidan var det Bangladesh og Sri Lanka som kokte. Alle stadane har ungdom utgjort brorparten av demonstrasjonane, og målet for misnøya har vore landets leiarskap.

Publisert 04.10.2025, kl. 21.35

Read Entire Article