Fire røykdykkarar gjekk inn i huset, men berre to kom seg ut: – Det må ha skjedd noko

5 days ago 4


– Me sit igjen og lurer på kva er det som gjer at brannen blir så kraftig?

Det spør brannsjef Håvard Bye i Innherred IKS.

– Det må ha skjedd noko.

Natt til onsdag omkom røykdykkarane Roger Kvello Hansen og Geir Otto Lein Johnson i jobben med å sløkke ein bustadbrann i Verdal.

Innleiingsvis blei brannen vurdert til å vere ein vanleg brann, utan stor spreiingsfare.

– Då blir det vurdert av mannskapet at her har me ei god mogelegheit til å gå inn og sløkke brannen.

Difor går fire røykdykkarar inn i huset for å sløkke brannen.

– Til eit eller anna plutseleg skjer, seier Bye.

To brannkonstabler omkom i arbeidet med å slukke brannen i Verdal

To roser utanfor brannstasjonen i Verdal.

Foto: Jan Langhaug / NTB

Fire røykdykkarar var inne i huset

Brannsjefen fortel til NRK at det blir sendt inn to par med røykdykkarar frå kvar si side av huset.

Men berre det eine paret kom seg ut igjen.

– Eit anna røykdykkarpar gjekk inn i huset frå ei anna side. Dei sat også med inntrykket at det var ein avgrensa brann, seier brannsjefen.

Etter kvart blei alle røykdykkarane kalla ut.

– Dei kjente at det ikkje var noko risiko, men trakk seg ut.

Samstundes som to av dei kjem seg ut, mistar mannskapet på utsida kontakten med dei to andre.

  • En bygning er i brann, med flammer som raser opp mot nattehimmelen. Omgivelsene er mørke, med trær og en annen bygning synlig i forgrunnen. Lysene fra flammene belyser området rundt. Det er ikke synlige personer i bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Husbrannen utvikla seg raskt til å bli en svært kraftig brann.

    Foto: Leif Arne Holme / Adresseavisen / NTB
  • Brannmenn arbeider for å slukke en brann i en enebolig om natten. Røyk stiger fra de brente områdene av bygningen. Snø dekkes bakken rundt, og det er svake lys fra nabohusene i bakgrunnen. Brannmenn med hjelmer og brannvernutstyr er synlige i bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Røykdykkarane gjekk i huset for å prøve å sløkke brannen.

    Foto: Vegard Woll / NRK
  • En mørk Mercedes-varebil står parkert i en opplyst gate, med lysene på. En person i refleksvest går mot bilen fra venstre side. Omgivelsene har snø og is, med flere bygninger i bakgrunnen. Det er natt, og det er tydelig lyssetting fra bilen og gatebelysning. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    To av dei kom seg aldri ut igjen frå brannen i live.

    Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK
  • Et hus som har fått brannskader står i bakgrunnen, med svart tak og åpne vegger. En kriminaltekniker, iført svart jakke med teksten "Kriminaltekniker," står foran huset og observerer. I forgrunnen jobber brannmannskap iført gul sikkerhetsutstyr. Omgivelsene er dekket av snø, med utsikt over et boligområde i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Krimteknikarar frå politiet skal no prøve å finne ut kva som har skjedd.

    Foto: Jøte Toftaker / NRK
  • Politiet og Kripos undersøker restene av et nedbrent hus. En av dem står i døråpningen, mens en annen kneeler på bakken og bruker en verktøy til å undersøke området. Omgivelsene er sterkt skadet av brannen, med brente vegger og svart aske synlig. Det er spor av brannskader på begge sider av det nedre plan av huset. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Kripos gjer også undersøkingar i brannruinane.

    Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK
  • Brannmannskap og politi er samlet rundt et brennsted. Flere personer i brannklær undersøker området. I bakgrunnen er det snødekte landskap og bygninger. Området er avsperret med politi- og brannlinjer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Fredag er kollegaar på staden for å minne dei to omkomne.

    Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK
  • Et glass med en tent stearinlys står plassert på snøen, omgitt av grønne kvister. To hvite lys brenner også i nærheten. Snøen er jevn og uforstyrret, noe som skaper en kontrast til de brennende lysene. Området gir en stille og rolig atmosfære. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Heile Verdal sørger og minnast dei omkomne, Roger Kvello Hansen og Geir Otto Lein Johnson.

    Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

– Av mannskapa var det ingen som hadde ei anna oppfatning enn at her kan me gå inn og relativt enkelt sløkke brannen.

– Men det er då det må ha skjedd noko. Alle rutinar blei følgde, legg Bye til.

Brannen tok seg kraftig opp og det var ikkje mogeleg å ta seg inn for å hente dei to røykdykkarane.

Onsdag kveld blei dei funnen omkomne i brannruinane.

– No må me ta ein dag om gongen

På brannstasjonen i Verdal sit dei igjen med mange spørsmål, samstundes som dei sørger etter å ha mista to av sine nære kollegaer.

Dei to omkomne var deltidstilsette og blir beskrivne som dyktige røykdykkarar.

En person iført en uniformert jakke står foran en vegg med oransje maling. Det er blomsterarrangementer i forgrunnen, noe som kan indikere en seremoni eller feiring. I bakgrunnen kan man se flate skjermer på veggen. Omgivelsene virker innendørs og godt opplyst. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Blomar frå nær og fjern fyller brannstasjonen på Verdal.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

I dagane etter brannen har brannvesenet motteke blomster og støtte.

– Det er rørande at det blir delt så masse omtanke og støtte. Det frå heile landet og også frå utlandet, seier Bye.

Brannsjefen seier dei er opptekne av å støtte dei nærmaste pårørande.

– No må me ta ein dag om gongen. Me må prøve å stå i det og bidra der me kan. Eg håpar at me klarer å stille opp for alle som treng oss.

Håper å få svar på kva som skjedde

Politiet etterforskar brannen i to spor – sjølve brannen og arbeidsulukka.

Det er for tidleg å seie noko om årsaka til brannen og til dødsfalla. Me er framleis tidleg i etterforskinga av denne tragiske hendinga.

Det seier etterforskingsleiar Therese Raaken Bykvist i Trøndelag politidistrikt.

Det som er så bra er at politiet set på så mange ressursar for å få oppklart dette, kommenterer Bye.

Han håper etterforskinga vil gje svar på kva som skjedde og kvifor brannen plutseleg blei så kraftig.

– Eg set mi lit til at politiet nøstar opp i dette og at me får svaret på kva som har skjedd.

En bukett med hvite roser og grønt bladverk står i en glassvase på et bord. En lapp festet til buketten beskriver tanker og medfølelse, og er signert "Drammen brandkorpsforening". Omgivelsene inkluderer en nøytral interiør med bord og stoler, som gir kontekst til situasjonen. Bildet formidler en respektfull gest. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Blomar frå kollegaar i Drammen.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

I tillegg har Arbeidstilsynet sett saman eit tilsynsteam som skal undersøke kva som kan vere årsaker til ulukka.

– Hensikta med tilsynet er å lære slik at me i framtida kan førebygge liknande tragiske ulukker, seier avdelingsdirektør i Arbeidstilsynet, Torgeir Moholt.

– Og så må me vere opne, samle all informasjon og bidra med det me kan, legg brannsjefen til.

Hei!

Takk for at du las heilt hit!
Har du innspel eller kommentarar til denne saka?
Eller har du tips til andre ting du synest eg burde skrive om?
Send meg gjerne ein e-post!

Publisert 09.01.2026, kl. 19.22

Read Entire Article