Fem sekund unna døden – spurta ut av blokka rett før ho kollapsa

1 day ago 9


Videoen frå Bangkok har blitt spreidd over heile verda.

Eit høghus, framleis under bygging, kollapsar få sekund etter at eit kraftig jordskjelv har gått i nabolandet Myanmar fredag morgon.

Desperate folk kjem springane ut frå bygget. Ein av dei er 29 år gamle Pornsak Sangsingh.

Pornsak frå Bangkok sit i blå denimskjorte og ser inn i kamera. I bakgrunnen er ei kvinne og to menn.

Pornsak Sangsingh sit ved ruinane og ventar på om vennane hans blir funne i ruinane.

Foto: NRK

Tre dagar seinare ser han på videoen, medan han forklarer til NRK:

– Idet eg kom ut, skreik eg til folk som stod utanfor at dei måtte springe. Det var støv overalt. Eg måtte ned på knea for å krype ut av støvskya.

Likevel kjenner han seg «ekstremt heldig».

– Eg var ein av dei aller siste som kom ut, seier han.

Sprang skrikande ned trappene

Sangsingh er sveisar, og jobba på høghuset som framleis var under konstruksjon. Den dagen jobba han i 20. etasje og oppover.

Men tilfeldigheitane skulle ha det til at han var nede i femte etasje akkurat då han kjende bygget skjelve første gong.

Fem menneske står med ryggen til og kikkar ut mot redningsarbeidet som pågår foran dei.

Ei gruppe menneske peikar mot plassen der høghuset stod.

Foto: NRK

Så braut kaoset ut.

– Først forstod eg ikkje at det var eit jordskjelv. Men nokon skreik at vi måtte kome oss ut, og eg følgde beskjeden instinktivt.

Folk skumpa inn i kvarandre og skreik medan dei sprang mot naudutgangen. På veg nedover trappene svaia bygget frå side til side.

Han sprang forbi folk som var hysteriske, men også folk som var apatiske og berre stira ut i lufta.

– Eg visste ikkje kva eg skulle gjere. Eg berre sprang.

Skjelvet i Myanmar var så sterkt at fleire naboland kjende det, ikkje berre Thailand. Desse sjukepleiarane i Kina har blitt hylla for korleis dei redda babyane under skjelvet:

Då Sangsingh kom seg ned i første etasje, byrja veggane i naudutgangen å bryte saman som om dei skulle eksplodere, fortel han.

Nokre få sekund etter at han smatt ut på gata, kollapsa heile bygget.

Han la i veg så raskt han kunne, medan bygningsmassene gravla dei som ikkje greidde å kome seg langt nok unna bygget, og dei som framleis var inne i det.

– Dei som var bak meg, greidde seg ikkje. Det var snakk om nokre få skritt som gjorde at eg klarte meg.

Kollegaar er sakna

Når NRK møter Sangsingh, er han tilbake på plassen der høghuset skulle stå. No er det berre ruinar der.

– Eg er her for å vente på vennane mine. Tre av dei eg jobba med er sakna. Ei mor, ei dotter og ein migrantarbeidar frå Myanmar, seier han.

Redningsarbeidarar på veg inn i ruinane etter høgblokka som kollapsa i Bangkok.

Redningsarbeidarar på veg inn i ruinane etter høgblokka måndag morgon.

Foto: NRK

Han var saman med dei tre då skjelvingane byrja. Dei sprang for å hente tinga sine, og rakk ikkje ut.

Redningsarbeidet held framleis på. Måndag morgon blei fleire overlevande henta ut frå ruinane, men håpet svinn for kvart minutt som går. Dei første 72 timane etter skjelvet er kritiske.

– Eg trur sjansane for at dei har klart seg, er små, seier Sangsingh om kollegaane.

Publisert 31.03.2025, kl. 20.53

Read Entire Article