Fem menn er tiltalte for 180 grove bedrageri, forsøk på minst 100.000 grove bedrageri, grov kvitvasking og identitetskrenkingar.
– Det er spesielt alvorleg at gjerningspersonane har misbrukt sentral offentleg og privat infrastruktur og at gjerningspersonar i fleire tilfelle har oppsøkt fornærma i heimane deira, seier statsadvokat Einar Salvesen Lieungh i ei pressemelding.
Totalt førte bedrageria til tap og fare for tap av meir enn 60 millionar kroner.
Dei fem tiltalte er på toppen av eit kriminelt nettverk som eit hundretals personar er knytte til, ifølge politiet.
Statsadvokat i Aust statsadvokatembete Einar Salvesen Lieungh.
Foto: Hallgeir Braastad / NRKMeldingar NRK har fått tilgang til, viser at personar i nettverket blant anna har gitt seg ut for å vere frå politiet når dei kontakta potensielle offer.
Alle dei tiltalte er norske statsborgarar i 20-åra. Fire sit framleis varetektsfengsla. Ein av dei blei pågripen i Spania.
Det blei beslaglagt våpen heime hos ein av dei tiltalte.
Foto: ØkokrimGodt organisert
Økokrim meiner at nettverket og bedrageria verkar godt organisert.
Dei fleste fornærma er eldre personar busette på Austlandet.
Bedrageria har begynt med ein «phishing»-SMS.
Offer som har trykt på lenka i meldinga, har blitt ringt opp av personar knytte til nettverket, som gav seg ut for å vere frå banken eller politiet.
I fleire tilfelle har også nettverket oppsøkt eldre heime, slik som det blir diskutert her:
Ulike roller
Nettverket har også hatt «callsenter» i Noreg. Der har kriminelle sete saman for å ringe bedragerioffer, ifølge Økokrim.
Dei involverte personane har hatt ulike roller og funksjonar i nettverket: nokre som «kvitvaskarar» av bedrageriutbytte, andre som «ringarar».
Etterforskinga av saka starta etter ei melding frå Telenor i 2024.
Rettssaka startar i Oslo tingrett i slutten av april og skal etter planen vare fram til starten av juli.
Saka har mange likskapstrekk med ei sak som blir behandla i Oslo tingrett for tida. Der er elleve personar tiltalte for omfattande eldrebedrageri. Blant dei er danske gjengtoppar.
Publisert 24.02.2026, kl. 08.58













English (US)