Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_e064696e0d54beac54ab65b808fc43ac, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Fekk feilaktig beskjed om at han hadde hiv: – Eg måtte drikke meg dritings - NorwayToday

Fekk feilaktig beskjed om at han hadde hiv: – Eg måtte drikke meg dritings

3 days ago 9


– Det var fem dagar før kamp, så ringde legen meg og sa: «Hei. Ifølge testen, så har du hiv». Og det sette meg mildt sagt veldig ut av spel, da.

Det fortel den norske boksaren Andreas Iversen (29) til NRK.

For to år sidan skulle han gå sin første kamp som proffboksar, men berre få dagar før kampen fekk han beskjeden om at han hadde testa positivt for Hivviruset.

Alle boksarar som skal få vere med på stemne i Noreg må testast for blant anna hiv og hepatitt A, B og C. Derfor hadde han vore hos legen og tatt blodprøver.

VG har tidlegare omtalt saka.

– I to dagar visste eg ikkje om eg skulle konkurrere eller om eg hadde fått hiv. Så eg berre førebudde meg på at eg har hiv. Og om eg ikkje har det, så kjem eg til å bli dritglad.

– Fortel korleis det var kjenslemessig mentalt?

– Det går ikkje an å forklare.

Tilbake i ringen

Men heldigvis for Iversen, så viste det heile seg å vere ein feil.

– Så eg hugsar telefonen eg fekk av legen: «Du har ikkje hiv». Å, fy faen. Eg var så glad. Måtte rett på do etterpå fordi eg var så glad.

Laurdag skal Iversen bokse mot Alexander Martinsen i forkant av avskilskampen til Cecilia Brækhus.

NRKs bokseekspert Anders Werner Øfsti ser fram til oppgjeret.

– Det er to som er på same nivå med relativt like karrierar. Eg synest norske boksarar på herresida har møtt såkalla «journey-menn» på langt lågare nivå altfor ofte, seier Øfsti og fortset:

– Så det er veldig bra at ein heller lèt dei i same vektklasse møte kvarandre.

En gruppe menn som står sammen

KLAR FOR KAMP: Andreas Iversen og Alexander Martinsen møtest i ringen laurdag.

Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

Bokseeksperten spår ein jamn og tett duell.

– Det er positivt for norsk boksing og for dei, for det skal ikkje vere slik at ein blir sett opp mot antatt svakare motstand heile tida. Det gir ein ekstra dimensjon for stemnet og kampen. Det blir kult.

– Måtte drikke meg dritings

Iversen er open om at han har hatt ein vanskeleg barndom, og ein dårleg oppvekst.

– Eg har alltid hatt det tøft. Eg har vore mykje der eg ikkje har det bra, så det var ikkje noko som kom til å sette meg ut, fortel han.

– Men dette var utan tvil noko av det verste eg har opplevd. Så, ja. Men ein kjem seg alltid forbi det.

Boksaren opnar opp om to svært tøffe døgn i uvisse. Han sleit med å sove.

– Eg måtte drikke meg dritings, så eg tømte ei flaske vin kvar natt. Om eg vakna opp på natta når alkoholen hadde gått ut, måtte eg tømme resten av flaska for å kunne sove. For å gløyme at eg hadde hiv.

en gruppe menn (en bokser i midten) som poserer for et bilde.

BRUKTE ALKOHOL: Andreas Iversen fortel at det var ein tøff beskjed å få.

Foto: Annika Byrde / NTB

Han fortel at dette var den einaste måten han klarte å få sove på, men det blei ikkje meir enn to timar dei to nettene.

– Det var heilt jævlig. Med ein gong eg vakna, så skjenkte eg på slik at eg gløymde, og så slokna eg igjen, seier han.

Var ein feil

NRKs bokseekspert har stor forståing for at Iversen sleit i tida etter at han hadde fått beskjed.

– Det er viktig å ha hovudet på rett plass i ein idrett som boksing, og at ein klarer å styre tankane sine rett. Får ein ein slik beskjed eit par dagar før kamp vil eg tru det forstyrrar ganske mykje, seier Øfsti.

Anders Werner Øfsti

NRKs BOKSEEKSPERT: Anders Werner Øfsti.

Foto: NRK

Han fortset:

– Det krev mange ferdigheiter. Styrke, uthald, hurtigheit og balanse, men likevel er det overraskande mykje som blir avgjort i hovudet og psyken.

Blitt sterkare

Nå er ting bra for boksaren. Han har både lært og blitt sterkare etter hendinga.

– Eg har blitt flinkare på å ta testane god tid før eg skal gå kampen for å seie det slik. Gjerne to månader før, og ta alt av testar.

Han legg til:

– Alt ein går gjennom i livet er ein test. Slik ser eg på det. Eg kom sterkare ut av testen. Eg «backa» ikkje ut, som mange kanskje ville gjort. Så eg vil seie det berre har gjort med sterkare, seier han.

Boksaren har stortrivest med førebuingane til storkampen laurdag.

– Det er den beste kjensla i verda. Om du kunne kjent det eg kjenner, hadde du smilt sånn som meg frå øyre til øyre. Det er så mykje herlegare nå. Opptrening har vore bra, alt har vore bra, eg har ikkje hatt nokon skadar. Det er meint at eg skal vinne den kvelden. Hundre prosent, seier Iversen.

Slik møtte han kjæresten 00:27

Publisert 03.10.2025, kl. 18.09

Read Entire Article