– Det var ekstremt vondt å fortelje det til familien, ikkje minst til barna mine.
Wenche Hæren var 39 år da ho fekk vite at ho hadde tarmkreft. Heime hadde ho mann og to born, ein på fem år og ein på 17.
Pluseleg blei livet snudd på hovudet.
– Det var utruleg vondt å ikkje få noko håp. Eg fekk vite at eg hadde to til tre år igjen.
Ho fortel at alt blei mørkt.
– Du sluttar litt å leve.
Frå at ho trudde ho berre hadde ubetydelege problem med mage og tarm, slutta ho å jobbe og fekk uføretrygd i løpet av kort tid.
Ho byrja å planleggja si eiga gravferd.
– Det var beintøft. Samstundes såg eg rundt meg at livet berre gjekk vidare mens eg følte at det blei sett på pause.
Ho var sterk og frisk til dette skjedde og tanken på tarmkreft hadde aldri slått henne.
– Har du nokon idé om kvifor det ramma deg?
– Ein sit veldig og tenker på det. Kva har eg gjort? Var det fordi eg vog for mykje? Var det fordi eg røykte før? Ein blir sittande med ei veldig vond skuldkjensle.
Kreftforma Wenche fekk er ikkje arveleg og ingen veit kvifor stadig fleire blir ramma.
– Dei seier eg har vore uheldig.
Noreg på verdstoppen
Talet på tarmkrefttilfelle har auka kraftig dei siste 30 åra. Samstundes er det også fleire yngre som får tarmkreft.
Auken av tarmkreft hos personar under 50 i Noreg er den tredje høgaste i verda. Det bekymrar forskarane.
Berre Australia og USA har høgare førekomst av tarmkreft blant yngre enn Noreg.
– Vi ligg merkeleg nok langt føre nabolanda våre på denne lista, seier Sebastian Meltzer, kreftlege og forskar ved Akershus universitetssjukehus, Ahus.
Han synest utviklinga er urovekkande.
– Ikkje nok med at førekomsten aukar hos dei unge, men dei har også meir avansert stadium av tarmkreft når sjukdommen blir diagnostisert, og dermed verre prognose enn dei eldre.
Meltzer fortel at auken ikkje kjem av arveleg kreft, men sporadiske tilfelle.
– Dette er sjølv om dei unge elles er i framifrå allmenntilstand, sjeldan har andre sjukdommar, og toler intensiv kreftbehandling betre enn dei eldre.
Frå alvorleg sjuk til tung jobb
I dag er Wenche Hæren 42 år gammal. Det er tre og eit halvt år sida ho fekk diagnosen og ho kan sjå tilbake på tøffe behandlingar med cellegift, stråling og operasjon.
Ho fekk påvist spreiing som dei først meinte dei ikkje kunne behandle. Etter eit forsøk med cellegift kombinert med immunterapi, er ho erklært kreftfri og igjen i jobb. Og det er ikkje kva jobb som helst.
– Korleis trivst du?
– Dette er kjempegøy. Eg får lov til å jobbe fysisk, så eg kjenner at kroppen er mykje betre. Eg har kanskje utfordringar som ikkje dei andre har, men saman med gutane her så går det kjempebra.
Ho fortel at kreftsjukdomen har endra henne.
– Eg gidd ikkje å bry meg så veldig om små filleting. Det å få lov til å ha den grå kvardagen, som mange ser på det som, er for meg ein magisk kvardag.
Kjemikaliar eller mikroplast er ein teori
Forskarane forstår ikkje kvifor Noreg skil seg ut.
– Vi veit ikkje kva som er årsaka, men vi trur det kan ha noko med miljøet å gjere. Både det vi et og det vi gjer. Vi sit mykje stille og vi et ting som kan innehalde avfallsstoff, kjemikaliar eller mikroplast. Det kan gjere at vi får ein auka førekomst, spesielt i Noreg, seier Meltzer.
Han meiner dette er ei stor utfordring.
– For 20 år sidan såg vi kanskje mellom ti og 15 unge med tarmkreft i løpet av eit år på Ahus. No ser vi gjerne 50.
I 2023 var det 4912 nye tilfelle av tjukk- og endetarmskreft i Noreg. Det plasserer tjukk- og endetarmskreft på andre plass, etter prostatakreft, og over lunge og brystkreft. Av desse nesten 5000 tilfella var 334 personar under 50 år
Mens talet på tilfelle at tjukktarmskreft har gått ned eller stabilisert seg i dei fleste høginntektsland, har den auka kraftig hos vaksne under 50 år i Noreg. Det viser ein studie gjort av forskarar frå blant anna Oslo universitetssjukehus, Kreftregistereret og Folkehelseinstituttet (FHI).
Studien har tatt for seg 107 523 tilfelle av tarmkreft mellom 1993 og 2022. Førekomsten av tarmkreft for gruppa 20–49 år auka med 66 prosent i denne perioden.
Data for Noreg blei nyleg publiserte i eit europeisk tidsskrift for kreftlegar, på fagspråket kalla onkologar, ESMO Gastrointensital oncology
Eit nytt senter for unge tarmkreftpasientar
På Ahus blir om lag ti prosent av pasientane med tarmkreft i Noreg behandla årleg. Dei har dermed det største senteret for behandling av tarmkreft her i landet.
For å handtere bølga av pasientar under 50 som får tarmkreft, opprettar Ahus eit «Ung Tarmkreftsenter». Der samarbeider dei med Dana-Farber Cancer Institute i Boston om å samle inn informasjon og forske på denne pasientgruppa. Forskarar ved Folkehelseinstituttet, Kreftregisteret og Universitetet i Oslo er også involvert i prosjektet.
For Wenche er det framleis vanskeleg å tru at ho er kreftfri.
– Det tek tid å forstå, men håp er gratis.
Ho er opptatt av at det framleis er tabu knytt til mage- og tarmsjukdommar og ønsker meir openheit.
– Eg har bestemt meg for å vere open om det. Dersom det kan hjelpe andre, så tenker eg at det er verd det. Eg håpar at færrast mogleg hamnar i min situasjon.
Publisert 24.12.2024, kl. 15.16