Favoriserer sporty jobbsøkarar: – Overraskande

20 hours ago 4


Har du vore på jobbintervju for ei stilling som advokat, revisor eller innan finans? Var idrett og sportsprestasjonar tema på intervjuet?

Joakim Sævik på skirenn.

Sævik dreiv aktivt med langrenn, og deltok blant anna på Hovedlandsrennet.

Foto: Privat

– Ja, det beit eg meg merke i ganske tidleg, seier jusstudent Joakim Sævik.

Han satsa lenge på langrenn og konkurrerte i toppen på juniornivå, før han la skia på hylla.

Det har fanga interessa til fleire advokatfirma, kor han har vore på jobbintervju.

– Når eg trekk fram det, så flyt samtalen gjerne av garde, og dei gløymer kanskje dei spørsmåla dei eigentleg har stilt, fordi dei blir så engasjerte, og kan relatere seg til det eg har å seie, fortel Sævik.

en mann som står på en gate

Joakim Selnes Sævik går andre året på jusstudiet ved Universitetet i Bergen.

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

– Overraskande

Og han er ikkje aleine. NRK har vore i kontakt med fleire jobbsøkarar som kjenner seg igjen i dette.

Ein fersk studie har doktorgradsstipendiat Lisa Sølvberg ved Universitetet i Bergen følgt ti tilsetjingsprosessar, kor ho har sett 200 kandidatar bli vurderte og observert over 60 jobbintervju.

I tillegg har ho gjort 50 intervju med arbeidsgjevarane sjølve.

Funnet er følgande:

  • Advokat-, revisjon- og finansbransjen favoriserer kandidatar som har halde på med idrett på høgt nivå.
  • Sport var tema i over 80 prosent av jobbintervjua i desse bransjane.

– Dette er overraskande. Desse arbeidsgjevarane ønska seg kandidatar som dreiv med idrett på høgt nivå, seier Sølvberg, som peiker på at idrettane det oftast var snakk om var uthaldenheitsidrett som langrenn eller springing.

en person som står på en gate

Doktorgradsstipendiat Lisa Sølvberg har skrive studien saman med Lauren Rivera ved Northwestern University.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Mange av arbeidsgjevarane brukte sport som eit sentralt kriterium når dei valte ut kven som skulle vidare til intervju, forklarer forskaren.

– I starten av eit jobbintervju har du ofte den smalltalken der ein blir kjent, og då var sport ein sentral ting ein snakka om dei første minutta av intervjuet, seier Sølvberg.

Endra fokus

Arbeidsgjevarane Sølvberg intervjua sa at dei ofte visste kven dei ville tilsette i løpet av dei første fem minutta i jobbintervjuet.

Sølvberg hadde ingen tanke om at idrett skulle bli fokuset i hennar forskingsprosjekt.

– Men då eg starta å følgje tilsettingsprosessane, så var det ein så tydeleg tematikk at det kjendest naudsynt å skrive om det.

Meiner det hever statusen

– Kva var årsaka, slik du oppfatta det, til at dei ville snakke om idrett?

– Mange sa at dei såg på personar som dreiv med idrett som meir uthaldande, hardtarbeidande, ambisiøse og hadde høgare konkurranseinstinkt. Dei passa også betre inn sosialt i firmaa, var det fleire som la vekt på, seier Sølvberg.

en stor gruppe mennesker som løper

Folk gjer seg klare for si etappe i Holmenkollstafetten. Bildet er frå nokre år tilbake sidan.

Foto: Audun Braastad / NTB

Ifølgje Sølvberg var det å tilsetje idrettsutøvarar med på å heve statusen til denne typen firma, blant anna for å toppe laget til konkurransar som Holmenkollstafetten og Birkebeinerrennet.

Ueinig

NRK har snakka med fleire arbeidsgjevarar innanfor desse bransjane.

– Dette overraskar meg ikkje. Det er ein del av dei eigenskapane ein person som har drive med idrett har, som vi som selskap er interesserte i.

Det seier HR-sjef i EY Noreg, Line Finstad, når ho høyrer om studien.

Men det at folk som har drive med idrett på høgt nivå blir favoriserte, er ikkje Finstad heilt samd i. Ho seier det er det same om du brenn for å til dømes spele piano.

Finstad forklarer at EY vel ut kandidatar til jobbintervju basert på objektive kriterium, og at dei som rekrutterer trener på å ikkje gå i ulike intervjufeller:

– Det kan typisk vere ei slutning som heiter: vedkommande er god i sport, ergo er du ein god konsulent, seier Finstad.

Line Finstad i kvit genser.

– Fokuset på «well-being» ligg der ja. Men vi har berre eitt lag med 15 personar blant våre 2400 tilsette som er på elitenivå i Holmenkollstafetten. Vi stiller også med 600 medarbeidarar som spring fordi dei berre har lyst å gjere noko sosialt, seier Finstad.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

– Om de står mellom to kandidatar som stiller likt, men den eine har konkurrert aktivt i langrenn. Kva gjer de då?

– Då tenker eg det handlar om kven som er best eigna til å løyse dei konkrete arbeidsoppgåvene.

– Ekstremt viktig

Bjarte Ulvestad er partnar i revisjonsdelen i konkurrenten KPMG.

– Den umiddelbare reaksjonen min er at det er ei litt skremmande utvikling, seier Ulvestad, etter å ha høyrt om studien.

Han har tilsett mange i sine år i KPMG, men seier han aldri har brukt idrett som eit seleksjonskriterium.

– Eg har vanskeleg for å sjå føre meg at er eit ein-til-ein-forhold mellom det å ha vore ein flink toppidrettsutøvar og det å vere ein flink konsulent og revisor.

Han sit sjølv i rullestol, og ønskjer debatten velkommen.

– Dersom det ligg nokre haldningar blant arbeidsgjevarar, så er det ekstremt viktig å identifisere desse hindringane, for å sikre eit mangfaldig arbeidsliv, seier Ulvestad.

– Bør vite kva ein vil

Forskar Sølvberg opplevde at det var svært få av arbeidsgjevarane ho snakka med som problematiserte idrettsfokuset.

– Det høyrest kanskje uskyldig ut, og eg trur fleire av arbeidsgjevarane til og med synst det var rettferdig å evaluere jobbsøkarar på bakgrunn av deira sportslege merittar. Men det tenker eg at det ikkje er, seier Sølvberg.

– Men det er vel naturleg å stille folk spørsmål om kva dei gjer på fritida? Og at idrett på den måten kjem opp, er vel ikkje så rart?

Om ein arbeidsgjevar stiller eit slikt spørsmål, så bør dei vite kva dei vil med det, tenker eg.

Lisa Maria Breistein Sølvberg

Sølvberg fortel at ein i Storbritannia har gått meir og meir vekk frå å bruke sport som kriterium i tilsetjingsprosessar, fordi ein har sett at det har ekskludert visse grupper.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Denne praksisen ekskluderer folk frå lågare klassebakgrunnar – som i langt mindre grad er involvert i organisert idrett – folk med funksjonsnedsetjingar og til dels kvinner, meiner forskaren.

– Eg håper dette kan føre til at færre arbeidsgjevarar brukar sport som ein måte å evaluere arbeidstakarar på, seier Sølvberg.

– Svært uheldig

Jusstudent Sævik legg ikkje skjul på at fleire av eigenskapane han tek med seg frå idretten er relevante i arbeidslivet.

– For eigen del så kjem dette meg til gode. Men det er svært uheldig om andre svært kompetente jusstudentar blir selektert vekk fordi dei ikkje har den same erfaringa, seier Sævik.

en mann som står foran en butikk

– Det er bra med auka fokus på dette for å skape meir mangfald i arbeidslivet, seier Sævik.

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Publisert 13.03.2025, kl. 09.00

Read Entire Article