– Om vi hadde gjort jobben vår, så hadde ikkje dette vore nokon debatt, seier han.
Det er 15 år sidan sjukefråveret i landet var like høgt som det er nå.
Frå april til juni i fjor var sjukefråveret i Noreg på 7,1 prosent. 6 prosent var sjukefråver gitt av legar. Legar som nettopp Trym Viktor Jang Bjørn-Hansen.
27-åringen har jobba som fastlege i Ulsteinvik i eit halvt år, og meiner det er på tide å snakke om elefanten i rommet - rettare sagt elefanten i sjukefråversdebatten.
– Det er vi som i stor grad står ansvarleg for det høge sjukefråveret i Noreg, da det faktisk er vi som skriv sjukmeldingane.
– «Går ikkje ut av rommet før eg har fått sjukmelding»
– Mengda lite tenlege sjukmeldingar er altfor høg. Vi sjukmelder pasientar som ikkje skulle vore sjukmelde.
Og han peikar på fleire årsaker til kvifor han meiner det er sånn:
– Ein har lyst til å vere på godfot med pasienten. Ein har lyst til å ha ein grei arbeidskvardag, og ikkje sitte og krangle på kontoret. Det er også veldig tidkrevjande.
Bjørn-Hansen seier at pasientane kan komme «ferdig sjukmeldt» til fastlegane. Med det meiner han at dei allereie har gjort seg opp ei meining om at dei skal bli sjukmelde.
– Sjukmelding har blitt allemannseige. Det er nokon som har opplevd at ein pasient seier: «Eg går ikkje ut av rommet før eg har fått ei sjukmelding». Men vi må tore å gjere jobben vår, og gjere den skikkeleg.
Han trur også mange fastlegar ikkje har tid til lange diskusjonar med pasientane.
– Om du er privat næringsdrivande, som rundt 80 prosent av fastlegane i Noreg er, så er du avhengig av å ha ei ganske stor gjennomstrøyming av pasientar for å ha ei inntekt, seier han og legg til:
– Om du bruker mykje tid kvar dag på å diskutere sjukmeldingar, så et det av tida du kunne brukt med andre pasientar. Da trur eg det er lettare å berre seie ja og skrive sjukmelding.
Les kva Allmennlegeforeningen seier litt lenger nede i artikkelen.
- Fastlegane som hentar ut mest pengar frå staten, sjukmelder mest. Les saka her.
– Da gjer vi dei sjukare
Han meiner fastlegar fråskriv seg ansvaret ved å «berre gi ei sjukmelding».
Som eksempel viser han til at av dei langtidsmelde sjukefråvera, er ein tredel lettare psykiske lidingar - som for eksempel angst og depresjon.
– Det er ein del av behandlinga at dei skal vere i arbeid og ha faste rutinar. Men ofte vil dei ikkje på jobb, og det gir jo meining fordi ein har angst. Da er det jobben vår å legge til rette for at dei skal klare å komme seg tilbake i arbeid. Om vi langtidssjukmelder så gjer vi dei sjukare, og det er det ein i alle fall ikkje skal gjere som lege.
Han meiner at mange har gløymt at ei sjukmelding er ei behandlingsform.
– Ingen syndebukk
Nils Kristian Klev, leier ved Allmennlegeforeningen, stadfestar at det kan vere lettare for legar å gi ei sjukmelding, enn å ikkje gjere det.
Han seier dei har kurs for legar i sjukmeldingsarbeid nettopp for å unngå at «alle» blir sjukmelde 100 prosent.
– Og så får vi tilbakemeldingar frå fleire at det kan vere vanskeleg, seier han.
Klev meiner likevel at dei aller fleste legane er opptatte av å finne fram til den beste løysinga for kvar enkelt pasient, og så langt som mogleg sørge for at dei i alle fall kan jobbe litt.
Når det gjeld økonomien til fastlegane seier han at ein også kan få ekstra betalt dersom ein konsultasjon tar over tjue minutt.
– Det stemmer derfor ikkje heilt at det ikkje er insentiv for å bruke tid.
Meiner du det er for lett å få sjukmelding?
Stolar på fastlegane
Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) seier partane saman jobbar for å få sjukefråveret ned, både i ulike utval og i dialog med ulike bransjar, men seier det er eit komplisert arbeid.
Den siste veka i januar har ho invitert NHO og LO til nye samtalar om sjukelønnsordninga.
Om det fastlegen i Ulsteinvik seier er tilfellet, meiner Brenna det er problematisk. Men:
– Eg har ingen grunn til å tru noko anna enn at fastlegane gjer så godt dei kan. At dei behandlar alle møte med alle pasientar med respekt, og skriv ut det dei meiner er rett for kvar enkelt pasient.
Likevel seier ho at fastlegane gjerne kan bruke gradert sjukmelding meir, altså at ein kan jobbe noko og samtidig vere sjukmeld.
– Jobben til fastlegane er også å forvalte dei felles ressursane våre, som jo sjukepengeordninga er. Derfor er eg opptatt av at vi skal stole på fastlegane og deira faglege skjønn og vurderingar, og da må vi også gi dei ryggdekning dei gongene dei seier at sjukmelding ikkje er rett.
Fastlege Bjørn-Hansen meiner at Noreg hadde hatt eit heilt «normalt» sjukefråver som andre land i Europa, dersom fastlegar var meir kritiske til å gi ut sjukmeldingar.
– Eg meiner oppriktig at om vi fastlegar hadde gjort jobben vår, og sjukmeldt dei som skal sjukmeldast, og ikkje sjukmeldt dei som ikkje skal sjukmeldast, så hadde vi aldri vore her i dag, seier han og legg til:
– Da hadde vi ikkje diskutert om vi skulle ha karensdagar eller redusert sjukelønn, og vi hadde i alle fall ikkje diskutert om sjukefråveret er for høgt eller for lågt, for det hadde jo vore rett.
Vi har spurt folk på Moa kjøpesenter kva dei trur er årsaka til det høge sjukefråværet i landet:
–Det er nok vanskeleg å seie. Men eg veit det er mange som ikkje gidd å gå på jobb, fordi det er enklare å få pengar frå Nav, seier Inge Andersen.
– Meiner du da det er lett å få sjukmelding?
– Ja, eg kjenner på det. Vi er ein gjeng som brukar å samlast, og då er det jo mange som spring rundt her som kanskje burde vore på jobb. Så det trur eg.
–Eg tenker kanskje det er fordi vi har det så godt. Det har nok ein del med den psykiske helsa å gjere, seier Anna Giske.
– Det kan vere mange faktorar som speler inn. Forhold på arbeidsplassen for eksempel. Dei fleste er nok sjuke fordi dei er sjuke, men det har nok litt med mentalitet og moral å gjere, i mange tilfelle, seier Arne Nowak.
– Trur du det er lett å få sjukmelding då?
– Det kan verke slik av og til. Kanskje er det litt lettvint.
– Eg vil tru det er fordi det går mykje forkjøling og slikt til ei kvar tid. Og ein del skulking, då, seier Noah Storeide.
Publisert 22.01.2025, kl. 11.25