Talet på flyktningar er sjokkerande høgt.
Nesten 13 millionar menneske har blitt drivne frå heimane sine etter at borgarkrigen i Sudan braut ut for to år sidan.
Sudanske Faris Your (20) er ein av dei. Søstrene Zahor og Dalia er nokon andre.
No kan heimlandet deira bli delt for alltid.
Zahor fletter søstera Dalia sitt hår mens dei sit i flyktningleiren Rabang i Nuba-fjella i Sudan.
Foto: GUY PETERSON / AFP / NTBEit vendepunkt?
Sudans hær overraska da dei i løpet av kort tid tok kontroll over presidentpalasset i hovudstaden Khartoum.
Dei var raske med å sende ut bilete av jublande soldatar som hadde teke kontroll over landets presidentpalass.
Bileta og videoane er effektiv propaganda.
Soldatar frå Sudans hær feirar utanfor presidentpalasset i hovudstaden Khartoum.
Foto: Skjermbilde / Bilde fra XMen berre timar etterpå sende Rapid Support Forces (RSF) dronar inn mot palasset. Ifølge RSF blei «over 89» regjeringssoldatar drepne.
Kampane om Khartoum har vart lenge, og er nok ikkje over ennå.
Det meste tyder likevel på at Sudans hær strammar grepet om landets maktsentrum.
Dette treng du å vite om krigen i Sudan
- Kven kjempar mot kvarandre?
Det har vore borgarkrig i Sudan sidan 2023. Der kjempar først og fremst to styrkar mot kvarandre:
- Den sudanske hæren, kjend som SAF
- Rapid Support Forces, kjend som RSF
Dei to styrkane jobba saman i fleire år. Men dei rauk uklar med kvarandre i 2023 på grunn av press om å slå seg saman. Sidan har dei kriga mot kvarandre for å få kontroll over Sudan.
- Kva kjempar dei om?
Både regjeringshæren og RSF kontrollerer store ressursar som dei ikkje er villige til å gje opp, blant anna gull.
RSF kontrollerer store delar av Vest-Sudan, blant anna Darfur-regionen. SAF kontrollerer mykje i aust, inkludert mesteparten av hovudstaden Khartoum.
- Kva konsekvensar har krigen fått?
Konflikten blir kalla «verdas største svoltkatastrofe», 24 millionar menneske lid av svolt i landet, ifølgje Leger uten grenser.
Truleg er kring 150.000 menneske er drepne.
Konflikten er komplisert og har røter tilbake til borgarkrigen som herja frå 1983 til 2005.
Både Sudans hær og RSF vil framstille seg som «folkets representant». Men det krigen eigentleg handlar om er tilgang på makt, territorium og pengar.
RSF blir rett nok heva fram som den mest brutale parten i krigen, med angrep og drap på sivile. Men også hæren står bak slike dødelege angrep.
Midt oppi denne inhumane krigen går det føre seg ein propagandakamp for å fronte seg sjølv som ein legitim makthavar.
Men til sjuande og sist har ingen av partane vist tydelege teikn til å ville eine eit splitta sudansk folk.
Menn frå Sudan sit i ein flyktningleir i Sør-Sudan i 2024. Sør-Sudan blei selvstendige frå Sudan i 2011.
Foto: LUIS TATO / AFP / NTBHæren: Ingen fred med det første
Hærens overtaking av presidentpalasset og maktsentrum av Sudan skjer etter veker med framgang. Frå før av har dei hatt full kontroll av nordlege delar av Sudan.
Kampane i Sudans mektigaste nabolag kan i ettertid stå igjen som starten på ein ny fase i konflikten.
For det å tru at dette er starten på noko som ender med fred, blir dessverre for naivt.
Kanskje kan gjenerobringa av Khartoum føre til færre kampar inne i millionbyen, som igjen vil føre til at færre menneskeliv går tapt.
Det er i så fall veldig positivt.
Men konflikten handlar om langt meir enn berre kontroll over Khartoum.
Den handlar om kontroll over Sudan, eit enormt land, der hæren er veldig langt unna å ha full kontroll.
– Hæren skal fortsette framgangen på alle frontar, heilt til me har sigra for godt, og vår fiende og deira støttespelarar er utrydda frå kvar tomme av landet.
Det sa talsperson for hæren, Nabil Abdallah, kort tid etter at dei tok kontroll over presidentpalasset.
Meldinga er tydeleg: Det blir ingen fred med det første.
Fleire reknar derimot hærens mål om full kontroll over Sudan som ganske usannsynleg.
For RSF kontrollerer stadig store deler av vestlege og sørlege Sudan.
Dermed er landet i praksis på veg mot ei varig deling, der partane kontrollerer kvar sin store del av landet.
Myet Lul er nesten blind. No vil han kanskje aldri få sjå heimlandet att.
Foto: MICHELE SPATARI / AFP / NTBFor Sudans millionar av fordrivne, betyr det meir vald, drap og valdtekter. Meir liding.
For sudanske Myet Lul betyr det at han kanskje aldri får reist tilbake til heimlandet.
No bur han i ein flyktningleir i Etiopia. Myet er nesten blind og i flyktningleiren får han ikkje hjelpen han treng.
Deling ikkje oppskrift på fred
Om ein ser på Sudan si historie, så har landet allereie blitt splitta ei gong utan at det skapte meir fred.
I 2011 vart Sør-Sudan eit uavhengig land – eit punktum på krigen mellom nord og sør.
Men i ettertid oppstod det nye interne konfliktar i Sør-Sudan – som i dag er ein stat som knapt fungerer.
Elizabeth måtte flykte frå Sør-Sudan. Sidan har ho budd i Kongo. Nå kan Sudan bli delt på nytt.
Foto: JOHN WESSELS / AFP / NTBAt det vil bli interne konfliktar i eit Sudan som blir ytterlegare splitta opp, er ganske sikkert.
Allereie i dag er det mange motsetnader fleire stadar i landet.
Darfur, ein region RSF ønsker å kontrollere i framtida, har i mange tiår vore hardt ramma av etniske kampar.
Mange sivile har vore direkte mål for angrep. Fleire har snakka om etnisk reinsing, og USA har brukt ordet «folkemord» om det som skjer.
Difor er det på ingen måte godt nytt for folk i Darfur at Sudan er i ferd med å bli delt i to.
Ein flyktningleir for sudanske flyktningar i Etiopia.
Foto: MICHELE SPATARI / AFP / NTBEit gamalt håp om demokrati
Sudan gjekk gjennom ein revolusjon i 2018.
Det som starta med gateprotestar, enda med at diktatoren Omar al-Bashir vart tvungen til å gå av.
Eit håp om demokrati vart tent.
Fleire protestar førte til revolusjon i Sudan i 2018. Men håpet om demokrati vart ikkje oppfylt.
Foto: OZAN KOSE / AFP / NTBMen håpet vart raskt sløkt. Sidan har Sudan opplevd fleire militære kupp og aukande interne konfliktar.
Då NRK besøkte grensa mellom Sudan og Tsjad, møtte me mange av dei som har flykta frå krigen.
Dei fortalde historier om drap, nedbrenning av landsbyar og valdtekter.
Flyktningleiren Zamzam i Darfur ble hardt angrepen av RSF i februar.
Video er hentet fra X.To «regjeringar»
For krigen i Sudan har alltid handla aller mest om makt og pengar.
Militæret krigar, og Sudans folk vert drepne, valdtekne og førte på flukt.
Likevel forsøker begge dei krigande partane i Sudan å framstille seg som representantar for folket.
For om dei skal vinne krigen må dei vinne legitimitet, både i sitt eiga land, men også utanfor.
Det heile har ført til at begge partar har utnemnt si eiga regjering. Det er altså militære organisasjonar som lagar sin politiske fløy.
Men ingen av «regjeringane» er valde eller anerkjente av folk i Sudan.
FNs Tryggingsråd har åtvara om at RSF si etablering av ei eiga regjering kan forverre ein allereie kritisk situasjon.
Den afrikanske union har fordømd etableringa.
Dei meiner at dette kan føre til ei total oppdeling av landet.
Folk i Sudan ventar dermed framleis på demokratiet dei vart lova for sju år sidan.
Publisert 22.03.2025, kl. 14.32