– Fansen i Tyrkia er varme og ekstremt inkluderande, seier Eggesbø og smiler.
Ho er fødd i Dubai med norske foreldre, oppvaksen på Røa i Oslo, utan å kunne eit ord tyrkisk.
Men no har hennar versjon av den tyrkiske hitlåten «Beni Vur» frå 1995 har hittil fått over 300.000 strøymingar på Spotify.
Ho har tidlegare også opplevd at mange tyrkiske fans likar musikken hennar.
Kjend gjennom TV
– Det er eit veldig melodiøst språk, seier ho om tyrkisk.
Ho og bandet har også vore på turné i det store landet i aust. Då under artistnamnet Resa Saffa Park.
– Mottakinga har vore heilt nydeleg, seier ho.
For dei fleste av oss er Theresa Frostad Eggesbø førebels mest kjend som skodespelar.
Ikkje minst frå rolla «Skam 3» som blei sendt på TV i 2016. Der spelte ho rolla som Even sin kjæraste, Sonja.
Gjennom Netflix-serien «Ragnarok» fekk ho eit enda større publikum gjennom rolla som Saxa Jutul i den fiktive Vestlandsbyen Edda.
Kjend låt
Men nett no er det musikken som står fremst for 26-åringen.
– Det er ganske vanleg å satse typisk på England, Noreg eller USA, men for min del har det tatt ei heilomvending, og så har det ført meg til Tyrkia.
Sidan mange kjenner musikken hennar frå før, var ho invitert til å spele på eit stort senter i Istanbul.
I samband med dette var det liveopptak før konserten. Rett før ho stod den kjende tyrkiske artisten Deniz Tekin på scena.
Dette inspirerte Eggesbø til å spele «Beni Vur» live framfor eit entusiastisk tyrkisk publikum.
– Eg hadde fått den låten på hjernen med desse tyrkiske orda som eg då ikkje visste kva betydde.
Men det er fyrst og fremst hennar originalmusikk som går rett heim hos den tyrkiske fansen.
– Der er det folk som forstår meg, og det er ei veldig spesiell, fin kjensle.
– Ho treffer ein nerve
At ho har gjort suksess som artist under namnet Resa Saffa Park har også blitt lagt merke til blant ekspertar på tyrkisk musikk.
– Tyrkiske lyttarar er svoltne på ny musikk. Og musikken hennar har også treft ein nerve hos tyrkiske lyttarar.
Det seier Eda Solmaz, musikkjournalist i nettstaden Aposto.
Ho samanliknar henne med Lana Del Rey og Tamino og legg til at drøymepop og melankolsk musikk er stort i Tyrkia.
– Ho har ein strålande karriere i vente i Tyrkia, meiner Solmaz.
Eda Solmaz
Tyrkisk musikkjournalist.
– Ikkje uvanleg
Resa Saffa Park er langt frå aleine om å bli stor i utlandet før ein eventuell karriere i Noreg.
– Peder Elias er stor i Sør-Korea, men ikkje så stor i Noreg. Så har vi Girl in Red, Kygo og Alan Walker som alle hadde suksess i utlandet før her heime.
Det seier Helene Dolva Broch i Music Norway.
Ho kan ikkje trekkje fram så mange ulemper med å bli stor utanfor Noreg først, men der er ein ...
– Det kan jo vere frustrerande å ikkje bli anerkjend i ditt eiga land ... Men det er mest positivt. Ein når fleire folk, har fleire stadar å spele.
Helene Dolva Broch
Seniorrådgiver for internasjonalisering og eksport i Music Norway.
Kjende seg einsam
Eggesbø legg ikkje skjul på at ho har kjend seg litt einsam i den norske musikkbransjen.
– Eg trudde ikkje det var noko plass til musikken min, men eg visste at det var det, berre ikkje kvar.
Ho set stor pris på den melankolien og lengsla ho finn i den tyrkiske musikken.
– Eg har funne folka mine. Kanskje eg var tyrkar i mitt førre liv, eller noko anna. Det kan godt vere, seier artisten.
PS: Resa Seffa Park er ikkje aleine om å ha eit stort tyrkisk publikum. Det same gjeld den norske duoen Kings of Convenience.
Publisert 15.01.2025, kl. 21.08