Fann samanheng mellom lengda på navlestrengen, ADHD og epilepsi

2 hours ago 3


Navlestrengen er livlina mellom mor og barn i ni månader.

Rett etter fødselen blir han klipt.

Mens barnet møter mora sin for første gong, blir navlestrengen målt.

Den er ofte mellom 50 og 60 centimeter lang og to centimeter tjukk. Nokon kan bli godt over ein meter lange.

Jordmor Hege Jørgensen måler navlestreng

Ei jordmor ved Ringerike sjukehus måler navlestrengen til eit nyfødd barn.

Foto: Tina Brock / NRK

Akkurat desse målingane kan kanskje gi antydningar om koss det går seinare i livet, ifølge ny forsking frå Universitetet i Bergen.

Kopla lengde med diagnose

Det begynte eigentleg med ei nysgjerrigheit, seier professor Cathrine Ebbing. Ho og kollegaene står bak studien som er publisert i tidsskriftet Plos One.

Forskarane såg på barn som blei fødde mellom 1999 til 2013, og som blei følgt opp fram til 2020. Informasjonen om lengda på navlestrengen fekk dei frå fødselsregisteret.

Deretter såg dei på dei barna som hadde ekstra kort eller lang navlestreng. Det vil seie livliner kortare enn 35 centimeter og lengre enn 70 centimeter.

Så blei desse tala kopla opp mot om barna fekk ein diagnose seinare i livet.

Diagnosane dei såg etter hos barna var ADHD, autisme, epilepsi, utviklingshemming, nedsett syn, høyrsel eller cerebral parese.

Ebbing og kollegaene fann nokre klare samanhengar, sjølv om desse ikkje forklarer årsaka til tilstandane.

Rørsler påverkar navlestrengen

Det vi har funne ut er at nevroutviklingsforstyrringar og snorlengde har ein samanheng, og det er faktisk allereie er synleg i fosterlivet, seier Ebbing og fortset:

– Viss navlesnora var kort, var det ein tendens til at personen litt oftare hadde ei utviklingshemming eller epilepsi. Vi fann også at personen litt oftare hadde nedsett høyrsel, seier Ebbing.

Kva med dei som hadde ekstra lange navlestrenger?

Der var det litt auka tendens til at personen fekk diagnosen ADHD seinare i livet, og litt auka førekomst av autisme i enkelte grupper. Vi så at både dei med ekstremt lang og kort snor hadde risiko for cerebral parese.

Portrett av professor Cathrine Ebbing

Cathrine Ebbing fødselslege ved Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Haukeland universitetssykehus

Trur ikkje strengen styrer

Ebbing seier at ei mogleg forklaring på kvifor det er sånn er at folk med ADHD kanskje rører meir på seg, allereie inne i mors mage. Og mykje rørsle kan gi lengre navlestreng, mens lite rørsler kan gi kortare streng.

Ho understrekar at bakgrunnen for ulike nevro­­utviklings­forstyrringar som ADHD er ekstremt komplekse.

– Vi tenker oss at hjernen styrer den fysiske aktiviteten til fosteret, og fysisk aktivitet påverkar lengda på navlesnora. Derfor er snorlengda eit målbart teikn som kan peike i ei retning.

– Ikkje noko ein går og tenker på

Trond Melbye Michelsen er overlege ved fødeavdelinga på Oslo universitetssjukehus og professor ved Universitetet i Oslo. Han synest studien frå Bergen er tankevekkande.

– Det er kanskje ikkje noko ein går og tenker på: Betyr det noko kor lang navlestrengen er?

Han meiner studien er robust, og seier norske forskarar har ein fordel fordi vi har data om så å seie alle norske fødslar gjennom fødselsregisteret.

– Her kan Noreg gi eit bidrag til den internasjonale forskinga og forståinga av svangerskapet og barnets utvikling.

En mann med legefrakk og skjegg står i en gang.

Professor Trond Melbye Michelsen har tidlegare fått pris for forskinga si på morkaka.

Foto: Oslo universitetssykehus

Ingen grunn til bekymring

Kvinner ikkje treng å vere bekymra for at dei gjer noko «feil» under svangerskapet. Dei aller fleste med lang eller kort navlestreng er friske og har normal utvikling, fortel Ebbing.

– Sjølv om risikoen er auka med 30 prosent betyr ikkje det at risikoen er høg. For utgangsrisikoen er så låg. Dessutan er dette talet som gjeld heile populasjonen. Mange forhold påverkar utviklinga til barnet. Mykje kan ein ikkje gjere noko med, for eksempel navlesnorlengda.

Michelsen frå Universitetet i Oslo trur heller ikkje ein kan bruke lengda på navlestrengen, som i mange år har blitt målt ved norske sjukehus, til å føreseie om eit barn kan få ulike diagnosar.

– Ein kunne jo tenkt seg at da kan ein skilje ut dei barna som har veldig lang eller kort navlesnor og passe ekstra på dei, eller gjere noko for å endre forløpet. Det er ikkje sikkert det er sånn.

Samanheng, ikkje årsak

Det at forskarane har funne denne samanhengen betyr ikkje at kort eller lang navlestreng er grunnen til at nokon har for eksempel ADHD.

– Dette gir innsikt i human utviklingsbiologi, som eg synest er interessant. Så veit vi også at ekstrem snorlengde er knytt til risiko, både på kort og litt lengre sikt. Dette er ei brikke i det bildet, avsluttar Ebbing.

Publisert 04.05.2025, kl. 09.50

Read Entire Article