Fann igjen forsvunne Jon Fosse-manus

3 hours ago 4


Nasjonalbiblioteket tok over kasser frå nobelprisvinnarens liv. Han sjølv er overraska over kva dei fann der.

 Gorm K. Gaare/NasjonalbiblioteketATTFUNNE: Denne teksten trudde Jon Fosse var forsvunne. Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket
Oppdatert onsdag 3. september kl. 17:40

Myra, barndomsheimen til ein av Noregs største forfattarar, skal bli til museum.

Derfor har nasjonalbiblioteket tatt over ni kassar med arkivmateriale etter at Jon Fosse og familien rydda ut av heimen.

 Mattis Sandblad / VGJon Fosse i Stockholm då han fekk utdelt Nobels litteraturpris. Foto: Mattis Sandblad / VG

– Sensasjonelt, skriv Nasjonalbiblioteket sjølve om overtakinga.

I dei ni kassene har nasjonalbiblioteket funne tidlege manuskriptversjonar, ei rekke skisser og teikningar frå forfattaren.

Dei er berre i startfasen av å gjennomgå materiale, men allereie har dei funne nokre uvurderlege skattar.

Fosse: — Interessant også for meg!

Jon Fosse debuterte offisielt som forfattar i 1983 med romanen “Raudt, svart?”.

Romanen handlar om ein gut som går på gymnaset i ei bygd på Vestlandet.

Då Fosse skreiv denne romanen var han sjølv 23 år gammal og student i Bergen.

– Eg var heilt sikker på at manuset til “Raudt, svart?”var forsvunne, seier Jon Fosse.

Det var heilt fram til at nasjonalbiblioteket fann det som truleg er nokre av dei første utkasta til debutromanen. Dei maskinskrivne manusa har mange kommentarar og rettingar

Her kan du sjå Nasjonalbiblioteket gå gjennom kassene:

– Det kan verka som om det er fyrstemanuset, som i så fall faktisk er interessant også for meg! Eg meiner jo at romanen vart dårlegare og dårlegare di meir eg strauk, seier Jon Fosse.

Den første romanen til Fosse skil seg vesentleg frå dei seinare utgivingane hans, både i stil og språk.

Dette har ofte blitt forklart med at den debuterande forfattaren retta seg etter sterke tilbakemeldingar frå forlaget, skriv Nasjonalbiblioteket sjølve.

 Gorm K. Gaare/NasjonalbiblioteketFoto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket

– I si tid planla Samlaget å gje ut den opphavlege versjonen av Raudt, svart, men eg fann ikkje att noko manus. Eg har sjølv meint at den fyrste versjonen var den klart beste, seier Fosse.

Og no er manuset attfunne.

– Aldri hadde venta

I kassene fann dei også blokker der Fosse hadde teikna sjølvportrett og andre skisser tilbake på 80-talet.

– Dette er materiale som vi aldri hadde venta å få inn i arkivet. Teikningane og dei visuelle spora frå dei tidlege åra til Fosse opnar heilt nye perspektiv på kunstnarromanane hans og på korleis litteratur og biletkunst er fletta saman i forfattarskapen, Hege Stensrud Høsøien, direktør for fag og forsking ved Nasjonalbiblioteket.

 Gorm K. Gaare/NasjonalbiblioteketFoto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket

Desse ni kassene blir ein del av Fosse-arkivet ved Nasjonalbiblioteket.

– At dette materialet no kjem til Nasjonalbiblioteket, gjer at det ikkje berre blir teke vare på, men òg blir tilgjengeleg for forskarar, studentar og lesarar i framtida, seier Høsøien.

Les også: Jon Fosse får nobelprisen i litteratur: – Visste det kunne kome

Read Entire Article