Fann 80 år gamalt eksamenssvar: – Den største dagen i mitt liv, det er då freden kom

3 days ago 15


Under renovering av Aspøy skule i Ålesund vart det tilfeldigvis oppdaga eit gamalt arkiv, som eigentleg skulle ha blitt kasta.

Her fann ein mellom anna fleire eksamensoppgåver frå sommaren 1945.

Der hadde 13 og 14 år gamle elevar fått i oppgåve å skildre den største dagen i deira liv. Naturleg nok var det mange som skreiv om frigjeringsdagen, 8. mai.

– Den største dagen i mitt liv, det er då freden kom. Eg hoppa og dansa, les Ellinor Nedregotten frå oppgåva ho skreiv for 80 år sidan.

Forsiden av en eksamen fra 1945 tilhørende Ellinor Nedregotten
 "Tyskerne har kapitulert".

"Tyskerne har kapitulert", "Vi gråt av glede" er noe av det Ellinor Nedregotten skrev i 1945.

Mia Sofie Ytreberg / NRK

Så les ho høgt korleis ho har beskrive dei elleville scenene når freden var eit faktum.

«Folk som stod ute i gatene skreik, og ropte fred, fred!»

Den no 93 år gamle Ellinor må felle ei tåre. Ho blir kjensleladd når ho les om korleis ho opplevde denne tida.

Sjå video av reaksjonen hennar nedst i saka.

Unikt å finne oppgåve som barn har skrive

Rådgivar i Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal, Vibeke Solbakken Lunheim, seier det er veldig spesielt at dei finn dokument i arkivet som er skrivne av barn.

– Dette er ganske unikt for oss som held på med offentleg arkiv, seier ho.

Ein person held opp ein stil frå 1945. Arkivererer Vibeke Solbakk Lunheim står midt mellom to lange og høye rader proppfulle av mapper og esker. Hun tar ut n av boksene fra hylla i venstre rad.

Vibeke Solbakk Lunheim ved interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal.

Mia Sofie Ytreberg / NRK

Dei har funne 82 stilar, der veldig mange av dei handlar om kvar elevane var då dei fekk beskjed om at det var fred.

Ungdomane skriv også om tyske soldatar som tok ned flagg, nazistar som prøvde å flykte og alle lysa som vart tent i husa.

Vi har også historier om at dei endeleg kunne legge seg utan å frykte at det skulle gå ein flyalarm. At det var trygt å gå og legge seg på natta.

No skal dei digitalisere alle eksamensoppgåvene, og gjere dei tilgjengeleg for alle.

Gamle eksamensoppgaver fra Aspøy-skolen

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Arkivverket har fleire skuleoppgåver

Men Arkivverket har allereie nokre skulestilar som skildrar fredsdagane og som er digitalt tilgjengelege, fortel Øyvind Ødegaard.

Etter at krigen tok slutt utlyste nemleg Det Norske Totalavholdsselskapet ein stilkonkurranse, kor dei bad avgangselevar skrive om da freden kom – eller minner frå krigen.

– Vårt inntrykk er at kanskje alle barn i det norske skoleverket skreiv stilar med eit av dei to temaa, og så blei det vurdert kven av dei stilane som skulle sendast inn.

Alle stilane som blei sendt inn, har Arkivverket. Han seier det mest spesielle her er at Aspøy skule har tatt vare på også dei stilane som ikkje blei sendt inn i konkurransen.

Ein stil frå 1945.

Slik ser framsida på oppgåva til Ellinor ut. Klarer du å tyde kva for karakter ho fekk?

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Ødegaard fortel at dei har lite i arkivet som går direkte på barns tankar og følelsane dei har kjent på.

– Dei kjem ikkje til orde i arkiva. Sånn sett er dei få skulestilane vi har bevart heilt unike. Og dei stilane som er lokalisert i Ålesund no, inngår som ganske unike tidsbilete.

Helt foran i bildet ser du toppen av eksamensbesvarelsen til Ellinor Nedregotten frå 1945. Over den ser man toppen av hovudet til Ellinor og blikket retta mot arkene.

«Det var hardt. Vi var vant til fridom. Vi hadde grøne marker, lekeplasser over alt. Da krigen kom blei det sperringar helt opp til gjerdet vårt.»

Ellinor Nedregotten

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

– Gjekk ut på trappa og grein

Ellinor Nedregotten hugsar sjølv godt flyalarmen, som etter krigen ikkje ville sleppe. Krigen sit framleis i kroppen, 80 år etter.

– Høyrer eg ein lyd eg ikkje kjenner får eg panikk, seier ho.

Og det er særleg ei hending som har limt seg fast.

Mens ho sit i sofaen på stua peiker ho mot fjorden, og seier det var fleire båtar som låg utpå der.

Der var det ein stor båt som blei bomba. Dei hyla og skrika eg høyrde, dei slepp meg ikkje.

Ho var berre 13 år då freden kom til Noreg, men hugsar framleis dagen godt. Kyrkjeklokkene ringde i to og ein halv time, fortel ho.

– Då gjekk eg ut på trappa, og grein. Så kom naboane ut, så sto vi og grein saman.

– Eg har aldri hatt trua på meg sjølv, seier Ellinor Nedregotten med tårar i auga.

Publisert 08.05.2025, kl. 05.40

Read Entire Article