Fann 26 avmagra hundar i Nordfjord – no er eigarane dømde

4 hours ago 4


Dei to eigarane nekta straffskuld, men blei dømde i Sogn Fjordane tingrett.

Ein mann må sone 13 månader i fengsel, medan ei kvinne må bak lås og slå i 11 månader. I tillegg får begge forbod mot å eige eller ha ansvar for dyr inntil vidare.

Avliva 13 hundar

Saka blei rulla opp ein junidag i fjor.

Mattilsynet og politiet reiste ut til paret, som eigde 26 huskyar. Fem av dei var kvelpar.

Synet som møtte dei, enda med at paret blei tiltalt for brot på dyrevelferdslova.

ein avmagra hund

«Vinter» blei under ein inspeksjon i 2017 vurdert til å vere svært tynn, fortel aktor. Hundeeigarane fekk nye sjansar og betra også dyrehaldet, men i fjor sommar stod det på ny dårleg til.

Foto: Politiet

Aktor meinte hundane ikkje hadde fått nok mat, vatn, tilsyn og stell.

Ifølge tiltalen var hundane tynne og feilernærte. Dei hadde heller ikkje fått forsvarleg helsehjelp.

Eigarane blei også tiltalte for å la dyra stå fastbunde i eitt eller fleire døgn. Vitne forklarte i retten at dei berre fekk springe fritt eit par gonger i månaden.

Fleire av hundehusa var heller ikkje i god nok stand.

Mattilsynet avvikla hundehaldet ei veke etter tilsynet i juni.

Til saman 13 hundar måtte avlivast. Resten blei omplasserte.

– Alvorleg sak

Forsvararen til dei to, Saqib Razaq, seier han ikkje har fått lese heile dommen enno eller snakka med klientane sine. Difor er det ukjent om saka blir anka.

I retten sa dei tiltalte at dyra fekk nok mat og stell, men at det i kortare periodar kunne vere forbetringspotensial.

Dei fortalde i retten om personlege utfordringar, men i dommen blir det slege fast at dette ikkje tek frå dei ansvar for dyrehaldet.

At fem kvelpar også var involvert, var skjerpande.

Aktor Inger Helene Stenevik seier det er ei svært alvorleg sak.

Ho bad om nokre månader lengre fengselsstraff for begge to, men er likevel nøgd med utfallet.

Fleire tilsyn hos eigarane

Heilt tilbake i 2015 har mannen vore i søkjelyset til Mattilsynet.

Ifølge Stenevik i dyrepolitiet har mannen budd ulike stader i landet, og fått ei rekkje bekymringsmeldingar på seg.

I 2018 blei dyrehaldet delvis avvikla, og mannen fekk ein «siste sjanse» til å rette opp i det, fortel Stenevik.

Saman med partnaren har dei i periodar greidd å få hundehaldet meir på stell, og har difor fått behalde dyra, forklarar aktor.

Under ein inspeksjon i fjor vår, var hundane «generelt under middels hald», ifølge tiltalen.

ein mager hund som sit på bakken

Mattilsynet fekk ei rekkje bekymringsmeldingar om dyrehaldet i Sogn og Fjordane. Likevel var det først i fjor sommar at hundehaldet blei avvikla for godt.

Foto: Politiet

Halvanna månad seinare avdekte eit nytt tilsyn at størstedelen av dyra var magre.

Spikaren i kista for dyrehaldet blei til slutt sett i juni i fjor.

Då var dyrehaldet så dårleg at halvparten av flokken måtte avlivast.

I retten vitna ei kvinne som jobba med hundane nokre månader.

Ho forklarte at fleire av dei var svært tynne og at det i periodar ikkje var fôr tilgjengeleg.

Kennelklubb: – Må ha fleire tilsyn

Norsk Kennel Klub seier slike typar saker dukkar opp tre-fire gonger årleg.

Dei meiner Mattilsynet må ha fleire tilsyn.

Av dei 13.000 bekymringsmeldingane tilsynet fekk inn i fjor, blei 8000 vurderte til å vere seriøse.

Likevel blei knapt 1300 av desse følgt opp.

Vi synest det er urovekkande. No er det på tide at politikarane tek dette på alvor og gir Mattilsynet pengane dei treng for å ha nok tilsyn, seier kommunikasjonsrådgjevar Anne Livø Buvik i kennelklubben.

Større hundegardar ligg ofte meir avsidesliggande til. Det kan difor vere vanskelegare å avdekke dårleg dyrehald.

Men om ein reagerer på lukt og mykje lydar og støy, dårleg inngjerding og bygg i dårleg stand, så kan det vere verdt å melde frå, seier ho.

Buvik legg til at alle hundeeigarar har ifølge hundelova ansvar for å skaffe seg kompetanse om hunden sin og kva behov den har.

Publisert 12.05.2025, kl. 17.23

Read Entire Article