Zendaya er tilbake på skjermen som Rue i tredje sesong av Sam Levinson sin prisvinnande TV-serie «Euphoria».
Dei tidlegare sesongane har følgt ei gruppe tenåringar som opplever opp- og nedturar prega av kjærleik, rus og seksualitet.
Serien blei raskt eit kulturelt fenomen som sjokkerte, engasjerte og provoserte.
Utdrag frå trailer i sesong ein
Den nye sesongen finn stad fem år seinare, og karakterane må no finne sin plass som vaksne i ei utfordrande verd.
At karakterane er vaksne gjer serien annleis enn dei to første sesongane, men det er ikkje berre det som er endra.
Fleire meiner no at serien sitt musikalske uttrykk er heilt borte.
Zendaya som Rue i første og siste sesong av serien.
Foto: HBO Max– Faen ta «Euphoria»
Musikken i dei tidlegare sesongane har fått mykje merksemd.
Den britiske artisten Labrinth, Timothy Lee McKenzie, vann ein Emmy for «All of Us» saman med Zendaya.
No er det den verdskjente filmmusikk-komponisten Hans Zimmer som tar over det musikalske roret.
– I «Euphoria» er kvar karakter sin historie på ein måte som sin eigen film, seier regissør Levinson om valet av komponist.
I siste sesongen ønska regissøren musikk som guidar sjåaren gjennom historia til karakterane, framfor reine innslag av songar.
Musikken til Labrinth har kjenneteikna sesong ein og to av serien, som no får musikk av Hans Zimmer.
Foto: Jack Plunkett / Invision,NTBLabrinth har komme med krasse utsegner på sosiale medium mot regissøren.
– Eg er ferdig med denne industrien. Faen ta Columbia. Dobbelt faen ta «Euphoria». Eg er ferdig. Takk og god natt, skreiv artisten i ein historie på Instagram.
På spørsmål om kva som har skjedd, er regissøren ordknapp og hevdar at han «veit ikkje», skriv tidsskriftet Rolling Stone.
Artisten hevdar at regissøren er uærleg om brotet mellom dei.
– Eg slutta fordi, sanninga er, når eg jobbar for nokon, er deira visjon det aller viktigaste for meg, men eg lar ikkje folk behandle meg som drit, svarte artisten etter Levinson sin kommentar.
Skodespelaren Zendaya vann ein Emmy saman med Labrinth for songen «All of Us». Her som Rue i sesong to.
Foto: HBO Max– Sjølve lyden av «Euphoria»
Filmmeldar Ida Madsen Hestman meiner at den store endringa i musikken vil ta serien i ei ny retning.
– Eg blei sjokkert når eg fann ut at Labrinth ikkje lenger er med i sesong tre. Det synest eg blir heilt feil, seier ho.
– Musikken hans har vore sjølve lyden av «Euphoria», legg ho til.
Filmmeldar Ida Madsen Hestman blir mindre engasjert av det nye lydbiletet i TV-serien.
Foto: Helle Westrum / NRKHo meiner at fråværet av Labrinth sin musikk fjernar ein viktig del av universet.
– Mange gløymer kor mykje musikk og lyddesign betyr i seriar og filmar, seier ho.
– Estetikken har spegla mykje av karakterane sitt indre og det livet dei har levd.
Utdrag frå trailer i sesong tre
Serien har klart å spegle att karakterane sitt syn på verda ved bruk av visuelle verkemiddel og lydbiletet – ein viktig del av opplevinga, ifølge filmmeldaren.
Ho trur regissøren ønsker å vise ei tydeleg endring i karakterane sine liv ved å endre musikken og gi serien eit meir filmatisk uttrykk.
Les kva filmpolitiet meiner om den nye sesongen her:
– Skyhøge forventningar
Men ikkje alle ser mørkt på regissøren sitt val av musikk.
– Det er spennande om han strekker dette mot noko anna og utforskar noko nytt, seier Truls Foss, programsjef for kinoen Vega Scene i Oslo.
Også Foss peikar på at karakterane sin identitet blir spegla i musikken. Han er klar for å møte endringane med nysgjerrigheit.
– Musikk er svært viktig for å fortelje historia til karakterane og sette dei i ein kontekst, seier han.
– Eg har skyhøge forventningar, legg han til.
Foss er nysgjerrig på den nye musikken i serien.
Foto: Helle Westrum / NRKPublisert 14.04.2026, kl. 11.26













English (US)