Retting: I ein tidlegare versjon stod det at mannen blei etterforska for tre nye tilfelle av medverknad til sjølvmord. Det rette er tre tilfelle av oppfordring til sjølvmord.
Den norske mannen i 50-åra som er mistenkt for drap i Sverige, etter politiet meiner han hjelpte ei kvinne med å ta livet sitt, blir no etterforska for tre tilfelle av oppfordring til sjølvmord i Sverige. Det melder den svenske avisa Ttela.
I fjor blei mannen dømt til åtte års fengsel i Noreg for medverknad til sjølvmord. Han har anka dommen.
I tenåra blei mannen dømt for å ha drepe ei sju år gammal jente.