– Etter kvart skjønte vi at dei aller yngste var dei mest sårbare

16 hours ago 1


I dag er det like mange år sidan Sharidyn Svebakk-Bøhn, også kjent som Sissi, blei drepen, som det ho fekk leve.

Ho var den yngste som blei drepen 22. juli 2011, berre 14 år gamal.

– Eg har vakse opp i ein familie i sorg. Det livet Sissi skulle ha levd saman med oss, det mista vi.

Det seier Sharidyn si veslesøster Savannah Svebakk-Bøhn.

Ein barndom prega av sorg

Sjølv var Savannah Svebakk-Bøhn berre sju år når terrorangrepa skjedde.

– Sissi hadde akkurat fylt 14 år. Ho feira bursdagen sin 17. juli.

– Eg hugsar korleis det var å feire bursdagen hennar dagane i forkant, og når vi sa ha det til ho på togstasjonen, fortel Svebakk-Bøhn.

Då terroren inntrefte var Savannah saman med veslesøstera og besteforeldra sine.

Ho minnast at nyheitene om terroren stod på i bakgrunnen, medan bestefaren fekk beskjeden om at Sharidyn var sakna og truleg drepen.

– For meg som var sju år, skjønte eg ikkje kva død var. Dei måtte forklare fleire gonger til meg at Sissi er død og det betyr at ho ikkje kjem tilbake.

– Eg, familien min og veslesøstera mi må alltid vere dei som snakkar om Sissi sitt minne, legg ho til.

en haug med blomster

Etter terroren blei plassen utanfor Oslo Domkirke fylt med blomar og flagg.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

Sjokket i Oslo

Meldingane om skyting på Utøya nådde raskt Jens Stoltenberg, som i 2011 var Noregs statsminister og leiar for Arbeidarpartiet.

– Vi frykta at det neste angrepet kanskje skulle komme mot statsministerbustaden. Men så var det ikkje der, det var mot Utøya, fortel Stoltenberg.

– Etter kvart skjønte vi at dei aller yngste også var dei mest sårbare. Det forsterka det brutale i det som skjedde på Utøya og sjokket vi sat med i Oslo.

En mann i dress med kort grått hår og briller ser i kamera

Jens Stoltenberg var statsminister då terrorangrepa råka landet.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

Ifølge Stoltenberg ber han med seg 22. juli kvar einaste dag.

For han er det «sorga og smerta folk framleis opplever» og menneskeliva som gjekk tapt som heng mest igjen.

en mann i dress og slips

Tidlegare statsminister Jens Stoltenberg besøkte regjeringskvartalet kort tid etter terrorangrepet i 2011.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

– Det er noko veldig vondt, men også noko fint om korleis vi samlast i dette landet og markerer at vi trur på verdiane om fellesskap og openheit.

– Eg opplever at mange har blitt meir bevisst på kor viktig det er å stå opp for eit mangfaldig og opent samfunn.

Terroren og dagane etter terroren oppsummert med dei viktigaste bileta frå juli 2011.

Svømte for livet

Gaute Børstad Skjervø hugsar 22. juli 2011 godt.

I dag er han leiar for AUF, men for 14 år sidan svømte han med livet som innsats frå terrorangrepet på Utøya.

En ung mann i dress og kort hår ser i kamera

Gaute Børstad Skjervø var på Utøya under terrorangrepet.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

– Eg var ein av dei heldige som kom seg unna, og kanskje med ein stor porsjon flaks for min eigen del, seier Skjervø.

– Det er ein dag som har forma mitt liv, og som framleis formar den eg er i dag, legg han til.

Bekymra for utviklinga i samfunnet

Fleire ungdomspolitikarar opplever framleis netthets og truslar knytt til 22. juli.

Hetsen kjem ofte til uttrykk gjennom ekstreme kommentarar på sosiale medium.

AUF-leiaren er bekymra over utviklinga i samfunnet.

Terroren og dagane etter terroren oppsummert med dei viktigaste bileta frå juli 2011.

– Etter 22. juli blei det sagt at vi skulle møte hat med kjærleik og demokrati. Men eg vil nok seie at dei siste 14 åra har dessverre ein del av gjerningsmannen sine idear vunne fram, seier Skjervø.

– Eg er bekymra over at både rasisme og muslimhat, men også tonen vi har mot kvarandre i samfunnsdebatten har blitt mykje skarpare.

en gruppe mennesker som står utenfor en bygning

Slik såg regjeringskvartalet ut like etter terrorangrepet i 2011.

Foto: Thomas Winje Øijord / NTB

Skjervø meiner at tendensane han ser i samfunnet har store konsekvensar for unge som ønsker å engasjere seg politisk.

– Det er ein trasig realitet at folk og unge menneske blir drapstrua for å vere politisk engasjert i 2025.

Engasjert i politikken

Ei som ikkje har vore redd for å gå inn i politikken er Savannah Svebakk-Bøhn.

I dag sit ho i kommunestyret i Drammen for Arbeidarpartiet.

– Mora mi har alltid vore politisk engasjert. Ho har alltid vore uredd. Det fekk meg til å ville fortsette, fortel Svebakk-Bøhn.

en haug med blomster

Etter terroren blei plassen utanfor Oslo Domkirke fylt med blomar og flagg.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

Stoltenberg er takksam for Savannah sitt engasjement.

– Det viser at gjerningsmannen ikkje lykkast. Han ønska å angripe demokratiet og engasjert ungdom.

Savannah er eit døme på at det motsette har skjedd.

Publisert 22.07.2025, kl. 09.48

Read Entire Article