Totalt er 27 stats- og regjeringssjefar frå EU-landa samla i København.
Det uformelle toppmøtet blir leia av Det europeiske rådet sin president António Costa, og går føre seg på Christiansborg.
Tryggleik, forsvar og vidare støtte til Ukraina står øvst på dagsordenen, ifølgje invitasjonen frå EU.
I tillegg blir den aukande dronetrusselen og den eskalerande hybridkrigen sentrale tema under møtet.
Mette Frederiksen møtte pressa før toppmøtet starta på Christiansborg.
Foto: Thomas Traasdahl / Reuters / NTB– Når eg ser på Europa i dag, tenker eg at vi står i den mest krevjande og farlege situasjonen sidan slutten av andre verdskrig – det er ikkje den kalde krigen lenger.
Det sa Danmark sin statsminister Mette Frederiksen til pressa før det uformelle toppmøtet byrja onsdag føremiddag
Pressekonferansen som skulle byrje 18:00 har blitt utsett til 20:30.
Auka uro for hybridkrig
På veg inn til toppmøtet peikte EU sin utanrikssjef, Kaja Kallas, på at hybridkrigen no er i ferd med å trappast opp.
– Mønsteret er tydeleg. Hybridkrigen eskalerer, sa Kallas.
– Som Nato-sjefen sa, handlar det ikkje berre om angrep, men om statssponsa terror. Vi må svare tydeleg, la ho til.
Kaja Kallas saman med Danmark sin statsminister Mette Frederiksen.
Foto: Piroschka Van De Wouw / Reuters / NTBPå spørsmål om Russland står bak, svarte ho:
– Det er opp til medlemslanda å leggje fram bevis. Så viss Danmark ikkje har sagt det, vil ikkje eg seie det heller.
Blant deltakarane er Frankrikes president Emmanuel Macron, Ungarns statsminister Viktor Orbán og Tysklands forbundskanslar Friedrich Merz.
Danmark styrker luftforsvaret
Dei siste vekene har luftrommet over Danmark fleire gongar blitt stengt på grunn av dronar, og fleire flyplassar har måtta stenge.
På ein pressekonferanse i førre veke slo tryggingsleiinga fast at Danmark må styrkje luftforsvaret.
PET-sjef Finn Borch peika på at utviklinga går raskt, og at landet ikkje har nok utstyr.
– Vi må kjøpe meir utstyr, og det krev store investeringar for oss alle, sa han.
Frå venstre: sjef for Politiet si Etterretningsteneste Finn Borch Andersen, forsvarssjef Michael Hyldgaard og sjef for Forsvaret si Etterretningsteneste Thomas Ahrenkiel under ei pressekonferanse om droneaktivitet i Danmark 25. september.
Foto: Emil Nicolai Helms / Reuters / NTBForsvarsminister Troels Lund Poulsen kunngjorde i september at Danmark skal bruke over 90 milliardar kroner på nye system.
Ifølge DR Nyheder vurderer forsvaret no det israelske Barak MX-systemet, som er utvikla for å verne mot mellom anna dronar.
Følg utviklinga i Danmark her:
Interessert i meir utanriks? Lytt til redaksjonen sin podkast:
Publisert 01.10.2025, kl. 17.43 Oppdatert 01.10.2025, kl. 18.49