– Eg sat plutseleg med veldig lite pengar, så då måtte eg skaffe litt ekstra for å betale rekningar. Utan inntekt får eg ikkje lån i banken og vert rekna som ikkje kredittverdig, seier «Erik».
Han vil ikkje stille opp med namn og bilete, men NRK kjenner identiteten til mannen.
Høgare matvareprisar og auka renter påverkar lommeboka til folk og skaper økonomiske utfordringar for mange. Den totale prisveksten i samfunnet er på 3,6 prosent det siste året.
«Erik» lever for tida på arbeidsavklaringspengar frå Nav, og det er ofte ikkje nok til å dekkje utgiftene hans. Derfor blei han medlem av ei lukka Facebook-gruppe med over tusen medlemmar, der ein kan be om lån mot rente.
«Erik» fortel at fullt namn, bilde, adresse, utbetaling eller skjermbilete frå Nav, samt låneslipp, er dokumentasjonen du må dele med personen du ønskjer å låne frå.
Foto: Skjermbilete– Hadde ikkje noko anna val
Også åleinemora «Anna» (28) har benytta seg av ukjende på Facebook for å få økonomien til å gå rundt. Då ho fekk ei uventa rekning, spurte ho om å låne pengar i den lukka Facebook-gruppa.
– Eg hadde tre dagar til lønn og ingen pengar på konto, seier «Anna».
Ho fekk eit lån på 1200 kroner av ein ukjend person mot at ho betalte tilbake 1800 kroner. Ho synest ikkje det var så lurt, men seier ho ikkje hadde noko val.
– Ingen skam å ha dårleg råd
Den eine Facebook-gruppa har over tre tusen medlemmar.
Forbrukarøkonom Derya Incedursun meiner dette viser at mange er i ein desperat økonomisk situasjon der dei føler dei ikkje har noko anna val.
– Nokre har tilpassa seg, men mange norske hushaldningar slit framleis økonomisk, seier ho.
Incedursun sitt råd er at før ein tyr til lån gjennom Facebook-grupper, bør kontakte Nav for økonomisk rådgiving.
– Dersom økonomien din gjer at du ikkje kan få hjelp der, bør du ta kontakt med banken for å få økonomiske råd, forklarar Incedursun.
Forbrukarøkonom Derya Incedursun peikar på at sjølv om nokre har funne måtar å handtere den økonomiske situasjonen på, er det framleis mange som strevar.
Foto: NordeaHo oppfordrar folk til å vurdere andre alternativ om det verkeleg er krise, og seier at det er ingen skam å ha dårleg råd.
– Viss du har ein god familie eller gode vener rundt deg, rår eg deg til å vere open om økonomien din. Du vil bli overraska over kor mange som ønsker å hjelpe og stille opp for deg, seier Derya Incedursun.
Ho åtvarar dessutan folk mot å dele informasjon som bankopplysningar, fullt namn og adresse, kortnummer og liknande på Facebook på det sterkaste.
Kunne du ha lånt pengar av ukjende på Facebook?
Frykta å bli hengt ut på Facebook
«Erik» fortel at denne måten å låne pengar på ikkje er heilt uproblematisk. Éin gong klarte han ikkje å betale tilbake lånet til avtalt tid. Då blei han mistenkt for å vere ein svindlar.
– Denne personen ville ha pengane tilbake, men eg måtte be om ei utsetjing i nokre dagar. Då begynte han å true med å henge meg ut på Facebook.
«Anna» seier ho ikkje har opplevd dette sjølv, men at ho har fått inntrykk av at andre har det.
– Eg er alltid forsiktig med å betale tilbake den dagen eg har sagt eg skal.
«Erik» meiner at å låne pengar via lukka Facebook-grupper bør vere ein siste utveg.
Foto: Jan Arne Austad / Echo Media ASPublisert 27.03.2025, kl. 05.16