Er det først og fremst fargerike krokus du tenkjer på, når du høyrer ordet vårblomstrar? Eller er du klar for å oppleve andre vårteikn som ikkje gjer like mykje av seg, men som likevel kan få det til å krible litt i ei vintermatt sjel? (Foto: Tor Kristian, CC BY-NC-SA 2.0.)
Er du klar for å oppdage to litt uvanlege vårteikn, som krev litt meir merksemd enn dei vanlege hageplantene? Bli med i hasselskogen og hels på to smålåtne blomstrar, nemleg hårfrytle og gullstjerne.
Endeleg er våren her! Etter lange mørke vintermånader merker alt som lever at no går det mot varmare og lysare tider. Rundt Oslofjorden finn dei blåveis under bøketre, medan kystfolket i vest melder om kusymre i skogkanten.
Her i indre fjordstrøk sit våren som vanleg litt lenger inne, men har du auga med deg på tur i skogen, kan du finne tydlege bod om at naturen er i fullt firsprang.
Dersom du vender nasen ned mot skogbotnen i ei alminneleg vestlandsk hassel-li, kan du få ei naturoppleving som krev det engelskmennene kallar «aquired taste». Du må nemleg vite kva du skal sjå etter, og skjerpe sansane for å ta inn blomstrane til hårfrytle og gullstjerne.

Det er ikkje mykja anna som minner om vår når hårfrytlen strekker stengelen sin mot sola og rettar ut dei korte blomsterskafta sine. Ja, for dei har faktisk blomstrar, desse meir anonyme plantene og – dei er berre litt meir anonyme enn det vi elles tenkjer på. Foto: Inger Auestad og illustrasjon: Hege Gjerde Sviggum
Hårfrytlen – vårskogens anonyme Bob MarleyP
Den vesle hårfrytlen blomstrar tidleg, tidleg, i solvarme og tørre bakkar. Namnet har den fordi dei jamnsmale blada, som dannar slappe rosettar, har lange, mjuke lyse hår. Det er ekstra lett å sjå desse håra i kanten av bladet.
... i løpet av mai månad sveller dei opp og då antar hårfrytlen ein slags rasta-stil, med mange kapslar på hengande blomsterskaft
Hårfrytle er nærmare i familie med siv enn med gras. Ser du nøye etter, finn du små, mørke og blanke kapslar samla i ein laus kvast i toppen. Det er i desse kapslane at frøa etter kvart utviklar seg – i løpet av mai månad sveller dei opp og då antar hårfrytlen ein slags rasta-stil, med mange kapslar på hengande blomsterskaft . I kvar kapsel utviklar det seg tre – aldri meir enn tre – frø. Kvart frø har ein liten kvit og fettrik «hale» som maur og andre insekt elskar.
Når kapslane er modne, heng dei rett over bakken, og mauren kan plukke frøa med seg til tua, der dei tygg i seg fettklumpen (eller elaiosomet, som ekspertane kallar likar å kalle «halen») før dei sparkar frøet ut av tua. Då er mauren mett, og hårfrytlefrøet er frakta passeleg langt frå morplanta – ein real vinn-vinn-situasjon!

Gullstjerna på fotografiet til venstre har ikkje slått ut blomstrane heilt enno, men dei gulgrøne blomstrane er vakre når dei opnar seg. Det ser ein tydeleg på illustrasjonen til høgre. Foto: Inger Auestad og illustrasjon: Hege Gjerde Sviggum
Gyldne augeblikk i vårskogen
I litt fuktigare drag i hasselskogen kan du finne gullstjerne. Dette er ein liten liljeplante – i familie med vårfavorittar i hagen som tulipan og rutelilje, men gjerne berre 10-15 cm høg. Blada er glatte og grasgrøne, og dei stjerneforma blomstrane tel akkurat seks gulgrøne blad.
Ein lauk, enten han sit på ei gullstjerne, ein tulipan eller ein kvitlauk, er eigentleg ein kort, brei stengel med mange breie blad festa lag på lag. Det kan du sjølv sjå neste gong du hakkar lauk til fredagstacoen!
Har du lurt på korleis slike tidlege planter kan greie å vekse så fort om våren, og trylle fram dei mest imponerande blomstrar i løpet av nokre kalde, korte vårveker? Hemmelegheita ligg i lauken. Ein lauk, enten han sit på ei gullstjerne, ein tulipan eller ein kvitlauk, er eigentleg ein kort, brei stengel med mange breie blad festa lag på lag. Det kan du sjølv sjå neste gong du hakkar lauk til fredagstacoen!
Når januarstormane uler, ligg lauken trygt nede i jorda og venter på betre tider, men så fort tela slepp taket i jorda, skyt han blader og strekker sine vakre blomstrar mot sola. På denne tida av året treng ikkje laukplantene bekymre seg for å bli skugga ut av større planter – dei er omtrent aleine om å ta plassen på bakken.

Syns du illustrasjonane var fine? Du finn dei i boka Planter i Norge - ville vekster i vår nære natur, som eg ga ut i fjor på Kagge forlag i lag med botanisk illustratør Hege Gjerde Sviggum.
Innan andre planter har starta å produsere blad og stenglar, er gjerne laukplantene ferdige med heile bløminga, og kan konsentrere seg om å lage frø. (Hagetulipanar og påskeliljer har blitt avla fram for å blomstre, men ikkje for a sette frø, så slikt finn vi sjeldan hos hageplantene).
Resten av vekstsesongen brukar laukplantene på å «lade opp att» lauken sin, eller produsere små sidelaukar. Det gjer dei ved å strekke blada sine opp og gjere dei lange og grøne, slik at dei kan fange solenergi gjennom fotosyntesen.
Her i nord er regelen at laukplantene blomstrar om våren, etter at dei har ligge skjerma mot vinterkulda i mange månader. I sørlegare strøk, derimot, er det den tørre og varme sommaren laukplantene må skjerme seg mot. Rundt Middelhavet blomstrar derfor laukplanter som tulipan, scilla og liljer gjennom vinteren, før dei går i dvale utpå våren.